Har man eigentleg reel brukarmedvirkning?

1. august 2016

Eg sit i natta og fundere

Heilt einsam er eg no

Dei små og store er på veg i senga

Eg ventar på ein ledig do

 

Det er så «lett» å vere mamma her heime

Berre å gje ein kjapp beskjed

Ikkje sikkert nokon lyttar til orda

Men ingen andre blandar seg i alle fall med det

blogg 24 mai 2

 

Det er mitt «problem» som mamma

Å få 5 gutar i talet til å forstå

At her er det mamma som råder

Men ho lyttar også til kva du ynskjer og nå

 

Ho lyttar til behov og til ynskjer

Nokre drep ho i begynningas brus

Men som oftast møte ho deg på midten

Litt mitt, litt ditt, resten vårt.

 

Nokre gonger er det vanskeleg å velje

Du står der rådvill og stammar så vidt

Eg veit ikkje, kanskje, det kan være

Det er vanskeleg mamma, hjelp meg litt!

 

Eg lokkar,eg lure og eg prøvar

For å få deg til å valget ta

At eg ikkje heile tida skulle bestemme

Det du måtte ynskje å ha

blogg 23 juni 1

 

For eg veit kor vanskeleg det kan vere

Å fronte sine eigne behov

For deg som brått kan miste orda

Ikkje makte slik på ståande fot!

 

Blir du brukarstyrt når du blir vaksen?

Styr av menneske som meine ditt «behov»?

Eller får du ei reel brukarmedvirkning

Der tida gjer deg rom til å meine noko

 

Gjer deg rom til at orda kan kome

Seie: «veit du , det ynskjer faktisk eg»

Ikkje- «Vi tenkjer det er best for deg guten»

Det passar nok best her hos deg!

 

Du mistar ikkje din samtykkekompetanse

Den vil fylje deg min ven

Vere di stemme i verda

Men vil den høyrast av DEG?

 

Du som sit på kontor og i bustad

Du som ordnar papirer og sånt

Du som møter oss alle i døra

«Helsetenestane»- det trenger jo han!

 

Eg trekk teppet godt omkring skuldra

Skuttar meg litt her eg sit

Det er vanskelige tankar i natta

«Eit liv- likeverd- eller slit?»

 

blogg 8 april 4

 

<3<3 Ragne Beate

 

  • Mia

    hei

    Jeg har lest og sett på noe på bloggen din.

    Mange ting av det du skriver har jeg erfaring med via min sønn som nå er 25 år. Han har noe som heter atypisk autisme. Ser normal ut og har et overutvikla språk, men har en sosial adferd som gjør at han kommer under autisme diagnosen. Denne diagnosen fikk han ikke før han gikk i 8-klasse…litt seint spør du meg. Det kunne synes om det ikke var kunnskap om at det flere former for autisme her på stedet.

    Før i tia, dvs da han gikk i barneskolen så kom dette under sosiale og emosjonelle vansker. Han fikk god oppfølging på skolen så det gikk greit, men ingen som tenkte noe mer over dette.
    Så det er viktig at kunnskapen omkring autisme og de forskjellige formene kommer mer fram i samfunnet.

    Så Keep up whit the good work.1

    Mia