«Eg saknar dykk alltid»

3. august 2016

«…Det er ikkje til å legge skjul på at dagar med fleire born med autisme er krevjande, slitsomme og tidvis vanskelege.

Er eg slem som seier det?

Er eg ufin som malar eit bilete av ein kvardag som er heilt annerleis enn mange andre sin? Men på andre måtar veldig lik andre..

blogg 27 april 2

Tankar, desse evinnelege tankane.

Vi foreldre har så mykje tankar.

Gjere vi rett? Skulle vi gjort sånn? Fortviling, frustrasjon og sorg.

Samstundes er ingen stoltare enn vi når noko lykkast.

Så får vi fri- avlastning.

Mange tenkjer at vi er heldige, « fri frå borna våre»- ikkje alle som får det altså!

Dei seier dei skjønar at vi treng det, dei seier dei forstår, men dei gjere det ikkje.

Dei skjønar ingenting!

For det er ikkje snakk om «fri»- det er snakk om ei nødvendig pause for å lade eit batteri som stadig er på kanten tom, men som på denne måten gjere at ein kan lade, om ikkje anna berre litt.

Det er eit paradoks kor mykje ein kan vente på avlastning, men i det augeblikket ein faktisk har «fri» så kjenne ein på eit  volsomt sakn.

Det vert stille- ubehageleg stille.

Ein sit handlingslamma på sofaen og kikar seg rundt- kva skal eg gjere no?

Borte er det du er vande med å passe, borte er behovet for å vere «på», tilbake sit tomhet, dårleg samvit, og somoftast ei rimeleg heftig hovudverk.

For eg saknar dykk alltid.

Eg saknar ikkje autismen, men eg saknar dykk <3

Oppi mitt hovud så veit eg at ei pause er riktig, også for dykk.

De treng begge å finne ein veg i livet der mamma ikkje er leiande, treng å oppleve andre ting som ikkje mamma er ein del av- fordi det er ein del av livet.

Det livet de skal leve ein gong åleine- utan meg.

Sjølv om dårleg samvit gneg.

Takknemleg for eit system som gir deg mogelegheit til å hente deg inn att, men samstundes vert det ei påminning

Ei påminning om livets harde realitetar, som slår over deg som ei bølje, med orda: «Vil ikkje klare seg sjølve- vil alltid trenge hjelp- vil bli ein «brukar»- dette vert kvardag.

blogg 8 april 1

Det kan sjå så enkelt ut for andre-«å ha avlasting», det kan kjennast så enkelt når det stormar som verst, som ei bøye der framme ein plass- FRI!!!

Men, når båten er komen til hamn- og bøljene er lagt flate.. så er det saknet som rår.

Fordi de er min kvardag, mitt kjæraste, mitt alt <3

Like stolt er eg av dykk, som alle andre foreldre er av sine born, berre stolt av andre ting enn det dei andre er.

Av utviklinga de har som for meg er å flytte fjell, men som for andre er totalt ubetydeleg.

Men, med meg ber eg eit behov for å verne, beskytte og veilede, som aldri tek slutt.

Behovet som alltid vil vere der, sjølv om alder seie vaksen.

Stille fortvila  kan eg vere over særinteresser som går på repeat, over adferd som ingen andre forstår,over kvardagen som krev deg med hud og hår-men alikevel veit eg:

«Det er i stormen de treng meg mest, og i stille stundar eg skjønar det best»

Eg saknar dykk- alltid <3

 

<3<3 Mamma Ragne Beate

blogg 3 april 4

 

 

 

  • Hedda

    Fantastisk flott skrevet!

  • Silje winther

    Jeg har hittil fnyst av de som har foreslått avlastning for vår sønn på 6. Bare ordet avlastning gir meg en uggen magefølelse. Men nå begynner jeg også å innse at jeg kanskje ikke blir en dårligere mor av å sende sønnen min bort til noen andre en stakket stund. Men avlastning er lik dilemma. Jeg kjenner allerede på sorgen. Jeg får vondt i hele meg, for som du, vet jeg at avlastning også betyr savn.

    • ragne

      Vi treng avlastning, men det er ikkje ei lettvindt løsning slik som mange rundt oss trur…

  • Silje winther

    Ja, vi gjør nok det. Men veien frem til man innser det kan være lang og vond. Takk for at du deler tankene dine med oss. Du er en fantastisk formidler.

  • Jorunn

    Ja, eg kjenne mer på behovet for avlastning etter som hun blir eldre, og behov som de andre barnå forlengst ville vokst fra fremdeles er der. Me e heldige, for det er mormor og morfar som avlaster så både eg og hun kjenner dem godt. Og det trengs, tid som før blei brukt te utflukter eller vask av hus blir nå gjerne brukt på ein lange lur!
    Fint du skriver om det på denne måten. Lade batteriene er ganske så viktigt for å ha ein god kvardag.