«Eg kan ikkje stå til ansvar for dine såra kjensler- har nemleg evig nok med å berge mine eigne.

4. august 2016

«Dagens tekst er ikkje av den lette sorten å skrive, fordi ein kan såre andre når ein skriv den.

Det handlar om gapet mellom «normal» og «unormal»- om å ikkje kunne delta ser det er forventa at ein skal.

Min familie har opplevd mange nei, opplevd konfirmasjonar der eg har sitte på trappa utfordi utgangsdøra og ete middag, fordi det berre har måtta bli sånn.

Eg er glad eg har ein familie som prøvar så godt dei kan å skjøne, sjølv om eg veit det ikkje er like enkelt alltid.

Dugnadar, festar, samankomstar- dessverre nei, nei nei.

Urettferdig? Lite samarbeid? Burde, skulle, alvorlig talt «kan no ikkje vere så vanskeleg å stille vel?»»

 

«Eg kan ikkje stå til ansvar for dine såra kjensler-eg har nok med å berge mine eigne.»

 

«Kjem de ikkje denne gongen heller?» med ei sår stemme og ei undertone av skuffelse.

«Vi vil så gjerne ha de der, det må no vel gå ann å få det til?»

Inni deg orkar du ikkje ta denne diskusjonen, det siste du ynskjer er å ta innover deg andre sine såra kjensler over at du har «feila», at du har takka nei, igjen.

Men det gjere du.

Du tek inn kjensla av å ha skuffa nokon, dårlig samvit for at det atter ein gong er din familie som ikkje stiller fulltallig, din familie som igjen ikkje stiller på dugnaden, og du grip i eit nano sekund i mogelegheta av at de berre skulle ha prøv kanskje?

Om ikkje anna slik at dei andre ikkje vert så skuffa.

Nanosekundet går over i realitetsorientering.                   

Du veit det ikkje går.

blogg 2 april 4

«Grenser- det må vel gå ann å stette litt grenser?

Ingen har vel nokon gong dauda av litt krav?

Kva med å setje litt hardt mot hardt no- berre gje beskjed at slik skal det vere.

Du er jo trass alt vaksen er du ikkje? Mamma- det er du som er sjef.»

Du ser tankeboblene over hovuda, flyg veggimellom med alle tankane som du veit blir tenkt, noko blir kanskje og sagt, eller.. ofte mumla.

Misnøya er til å ta å føle på.

Ja, tenk om det berre hadde handla om grenser?

Kor enkelt hadde ikkje de vore!

Er det noko autismeforeldre er god på så er det i alle fall grenser!

Derfinerte grenser i omtrent alt ein gjere, strukturering, organisering, planleggjing og ikkje lat meg gløyme motivering.

Har du nokon gong spurt ei mamma eller pappa med born med autisme kor mykje tid dei bruke på ein dag i motivering?

Prøv, eg trur du kan få deg eit ikkje så aldri så reint lite sjokk.

Men, ein kan ikkje møte angst med krav.

Ein kan ikkje møte redsel med grenser som ingen maktar å vere i.

Ein kan ikkje møte born som slit, med kravet om å yte.

Når det ein ber om er så langt uttafor det bornet maktar, slik situasjonen er no.

Og som forelder, omsorgsperson og verge så er det vår plikt å ta desse avgjersla.

Avgjersla om at nok er nok- at skjerming og ro må gå forran eit krav.

Sosiale krav.

Selskap, konfirmasjonar, barnedåpar til dømes.

Eller skulefestar, dugnadar og andre sosiale samankomstar, der ein skal vere, kose seg ,men også yte.

For familiar med autisme blir det som orda: «Å måtte yte utan evne»

blogg 18 feb 1

Det handlar ikkje om grenser.

Det handlar heller ikkje om å vere tverr.

Det handlar fyrst og fremst om å gå i ein dialog med bornet sitt eller ungdommen sin, å møte deira behov.

DEIRA BEHOV!

Ikkje verken ditt eller mitt.

blogg 20 mars 3

Du hadde vel ikkje frivillig gått med på å gå naken i eit selskap fordi nokon hadde bestemt at du skulle gjere det-hadde du vel?

Fordi det var forventa at du skulle stille.

Vi foreldre pushe borna våre dagleg, i situasjonar som andre sjeldan ser, som andre tek for gitt, og vi tek avgjersle og prioriteringar kvar dag både åleine og saman med borna våre med det mål å kome lengst mogeleg, både sosialt og funksjonsmessing.

Men, det er ein kunst å pushe rett.

Vi foreldre kan den kunsten.

I bunn og grunn så handlar det om brutte forventingar til ein familie som ikkje kan innfri den sosiale norma i samfunnet vårt.

Dine såra kjensler, ikkje mine.

Eg veit kvar skoen trykkjer- eg har den nemleg på!

Difor har eg ikkje tid til andre sine såra kjensler, eg har evig nok med mine  eigne.

blogg 2 april 3

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

  • KnutO

    Veldig godt skrevet Ragne! Jeg har slutta å bry meg om hva folk jeg og sønnen min treffer mener om sønnen min. Og det funker greit, de tar han stort sett som han er. 80årslaget til faren min på lørdag gikk veldig bra. Ja, han satt ved siden av meg og kjatra om sitt, og jeg ble sliten i hodet. Men på den annen side, det er bare to uker om sommeren, så reiser han til sitt igjen.
    Heldigvis har jeg en familie som har godtatt han fra dag 1. Og i løpet av de tre ukene så har han tre døgn på campingen til foreldrene mine, bare sammen med min gamle mor. Det går så greit, han har bestemt seg for at der skal han slappe av og sove mye 🙂
    Hverdagen din er helt annerledes, og jeg føler med deg når du må si nei til både det ene og det andre. Men du gjør det rette, ved å hele tida prioritere hva som er rett for barna dine. Fortsett sånn Ragne, heier på deg og dere 🙂

  • Signe Dukefoss

    Tusen takk for fine tanker! Jeg kjenner meg så igjen! Som mamma til et voksent barn med autisme har jeg hatt atten år med mer eller mindre velmente råd fra kjente og ukjente. Jeg har grått mine modige tårer mer enn en gang, på årsavslutninger i barnehagen og i familiesammenkomster. Heldigvis har jeg stått på mitt og gjort det som var best for OSS. I dag får jeg gode tilbakemeldinger om hvor flinke vi har vært og hvor bra det går med sønnen vår. Så, til alle som brenner etter å gi råd om barneoppdragelse; spør heller om hva dere kan gjøre for å hjelpe og tilrettelegge. Og husk at det er krevende å omgås barn med autisme, særlig i sosiale sammenhenger, så også de som inviterer må ofre og yte noe hvis de virkelig ønsker at vi skal komme. En kommer langt med lave skuldre, humor og respekt for at foreldrene vet best. Lykke til til alle unge foreldre til autistiske barn, stol på deres egne valg!