« Eg skal lære dykk vår verd så godt eg kan- eg lovar!»

8. august 2016

I desse dager er bloggen min heile 18 mnd, tida går fryktelig fort!

Nokre periodar har det vore mykje aktivitet og mykje å skrive om, andre gonger har pennen vore seig å få med seg, og tida ikkje strukke til.

Akkurat slik eit liv skal vere tenkjer eg, både med og utan autismespekterforstyrring i livet sitt.

blogg 24 mai 3

I dag skriv eg ein tekst til mine born, med eit løfte.

Eit løfte om å aldri slutte å hjelpe dei til å skjøne vår verd.

Eit løfte om å oppdra dei til sunne holdningar, og setje grenser der det trengs for å få adferd som er funksjonibel.

«Det verste ein kan gjere mot eit born med funksjonshemming er å undervurdere dei»

blogg 27 mai 2

 

«Kjære søner»

Verda der ute blir skumlare og skumlare, krava vert større og større, både i henhold til utdanning , jobbmogelegheiter og bustad, og avvika mellom det som er «normalt» og «unormalt» vert til avgrunnar.

Media rystar oss kvar einaste dag med nyhende som er så hinsides vår fatteevne tidvis, men vi sit der, vi tar det inn, vi lar oss engasjere, irritere, provosere og nokre gonger demonstrere.

Og denne verda de vekse opp,utan det filteret som dei fleste andre er velsigna med å ha, med manglande mogeleghet til å drive seg sjølv  framover, og der kopiering kan verte ei utfordrande evne å ha- om ein ikkje får rett hjelp.

«Kva kan ein gjere?» har eg mange gonger tenkt, i nattens mulm og mørkre, når de endeleg søv, og eg sit å spekulere.

Eg har berre eit svar.

Oppdra.

Eg må lære dykk korleis vår verd fungerar og halde dykk i den.

Faktisk vil eg gå så langt som å seie at det er blitt mi livslange oppgåve.

blogg 25 mai 1

Lære dykk normar og reglar for korleis ein oppføre seg i forskjellige settingar, og korrigere dykk der de havnar litt utanfor.

Balansen er vanskeleg.

Kor går grensa mellom mas og veiledning?

Eller, grensa mellom meistring og stress?

Den må vi finne ut saman på vegen vår, og eg veit eg vil feile.

Mamma vil feile på vegen, men den sjangsen må eg berre ta!

Eg må jobbe med meg sjølv for å ikkje gå i fella og undervurdere dykk, men samtidig må eg gje dykk utfordringar som ikkje overvurdere dykk og.

Vil eg klare det?

Eg veit ikkje, men eg veit at eg er nødt til å prøve.

blogg 30 jan 2

De skjønar ikkje vår verden, og difor gjere de ofte som de vil i utgangspunktet, fordi de ikkje har dei sjølvinnlærte eigenskapane som born på dykkar alder lære av andre.

Grunnen er jo enkelt- de har aldri løfta blikket og sett på dei andre-kvifor skulle de det?

«Løft blikket- sjå på meg»- eg trur eg tidvis går på repeat.

De ser ikkje på meg, det godtar eg, men eg har alikevel merksemda dykkar når eg seier det.

Fordi de begge har lært det.

Innlæringa dykkar går sakte, og den må stadig repeterast, med mykje positiv forsterking- men det sig inn!

Litt etter litt!

Normer, sosiale reglar, mekanisk innlært, heilt klart- men søren heller!

Er det ikkje betre enn ingenting?

Eg har mange gonger sagt at ved å seie «tusen takk» på slutten av ei setning, så kan ein berge seg ut mang ein merkeleg situasjon 😉

Det har eg framleis trua på 🙂

De må lære vår verd- på same måte som eg må prøve så godt eg kan å skjøne dykkar.

På den måten kan vi einast, finne løysingar som passar, og lære andre kva som funkar for unike deg, og den aldeles så unike bror din <3

 «Eg bar deg inn i denne verda- no å eg gje deg verktøya så eg kan gje slepp»

 Eg skal gjere mitt beste-eg lovar <3

blogg 6 des 4

 

 <3<3 Ragne Beate