Just be ALFRED!

11. august 2016

Ein av mine yndlingsfilmar er «Emil i Lønneberget», eg ler like mykje kvar gong eg ser på filmane om han.

Ein pussig skrue, med så mykje energi, ein fortvila pappa som tidvis ikkje veit si arme råd, ei mamma som er like fortvila som pappa, men begge to kan alikevel ikkje anna enn å vere både stolt og glad i den lisje rabbagasten sin som finn på så mykje merkeleg.

Du har Lina, den dømmande,som fer på bygda og fore bygdedyret med alt det den fordømrande ungen finn på, også har du drengen  Alfred på garden.

Han som skjøner, er tålmodig, som ser guten for det han er.

Ein nyskjerrig, snill og hjelpsom type som ikkje helt får det til alltid, men som det ikkje finnast noko vondt i.

Alfred, som tek Emil under sine beskyttande venger og gjer han meistring.

blogg 1 des 5

Eg ser mykje av mine eigne born i «Emil», og eg ser mykje av hans mor i meg.

Hadde vi trengt alle diagnosar om born som «Emil» vart forstått?

Det har eg lurt mange gonger på siste tida.

For kvifor treng eg eit namn på mine borns utfordringar?

Jo, eg treng det for å ha ein peikepinn på kva utfordringa er, for å vete kva eg skal gjere for å få dei opp og fram, men  sanninga er at eg treng det like mykje for å forsvare adferda deira ovanfor samfunnet.

Eg må dagleg forsvare mine «Emil».

Gje adferda eit namn og ei forklaring- ein fasit.

blogg 26 nov 3

Om Emil ville fått nokon diagnose om han i dag vart sendt inn i BUP systemet, det kan vel sikkert heftig nok diskuterast, same ville nok foreldreskillsa blitt, sidan bruken av «Sekkarbu» som straff nok ikkje hadde falt spesielt i god jord i 2016.

Men ein ting er i alle fall sikkert, det var ikkje rom for Emil sin kreativitet i Lønneberget, og det er ikkje rom for Emil sin kreativitet i vårt samfunn heller.

Han er for mykje, for ofte, for krevande til å passe inn i vår norm boks, sjølv om han ikkje verken er utagerande eller vanskeleg.

Så, kvar går grensa?

Når er du for mykje «Emil» til å ikkje passe inn?

Diagnosa ADHD blir ofte brukt som skjellsord til born som har mykje motor og fart.

«Heilt sikkert ADHD!»

Vel:

Eit kvart born med mykje motor har ikkje ADHD- på same måte som at eit born som er roleg alikevel kan ha ADHD.

ADHD er så mykje meir enn myten, det omfavne så mykje meir enn det ein ser.

Den omfavne aller mest det du ikkje ser faktisk.

Konsentrasjons vansken, persepsjonsvansken, usikkerhet over manglande oversikt i det sosiale.

blogg 22 mars 1

 

Noko kan hjelpast med medisin, men samstundes så trengs det og noko anna og nesten like meir viktig:

Alfred.

Samfunnet vårt treng ein heil masse med Alfred, som kan gå inn og forstå, skjøne, og ta bornet for akkurat for det han er!

Uavhengig av diagnose eller «bare» mykje motor.

Sjå kreativitet som noko positivt, og finne glede i å utvikle løysinger som gjere at kreativiteten får utløp i noko positivt, og ikkje heile vegen blir dømd.

Både i skulen og på fritidsaktivitetar.

Samfunnet vårt treng forskjellighet, og det finnast uante ressurser også der ein ikkje med det blotte auge kan sjå.

Du kan gjere ein forskjell:

Just be ALFRED!

blogg 27 september

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

  • Helga Iren

    Eg er så heldig at eg har mange, mange Alfred i livet mitt. Dei fleste kjenner eg gjennom AiN, men har møtt monge fleire på mi vandring. Opplever veldig ofte at kunnskap ikkje berre e makt, longt viktigare kunnskap e toleranse