Unngå å møte veggen når kvardagen kjem <3

13. august 2016

…. Den kjem i mot deg, mange gonger veit du ikkje om det er du som spring i mot, eller om det er veggen som bevegar seg mot deg.

Alle snakkar om denne veggen, at ein må unngå at du treff han.

«Vi må setje inn tiltak slik at familien ikkje møte veggen»- det går liksom litt på repeat akkurat det her.

Veggen.

Utslitt, utbrent, utmatta.

Alle autismeforeldres store skrekk.

Men det skjer.

blogg 2 nov

Uansett kor mykje ein snakkar om det, prøvar å unngå det, så skjer det, veggen kjem susande mot deg og du brakar i han med eit smell.

Som oftast treff den når du minst venta det, og i rolege periodar.

Er det ikkje rart?

Ein skulle vel tru at veggen skulle råke når det stormar som verst, men sanninga er at då har ein ikkje tid til å møte verken vener eller vegg.

Då må man vere der- i nuet- i situasjonen- 100%.

Ofte lenge av gongen- den dårlege perioda- til den sakte men sikkert krekar seg over i ei god periode.

Då alt går på skinner, det meste fungerar ok pluss, og du tar den ein kjapp tur i kjellaren, eller har stø kurst rett  imot ein vegg.

Fordi du tillet deg å slappe av, du tillet deg å kjenne på kvardagen på ein heilt annan måte, og du kjenne at du er sliten, veldig sliten.

Mange er farlig nær med å møte veggen etter ein ferie, fordi det alle andre har opplevd som ferie overhode ikkje har vore ferie for den det gjeld.

blogg 9 mai 1

Ofte er også forventingane og krava på jobben høgare i august, no når alle faktisk har hatt ferie og burde vere klare og ladda til ny giv utover hausten, og fram mot jul.

Ein balansere på knivseggen, mellom krav heime og krav ute, to verd som ikkje kan foreinast i det heile, fordi ein ikkje kan skjøne den eine verda fullt ut, før ein har hatt skoa på, lenge..

Verda der det krevs så vere 100% på-alltid.

Eg trur ikkje det er mogeleg å leve det livet som autismeforeldre leve utan å få litt nærkontakt ved veggen, fordi både fortviling, frustrasjon og sorg er kjensler som vi ikkje kan  kontrollere eller berre ta vekk og ikkje kjenne på.

Samstundes som paragraf veldet og søknads bunken tek oss med på nedturar og kampar ein ikkje skulle trenge å kjempe- men som dessverre mange mange av oss opplev som utmattande, utfordrande og tøft.

Men- etter kvar ein kamp kjem ein sterkare tilbake, og sjølv om utfordringa ikkje blir lettare med åra, så blir i alle fall du sjølv smartare som person.

Meir belest, meir livserfaring, og ikkje minst med ein helt anna kjennskap til ditt barns autisme.

blogg 8 april 1

Eg pleie å seie at det er lov å vere sliten, det er ikkje eit nederlag, men ein kan aldri få lov til å gje opp <3

Måndag startar kvardagen for veldig mange, nokre, som meg gler seg hinsides til skulestart, andre foreldre går med ein stor klump i magen og kvir seg som pesten, dessverre.

Eg vil ynskje dykk lykke til alle, med håp om ein god start på eit nytt skuleår.

Prøv å finne pusterom for de sjølve i ein hektisk kvardag, snakk med nokon som skjøner om de treng det,(Autismeforeningen i Norge har flinke likemenn rundt omkring i fylkene om ein ynskjer å snakke med nokon som er heilt utanfor ditt nettverk) finn kjæreste tid, ,pust med magen, og prøv å oversjå dei som ikkje skjønar, det som stel din energi.

Treff ein veggen for hardt, kan vegen opp vere ei lang og bratt affære, så det er betre å vere føre var enn etter snar.. og husk :

Ein kan ikkje gjere meir enn sitt beste uansett.

Blogg 6 des 1

 

<3<3 Ragne Beate