Du vil alltid vere liten
Sjølv når du blir stor
Treng hjelp til mange saker
Uansett kor du enn bor
Funksjonshemming er emneknaggen
Autisme, adhd og sånn
Merket for livet det er du
Sjølv om du sikkert vil syntes det er bånn!
Mange gonger tenker eg stille
«Skulle ønske du ikkje skjønte ein skjit»
Av alt det som føregår rundt deg
I ei verd som ikkje fordrar til tillit.
Kva ser eigentleg denne verda?
Som berre kretsar rundt oss
Rund meg, rundt deg også broren
Den verda der du ein gong skal kaste loss
Ser dei deg og dine fantastiske evner?
Eller ser dei ein raring som flappar rundt?
Ser dei kunnskapen du ber på som ei gåve?
Eller er det berre funksjonshemming dei legg til grunn?
Ser dei den eg veit er der inne?
Berre dei gjer deg litt tid?
Til å tryggast på områda rundt deg
Finne orda, dei er der inne eit sted!
Du er fantastisk , facinerande og herlig <3
Du er å god, og så inderleg grei
Du kan meir enn meg og pappa til saman
Om dei tinga som verkeleg interesserar deg !
Mamma sit med klumpen i halsen
Kjenner tårer på sitt kinn
Vil vi tape denne evige kampen?
Den som vil vise kva du kan og kva du vil!
Vil verda nokon gong sjå deg kjære venen
Gje deg sjangsen til å vise kva du kan?
Eller vert det med den påførte emneknaggen
Funksjonhemming- autisme/adhd- det er deg.