«Med svarte belte i å trøste»

21. august 2016

Fyrst av alt vil eg takke for kjekke tilbakemeldingar etter NRK Sogn og Fjordane saken om oss i går kveld 🙂

Stine Kyrkjebø Johansen, som skreiv saken om oss, syns eg har gjort ein kanonbra jobb med å få fram det eg ynskte å formidle, og det står stor respekt av å klare å finne essensen i andre mennskje sitt liv.

Om nokon ikkje har sett den eller har lyst til å sjå den, så ligg linken her:)

 

https://www.nrk.no/sognogfjordane/xl/dobbel-dose-autisme-1.12829070

fint bilde

(bilde tatt av NRK)

Så over til dagens innlegg:

 

«Med svarte belte i å trøste»

 

Trøst er mitt fremste og mest effektive våpen som mor til autistiske born, og eg brukar det mange gonger dagleg.

Eg dreg det fram uansett kor eg er hen i samfunnet, det kan vere på parkeringsplasssen, i matbutikken, eller for den del på eit offentleg kontor.

Og det fungerar!

blogg 18 feb 2

Det kan nok for mange sjå ut som eg gjere borna mine ein bjørneteneste- litt sånn der «sy puter under armane» greier når eg tek fram mitt «trøst våpen» midt i kampen som de kanskje meiner eg heller skulle ha satt status.

Stramma opp, gjett formaningar, og ikkje minst vist kven som var sjefen.

Det handlar jo om å ta seg saman gjere det ikkje?

Born skal jo ikkje få ture fram slik som dei vil?

Og, skal eg fortelje dykk ein hemmeleghet?

Eg er heilt einig!

Born skal ikkje få ture fram som dei vil!

Men, då vil eg spørje deg om noko..

Du som fekk lov til å blivåne mitt «trøst våpen» i kampens hete.

Har du nokon gong tenkt over at det kanskje kunne ligge noko anna bak?

Det som du ikkje kunne sjå, men som mamma veit?

Ein kan ikkje sjå redsel, ei heller kan ein sjå angst.

Panikk er heller ikkje så lett å sjå, og i alle fall ikkje hos born med autisme som i utgangspunktet kan ha ein manglande mimikk- slik som mine born har.

Og, det er og vanskeleg å sjå kor mykje som skal til for at begeret renn over..

For, er det fullt, ja då er det fullt!

Korleis hadde du følt deg om du fekk skjenn og irettesetting for eit panikk anfall?

Eller at angsten din var så sterk at du ikkje klarte å fungere, anna enn at tårene renn ukontrollert nedover anletet ditt, og du får beskjed om å ta deg saman?

Og, kva hadde skjedd om du heller fekk trøst?

blogg 14 feb 1

Anerkjennelse for at nokon skjønar at du har det vondt, ei trygg hamn å kunne segle inn i , der det er trygt og godt, og ein kan hente seg innatt.

Kjenne på at ein vert forstått, tatt på alvor og ivaretatt når ein ikkje klare å ivareta sine eigne behov.

Dette handlar ikkje om oppdraging, det her handlar om å ta vare på primærbehov på born som IKKJE klarar å hente seg innatt sjølve, ikkje klarar å ta seg saman uansett kor mykje korreksjon dei ville få.

Vi snakkar om menneskje som treng trøyst, kjærleik,  støtte og forståelse.

Uavhengig av alder og kvar situasjonen oppsto.

Mitt kraftigaste våpen er den trøysta eg kan gje, når verda rasar saman rundt det kjæraste eg har.

 «Gi barna kjærlighet, mer kjærlighet og enda mer kjærlighet, så kommer manerene av seg selv» – sa Astrid Lindgren.

 

Eg utøver mitt «svarte belte i trøst» med stolthet!

 

<3<3 Ragne Beate