Tidsbruk bak fasaden

25. august 2016

Alle byggar vi fasadar rundt heimane våre, slik er det berre.

Uansett kor open ein er om utfordringar, eller tek seg tid til å forklare korleis ting er, så har man ei grense- den ultimate grensa for kva ein kan fortelje om.

Ein begir seg inn på grensa som går på etikk, «kan eg utlevere  her eller ikkje», det går på meiningar og det går faktisk på teieplikt.

Men på nokre plassar er vi like- vi foreldre med barn med ulike behov.

Vi bruke tid på det andre tek for gitt.

blogg 27 april 2

Eg har mange gonger desse åra lurt på korleis det hadde sett ut på film om ein skulle filme «AS LARSEN» minutt for minutt når  vi skulle  nå eit eller anna.

De skjønar- vi måtte ha byrja å filme ein to tre dagar før!

Filmen hadde sjølvsagt blitt uhyre meir eksplosiv om vi hadde starta filminga ved lansering av ei impulsiv handling- men dette hadde uansett ikkje kunna blitt vist-på grunn av det etiske.

Ein annan ting er kor mykje tid vi foreldre bruke på å prøve å få vener til borna våre, sosiale relasjonar som dei kan byggje vidare på.

Ei mamma med eit born med funksjonshemming fortalte meg at dei inviterte med kameratar til guten sin heim, sjølv om dei var så slitne at dei nesten ikkje makta å stå på beina- fordi dei såg kor godt guten hadde det ilag med andre.

Bonusen ser dei no kvar morgen på skulen der bestekompisen står ved gjerdet kvar dag guten kjem på skule – kjem ut porten, tar rullestolen og tar guten med seg og går inn på skuleplassen ❤️ Og når dei voksne seier at han er ein flink hjelpar – så kvittera guten med å seie ; nei, han e kompisen min ? Omtrent så mammahjertet kan sprekke!

Dei brukte tid!

blogg 24 feb 4

Møter og papir arbeid tek og mykje tid.. det er uhorveleg med A4 ark som fyljer desse borna på sin veg, og alt skal dokumenterast, ned til minste sum multiplum.

«Kan vel ikkje vere så gale»-har eg fått slengt i meg nokre  gonger, «nokre  møter må vel vere fort gjort vel»?

Vel- «fort gjort skal og gjerast.»

Og «fort gjort» har og kjensler.

Nokre av møtene ein går på er som  rive av plaster på sår som er iferd med å gro.

Sår som ein trur ein har hela, men som på eit augneblink- ei linje på eit ark- som oftast i form av orda «nei» «avslått» «ikkje innvilga» eller «vi kan ikkje sjå at familien på dette tidspunktet har behov for denne ytinga».

Du ser tida di renn ut i sanden.. du trudde du var godt forbereidd, du trudde du hadde gjort heimeleksa di, du trudde du hadde klart å forklare behovet så godt som du kunne…

«Du rykker stadig tilbake til start»

blogg 24 feb 2

Søvnlause netter vert til dag, nokre gonger er det du som ikkje søv, andre gonger er det borna, 99% av tilfella er det ein kombinasjon.

Det tek tid, trøst, trygging, tilstedeverelse i ein situasjon der ingen andre kan ta din plass.

Der du er unik og uersatteleg- med dine 24 timar til disposisjon i døgnet.

«Mamma- er du her? Mammaaaaa????»

«Ja venen min, eg er her»

Ingen ting av dette vise utad.

Fasaden skyggar for det.

Den verne om ein kvardag som svært få forstår, om dei ikkje har hatt desse skoa på.

Kvardagen der 24 timar blir brukt- til det andre tek for gitt.

blogg 8 april 4

<3<3 Ragne Beate