Alt blir nok lettare

30. august 2016

«Alt blir nok lettare» har fulgt meg sida eg vart tvillingmor, eg trur eg fekk høyre det allereie den dagen eg gjekk ut av sjukehuset.

«Det er hardt no Ragne, men det vert lettare veit du, dei vert større, mindre krevande»- det skulle visst vere trøst i desse orda

Når dei sat i vogna fekk eg beskjed om å vere takknemleg for at dei ikkje hadde lært å gå endå, og då dei endeleg lærte å gå ved 15 mnd alder, fekk eg beskjed om at det var no endå godt at dei endeleg klarte å gå, då vart det så mykje lettare for meg;)

Borna vart større, søvnen forsvann, men utad såg alt heilt topp ut!

Innad var situasjonen ein heilt annan.

«Ingen born søv» var då konklusjonen til omverda, eg måtte no tåle såpass, om eg ymta fram på at eg var trøtt.

Eg slutta tilslutt å forklare, det skulle jo bli enklare skulle det ikkje?

Åleine kjempa vi, eg og mannen min,med dårleg søvn, og ein gnagande angst over noko som ikkje stemte, noko som  var feil, men kva?…

Så kom diagnosane, som perler på ei snor, den eine etter den andre.

blogg 27 mai 1

Mamma og pappa måtte berre hive seg med karusellen, lære der dei lære kunne, observere og bli tolkane dei aldri ante dei skulle bli.

«Det blir nok lettare» trøsta omverda oss med.

«Dei veks seg nok store og forstandige desse og, berre dei får seg nokre år på ræva.»

Berre lat dei få litt tid no Ragne- ikkje stress!

«Tid? Herregud! Eg har ikkje tid!»

«SKJØNAR DE IKKJE DET- VI HAR IKKJE TID???»

«TRENE,TRENE,TERPE, SOSIALE HISTORIAR,TIOBA-vi må berge dei no mens vi framleis har tid <3»

Karusellen snurrar!

Masse mennesker rundt deg som ropar:

«Går så bra, ordne seg nok, ta deg tid, ein dag av gongen, lettare og lettare,»

EG VIL HOPPE AV!

8 år er gått, 8 år med «bare vent og sjå Ragne, alt blir nok lettare skal du sjå»

Alt blir nok lettare…

blogg 27 april

Nei, det har ikkje blitt lettare.

PUNKTUM.

Men, det er blitt annerleis.

Grunnen til annerleis er at eg har forandra meg i takt med borna mine.

Vi har funne ein balanse.

Nokre ting er sjølvsagt blitt lettare, eg treng blant anna ikkje bære dei rundt som babyar lenger- i alle fall ikkje heile tida, nokre gonger må eg endå bære, og det er heilt greitt- for slik er det berre!

Vi søv endå ikkje ei heil natt, men vi har lært oss masse gode triks for å overleve natta.

Om de kan definerast som lettare kan ein sjølvsagt diskutere, eg vel å kalle det «smartare val».

Omgjevnadane rundt oss er og blitt flinkare til møte gutane våre, det hjelp og på ei ein krevjande kvar dag, og ikkje minst  at vi fekk kontroll på den udiagnostiserte ADHD ufordringa.

Men, uansett korleis ein snur å vrir på det, så fekk vi, ilag meg mange familiar med meg borna som aldri blir «store».

Born der alder berre er eit tal, og tilsyn er normalen.

Det er ikkje alltid det blir lettare…

Nokre gonger blir det berre annerleis <3

blogg 8 april 1

 

<3<3 Ragne Beate