Barn med ADHD slår ikkje, frustrerte barn gjere!

31. august 2016

Har de sett den serien på tv som heiter noko sånt som «Mitt voldelege barn» eller noko i den duren?

Går søndagsskvelden etter «Åsted Norge» på TV2 meine eg.

Serien handlar med det eg har fått med meg om britiske born som er valdelege heime med foreldrene sine, eg har ikkje sett meir enn den episoden eg no vil referere frå, og det blir nok den siste og sånn sett, eg kjenner at slik «underhaldning» på tv ikkje er heilt mi greie.

Uansett ,poenget mitt er at i den episoden som vart sendt no søndag, så hadde bornet det var snakk om, som var valdeleg, diagnosen AHDH.

Det var også poengtert at guten var medisinert, men alikevel fungerte han ikkje.

(Just for the record- det kom godt fram i serien at guten var frustrert på grunn av vonde hendingar og at ingen med ADHD var like)

Ein psykolog som uttalte seg, og ho sa noko utruleg viktig, og det fekk eg med meg før eg skrudde av og slepte mitt sletne og slappe legeme til køys.

Ho sa som fyljer:

«At eit born har ADHD betyr ikkje at det slår, det må ikkje vere sånn at ein tek alle born under ein kam. Ja, sjølvsagt kan eit born med ADHD slå ifrå seg fysisk, men det slår ikkje fordi det har ADHD, det slår fordi det er frustrert!»

TOUCHDOWN!

blogg 30 jan 2

Hørte de den eller!

Tenk om dette bodskapet kunne kome ut i samfunnet, kome verkeleg ut i samfunnet, krype inn i hjernebarken der den skal vere, forplante seg, setje seg djupt fast.

«Eit born med ADHD slår ikkje fordi det har ADHD, men fordi det er frustrert»

Tenk kor mange born som feilaktig er blitt tileigna å vere valdeleg, når dei i stadenfor er frustrerte fordi dei ikkje forstår.

Tenk kor mange av desse borna som kunne fått heilt andre skulekvardagar og fritid om vi hadde skjøna dei-   i staden for både legge skuld på ei diagnose som er så til de grader stigmatisert som et skjellsord, og faktisk og unnskydning for å sleppe å gjere noko med det som skjer.

«Sukk- bornet har jo TROSS alt ADHD- you know»

Eg syns heller de skulle setje dykk ned og tenke over kor sårbar et barn med ADHD er, som skal gå igjennom vår kvardag, med mykje av same utfordring som born med autisme har, men ein tanke meir sosiale.

Dei slit med strukturering, med indre uro, med tankekjør, og med å ta i mot beskjedar.

blogg 22 mars 1

Av andre born får dei vite at « du er sånn og du er slik» , «vi har hørt at sånn som deg gjere sånn»

ADHD,ADHD, ADHD, ADHD.. GABOOOOM!

Tydelege vaksne, stabile rammer, klare beskjedar og mykje kjærlighet.

DET er det born med ADHD treng!

Stimatisering kan berre gå å legge seg.

Lær deg det med ein gong, om du er Jørgen Hattemaker eller Kong Salomo

«Barn med ADHD slår ikkje, frustrerte barn gjere

blogg 13 mai 2

Ha ein nydeleg onsdag!

 

<3<3 Ragne Beate