Det ER dei små nyansane som betyr noko!

9. september 2016

Oppi ein krevande kvardag, der du langtifrå har tid til å tenke på degsjølv,  betyr dei små tinga så mykje.

Det kan for den del vere å ha mulighet til å lure seg unna for å gå på do aleine.

Ikkje fordi du nødvendigvis har med deg nokon på det private rommet, men fordi det er meir vanleg enn unntaket at nokon står utanfor og spør:

«Mamma, er du der? Kva gjere du?»

blogg 25 mai 3

Oppi ein slik kvardag, der alt dreie seg om borna, om deira ve og vel, om møter, refleksjonar, tankar, konfliktar, søvnvanskar og ikkje minst vanskelege val, så kjem det glimt, nokre som lyn, andre som berre ei knitring, som gjere at du skjønar at ALT det du gjere er så vel verdt det!

Uansett om ingen andre ser det du gjere, så høste du sjølv frukter av ein lang prosess, ein jobb du har kjempa med frå den dagen du skjønte at noko ikkje var som det skulle, den dagen uroa tok over ditt liv.

Men, når bornet ditt får det til? Amanda, Oscar, gå å legg dykk, det her, det her er intenst, følelsesmessig rått og helt konge!

Det kan være seg ein så enkel ting som at bornet ditt glimte til med å stappe i seg kjøttkaker med poteter og saus, og løfte blikket og anerkjennande seie:

«Mamma, det her det var godt det!»- EG LIKAR DET!

4 år med pølser i alle variantar forsvinn akkurat der og då, same gjere alle dei vonde følelsane du har hatt i forbindelse med mat, med matsituasjon, der og då ser du kun ein ting : Potet,saus og skviste kjøttkaker på ein  tallerken som er i ferd med å tømmast, og du er så glad at du har mest lyst til å slå kolbøtte!<3

Kanskje var det berre denne onsdagen, du kan måtte vente lenge til neste «onsdag» kjem -men DEN onsdagen , den huske du!

blogg 24 mai

Det kan vere at bornet ditt plutselig tar på seg rett jakke etter veret, eller tar på seg joggesko i staden for sherrox.

Gudane skal vete kor mykje tid og energi du har lagt ned i akkurat den operasjonen, skulle tru det var på lik linkje med å forbereie ein blindtarm operasjon.

Visuelle bilete, påminning ,planar, promt, u name it, og plutseleg så er berre rett sko på!

EUREKA!

Er ikkje sikkert det funkar dagen etter, men du dyre det kor godt det er når det skjer!

Eller, når du spør det vanlege spørsmålet når borna kjem heim frå skulen:

«Hei venen min,så kjekt og sjå deg, har du hatt det bra i dag?»

Du forventar ikkje svar..

Tidligare har du kanskje fått eit snøft, andre gonger «veit ikkje» , men i dei aller aller fleste tilfella så får du null respons..

Denne gongen fekk du : «Eg har leika med x, vi fann vatn å hoppe i»

Du går nesten i kne, du kjenne glede, tårer som sprenger, du berre lev sånn på den setninga!

At assistenten har vore der å hjelpa til betyr NADA!

Du fekk eit svar <3

blogg 1 april 1

Mange av mine vener las nok min private Facebook status i går, eg delte den ikkje offentleg, men eg skal gjere det no, den gjekk som fyljer:

«I dag hadde eg et av desse augeblikka, der alt du har jobba for bare er så verdt det, og kor du bare har lyst til å hyle det ut høøøøgt: SJÅ! SJÅ KVA HAN KAN!

Heim frå tur i dag hadde eg med meg mi rumenske venninne ,som berre snakkar engelsk (-enda, dama er helt rå, norsken kjem fort!)

Vi kjøre innom avlastninga og hente gutane, og kva gjere Laurits?

Jo, han går bort til mi venninne, strekk frem handa og sier høgt og tydelig: «Hello, my name is Laurits»
Videre renn dei engelske orda ut av guten, han fortel om London Brigde, om eiffeltårnet, og at han tar taxibuss til skulen, midt på brua syng han klokkeklart «London brigde is falling down» saman med venninna mi, om eg prøve å synge med han blir eg omtrent kaldkvelt!

Og mi venninne forlet bilen ynskjer Laurits ho ein forsatt fin dag, framleis på engelsk <3

Vi snakkar om ein gut som omtrent ikkje hadde språk før han var 5 år, som framleis treng hjelp til dei mest grunnleggande tinga som alle andre 8 åringar klarar av seg sjølv,og som endå har trøbbel med å føre ein samtale og halde i gang ein samtale, men å føre en samtale på engelsk? Nei, det går som ein leik!

Lenge leve youtube, lenge leve mekanisk innlæring, lenge leve mestring som kjem på dei merkeligaste plassar!

I dag er eg så stolt av eg faktisk trur eg kjem til å sprekke!»

 fint bilde

Når slik skjer, når ein får lov til å oppleve slike augeblikk, det er så mektig, så altoppslukande, så enormt!

 

Det gjør sorga lettare å bære, kampane meir meiningsfulle å ta, og det gir deg den bekreftinga som vi autismeforeldre treng:

«Vi får lønn for strevet»

Vi oppnår kanskje ikkje det vi hadde håpa alltid, vi når heller ikkje samfunnet sin standard i forhold til kva som er meiningsfylt og ikkje, men kvar og ein av oss opplev bragdar med våre eigne born som kan bleikne eit OL gull tvert!

Eg skulle mange gonger ynskje at mine born slapp sin autisme, med alt som fyljer med den, eg hadde og forespeila megsjølv eit heilt anna liv enn det eg fekk..

Men når ting vart som det vart, så skal eg ta meg den frihet og juble over ein kvar ting som er framgong, som er positivt og som er framtidsretta, for det det er verdt!

 

For meg er det verdt heile verda!

 

For meg er der verdt kvar ein einaste kamp eg kjempe!

 

For meg- er det livet <3

 

«Different but not less»

 

GOD HELG!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

  • Kristine

    Du er så flink å sette ord på tingene!!!! Og jeg er bare SÅ enig! Kjente tårene presse på når jeg leste om L, for kjenner meg så godt igjen!! De øyeblikkene der «sentralbordet» åpner og du får 100% kontakt,om så bare for et lite sekund! Eller morningen der du slipper å måtte forklare for 1000 gang at joggesko når det pøser ned ute er en dårlig kombinasjon, ELLER øyeblikket der poden ber om noe annet enn stekt karbonadedeig med ketchup på til middag. De øyeblikkene der er omtr like magisk som da du fikk skatten din på brystet for første gang etter fødselen. Det var svette,smerte,slit og tårer,men der og da er alt det glemt og du kjenner bare en enorm lykke og stolthet!!!