Eit blikk seie meir enn 1000 ord.

10. september 2016

«Han rare, han sære, han som gjere så mykje rart, ser du han der borte?»

Du treng ikkje bruke orda for å vise kva du meiner, du treng ikkje ein gong kviskre det.

For vi ser det, vi ser det med blikket ditt, med haldninga di, med måten du respondere på.

blogg 22 mars 1

Nokre blikk er nyskjerrige eller undrande.

Desse likar eg.

Eg likar mennske som undrar og reflektere over ting dei ser rundt seg, fordi det gir meg det spelerommet eg treng for å forklare om det er nødvendig.

Eg kan og sende blikket tilbake der eg signalisere at «Eg ser du ser på oss, men eg ser og at du ikkje ynskjer oss noko vondt».

Born kjem ofte med kommentarar saman med desse blikka, nokre kan og peike.

Det er heilt greitt, eg skjønar at det ser rart ut- kanskje eg kan få forklare deg litt?

Born er unike skapningar, dei godtar det meste dei, berre dei får ei plausibel forklaring på kva som hender.

Vaksne er det verre med, vi har for mykje i bagasjen vår til å ta alt for god fisk, men vi skjønar meir omfang om vi får ei forklaring som er god nok.

blogg 2 april 3

Andre blikk er dømmande.

Desse kjem ofte frå vaksne, og er somoftast i kompani med litt himling med auger eller ein rygg som er snudd litt vekk.

Verst er det når ein står i flokk.

Det vert du mot flokken.

Ikkje eit ord vert kløyvd mellom desse vaksne som står der, men du kan omtrent sjå kva dei tenkjer, store tenkebobler over hovuda:

«Taklar ikkje»

«Sjå oppførselen»

«Kva er greia liksom, heilt håplaust»

blogg 27 mai 2

Borna ser det ikkje, takk og lov!

I sin eiga verd susar dei rundt, lagar rare lydar, og snakkar i munnen på kvarandre om faktaopplysningar som eg er sikker på du ALDRI ville ha klart å få plass til inni i di hjerne.

Kanskje tek ein av dei seg ein spinn på golvet, ja, STORE guten, eller at dei veivar med armane.

Blikket vi no får gir ikkje rom for forklaring, det stikk så djupt inni mamma hjartet, det er så krympande, du føle deg så liten!

Liten som mamma.

Og ikkje eit ord har blitt sagt.

Hadde du ikkje dømt meg kunne eg fortalt deg at veivinga med armane og dei høge lydane var fordi gutane glede seg så veldig til å gå på leikebutikken etterpå og kjøpe legoen dei har ynskja seg så lenge.

Glede kan nemlig visast på ein slik måte, vi er ikkje alltid umogelege eller vanskelege skjønar du.

Eg kunne og fortalt deg at spinninga på golvet er ein form for sjølvstimulering, som gjere at ein roar seg sjølv ned, noko ein kanskje treng når ein verkeleg verkeleg VERKELEG gledar seg til noko?

blogg 18 feb 2

Men, eg let det vere..

Eg tek med meg mine og tuslar derifrå, no med blikket brennande i nakken.

Ved sida av går to glade gutar, heldigvis uvitande og umottageleg for nonverbal kommunikasjonens harde bodskap.

Tenke du over kor mykje eit blikk kan såre?

Kor mykje haldninga di verkar inn på korleis ein blir møtt?

Kor mykje støtte det kan være i eit annerkjennande blikk, eit lite nikk på hovudet, eit smil , ein tommel opp, mens verda kan ramle ned rundt deg når blikket seier:

«Dette maktar tydeligvis ikkje du!»

Foreldre med born med spesielle behov er sårbare, ofte svært slitne, og heile vegen på allerten for å takle det som kjem eller kan komme av utfordringar i det offentlege rom.

Vi treng ikkje dei dømmande blikka, vi treng støtte!

Og vi ser- tru meg –vi ser.

Og, just for the record- vi treng heller ikkje medlidne blikk heller, det er ikkje synd i oss skjønar du, men det hadde vore greit med litt forståelse!

Så, kjære lesar:

«Korleis vil du bruke ditt blikk i dag, i møte med det rare, det sære og det som er annerleis?»

blogg 28 august 1

 

<3<3 Ragne Beate