I kveld slår eg opp med autismetrollet!

20. september 2016

«Eg slår opp!

Høyre du autismetroll?

Eg slår opp med deg!

Kan du vere så vennleg å fjerne deg frå jordas overflate, finne noko annaå plage med dine elleville idear, slitsomme sanseforstyrringar og ikkje minst vonde tankar!

Ein stein er passande, eller noko i den dur! Noko du ikkje kan øydelegge!

Men du- du lar gutane mine vere att.

blogg 2 april 3

Eg likar deg best på dei sjarmerande dagane eg, desse dagane då du blomstre i fri flyt, og dagane er fine.

Det skal du ha, på desse dagane så hjelpe du til med å vise akkurat kor god borna mine kan vere.

Det kjem fram evne som ikkje liknar noko ein 8 åring kan produsere, både gjennom teikning og fakta.

Eg er stolt då, skikkeleg stolt- på tross av alt- noko gir du jo som kan vere bra.

Så kvifor må du sabotere for deg sjølv?

Hive deg inn i dårlege periodar, lage ein masse krøll og tull, og gjere mine sine fantastiske born så bondefanga av ditt grep?

Sakte men sikkert dreg du dei frå meg, eg ser det nemlig eg, høyre du??!!??

Tautrekkinga mellom meg og deg, du på eine sida med eit kraftig grep, eg på andre sida, omtrent både hudlaus og stemmelaus, med øyresus brusande i hovudet!

GJE DEG!

Eg veit eg tapar- akkurat då veit eg at slaget er tapt.

Det er nesten så eg ser deg smile- haha-liksom… men hugs det, eg tapar berre akkurat då!

Etterpå vinn eg.

Med tålmod, med trening, med kjærleik!

Fordi trollet, din drittsekk der du sit, eg kjeme aldri til å gje meg!

ALDRI!

blogg 22 mars 2

Kor mykje eg får fjerna av deg det veit eg ikkje, heilt borte vert du nok ikkje, det har eg forsona meg med, men jammen skal eg leggje ein og anna felle for deg ja.

Siste ord er ikkje sagt, høyre du det?

Eg slår opp med deg i kveld autisme trollet, eg ynskjer ikkje vite meir av deg!

Tilbake skal mine gutar sitte, mine fantastiske flinke gutar, med vilje av stål!

Desse to krigarane som kun får kvile frå deg, når dei endeleg får sove i natt…»

 

Autismen kjem ikkje til å forsvinne, medfødte gjenomgripande utviklingsforstyrringar gjere sjeldan det..

Denne skjulte funksjonshemminga som grip inn i alle ledd i eit liv, som andre berre ser som eit glimt, mange ser det ikkje i det heile, berre peivar det vekk som tull.

«Kva er eigentleg problemet?»

«Kvifor er du sliten, du som berre går heime?»

« Nei, slik at alle det, veit du, det går over om ei stund»

 

Ord som sårar, som ikkje fell i jord, men som legg seg som ei bør..

Etterkvart hevar  vi oss over det meste, vi foreldre, orda når ikkje lenger inn på same måte, dei fell til jorda som eit sårt dump.

 

Vårt fokus er borna våre, kvardagen, korleis komme igjennom på tøffe dagar, og korleis nyte mest mulig på gode dagar, reste får berre bli som det blir.

 

Kunne eg ha gjort det slutt med autismetrollet, så hadde eg gjort det, men sida eg ikkje kan, så skal eg ta vare på gutane mine på best mulig måte- og gje dei den kvardagen dei fortjene!

For uansett kor kvardagen kan vere, så er ein ting steikje sikkert:

Gutane mine ville eg ikkje ha bytta vekk for alt i verda- uansett!

blogg 18 nov 2

 

<3<3 Ragne Beate