«Foreldrenes innsats avgjør tilbud til funksjonshemmede», må ein vere ressurssterk for å lykkast? NOREG VAKNE OPP!!

22. september 2016

Det har hendt ein gong før at eg har skrive to blogginnlegg på same dag, i kveld gjere eg det samme, for dette temaet kan ikkje tiast om, det kan ikkje leggast i ein skuff, eller sette på skylappar.

Det er alvorlig, og det er eit kjempeproblem som vi må ta tak i jo før jo heller.

Den som ropar høgast får hjelp, men kva med dei som ikkje har høg nok stemme?

Kva med dei?

***************************

 

«Foreldrenes innsats avgjør tilbud til funksjonshemmede», teksten lyste imot meg i ettermiddag etter ei publisering på Facebook.

Linken kjem her :

http://kommunal-rapport.no/politikk/2016/09/foreldres-innsats-avgjor-tilbud-til-funksjonshemmete

 

Samstundes publiserte «Fotene» ein artikkel som går på at ein treng koordinatorar i kommunane med rett bakgrunn og kursing, for å hjelpe foreldre som får born med funksjonshemming i jungelen av reglar ,hjelpetiltak og framdrift- tatt frå same forsking.

http://fontene.no/nyheter/forskere-foreslar-faste-koordinatorstillinger-i-kommunene-6.47.409704.9e7df4ffb0

 

Konklusjonen er altså at foreldre som er ressurssterke  har born som klare seg best.

Foreldre som maktar å stå i stormen, som ligg på telefonen og ringer til dei får svar, og gir seg ikkje før dei har fått det svaret dei treng, eller har fått henvisning ein annan plass der kompetansen ligg.

Dette er foreldre som er taleføre, skriftlig sterke og som beherskar kunsten kommunikasjon.

Dei har også ei god dose samarbeidsvilje i seg, og klare å handtere fleire arenaer på ein gong.

Ofte har dei nettverk, men ikkje alltid.

Dette er foreldre som slit seg ut over tid, som sakte tappast for krefter, men som ikkje får den akutte reaksjonen..

Og som får mulighet til å lære eit eller anna på vegen som gjere at dei alltid helde hovudet over vatnet, nok til å framleis halde grep.

Grep om familien, grep om situasjonen, og med smarte løysingar finn nye mål.

Etter rapporten å døme, foreldra til dei heldige borna.

Borna som har ein eller to foreldre som kjempar knallharde kampar.

Fordi dei orkar.

Desse foreldra er forresten også ofte lokalisert i styrer i interesseorganisasjonar, og nærer lærdom heile vegen.

Dei er engasjerte, lærde, trygge og alltid kampklare.

Det kallast på norsk å vere ressurssterk.

blogg 22 mars 2

Er alle det?

Er det slik at i det augeblikket du får eit born med funksjonshemming, så skjer det ei eller annan merkeleg forandring som gjere at du plutseleg vert både Superman, Batman og djevelens advokat i ein og same skikkelse?

Du blir der og då rusta til år med kjemping mot eit system som ikkje fungerar.

Beklager Noreg, beklager politikarar, slik fungerar det ikkje!

Mange treng hjelp!

Mykje hjelp, omfattande hjelp, langvarig hjelp.

Og dei har ikkje sjangs i havet og kjempe for den hjelpa åleine.

Har du prøvd å sove 3-4 timar på natta i mnd av gongen?

Ikkje det?

Vel, kor opplagt trur du at du er?

Har du forsøkt å gå år etter år å vite at det er «noko» ,men det «noko» får du ikkje tak på.

Alle andre er oppatt av dette «noko» ,fordi det er plagsomt, annerleis, kanskje støyande og det passar berre ikkje inn.

Det mumlast i korridorar og på pauserom om desse foreldra som heilt tydeleg ikkje har grepet.

Med denne villbassen av ein kid som ingen likar, som ingen orkar å styre med, som berre øydelegg for seg og andre, og med DEI foreldra.

Diagnosa som let vente på seg, fordi foreldra ikkje eingong veit kvar dei skal henvende seg hen for å få hjelp.

Har desse foreldra nokon gong fått ein reel sjangs?

blogg 8 april 1

Og, har du nokon gong opplevd å lese om ditt barns diagnose for fyrste gong?

Navnet er endeleg klart, «autismespekterforstyrring» og du startar di vandring i ein jungel som er så skummel, så krevjande og så sår at du møter demonane dine etter berre nokre linjer.

Utmattande , sårt, og veldig veldig vondt!

Alle forvente at du skal kjempe for bornet ditt, for at du skal stå på krava, men kva skjer då når du ikkje maktar det?

Utslitt, nedtrykt, kanskje åleine, og for den del kanskje medfødt sjenert, eller du og sjølv har nokre av utfordringane som bornet ditt har, slik at kommunikasjon og koordinering kan vere vanskeleg.

Ikkje vandt til å ta ordet, ikkje har nokon som kan hjelpe seg heller, og det berre ballar på seg.

Rullar og rullar , fortare og fortare og fortare.

Det dårlege samvitet et deg opp innanifrå.. du skulle, du burde DU MÅ!

Og du maktar ikkje..

Du har ikkje sjangs…

blogg 26 nov 2

Helse Noreg, vi må vakne!

Medmenneske , vi må vakne!

VI MÅ VAKNE NO!

Vi kan ikkje vere bekjent av eit samfunn der det er den sterkaste sin rett som råde, og dei som verkeleg treng ei hand og halde i ,dett bort.

Forsvinn i mellom to stolar- mistar seg sjølv.

Borna i desse familiane har rett til å få det beste, men veit de, det har familien og!

Eg snakkar ikkje om omsorgsvikt, rus eller vald no, eg snakkar ikkje om tilfella der barnevernet vert kobla inn.

Eg snakkar om familiane som ikkje maktar å kjempe i mot eit system som er så tungrodd og  vanskeleg tidvis at ein skulle vore født utdanna psykolog, med ein  godt over middels god kjennskap til juss.

Familiane som blir sårbare fordi foreldra ikkje maktar, dei har så evig nok med å handtere heimen sin.

Og difor gir dei seg, dei gir seg i stille resignasjon, og trur det skal være slik.

Det er ikkje riktig!

Vi treng pengar og vi treng ei stor endring i haldningar.

Fanken heller, eg HATAR å erkjenne det, men sanninga er, vi treng pengar, øyremerka midlar.

Vi treng opprusting i kommunane , koordinering mellom tenestetilboda, lettare sakshandsaming med lavare terskel for å få avlastning, og vi treng nokon i kommunane som ein kan snakke med som har peiling.

Bryte ned skotta mellom profesjonane, og finne ein felles plattform.

Vi må ta vare på dei som treng det mest, men som krev minst.

Dei må fangast opp og hjelpast igjennom, det må vere ein rett til å bli sett!

blogg 2 nov 1

La  god progresjon, stolthet, trygghet og verdighet bli allemannseie, ikkje forbeholdt dei som hyle mest mot vinden og bli hørt!

Lat oss lytte til sommerfuglane i blant oss <3

Og kven veit, kanskje lære vi noko på vegen og <3

Rett hjelp til dei som treng det, uavhengig av kva kommune du soknar til eller kva di eiga lommebok seier om deg.

Er det for mykje å be om?

Kva kan DU gjere for å hjelpe?

Og kva kan vi gjere som samfunn ilag?

Different ,but not less!

Eg veit ikkje kor mange gonger eg har skrive det, men det betyr noko, vi er alle like mykje verdt!

La oss gjere ein forskjell <3

blogg 8 nov 2

 

<3<3 Ragne Beate