«Hysteriske» foreldre

26. september 2016

Ordet «hysterisk» er ofte brukt om kvinner som er meir eller mindre frenetiske i si fremferd for å få noko igjennom.

Vi kan vere «hysteriske» når vi ler høgt av ein film, eller vi kan vere «hysteriske» når vi kavar i mot vår betre halvdel i kampen om å få kjøpt den grønne sofaen som du berre ser openbare seg i stua di som eit praktmøbel av ei anna verd, men som mannfolket litt meir lunken ikkje kan fatte kva som er vitsen med å bytte ut den gamle sofaen som er grisegod å ligge å sjå tv i.

Vi kan også vere «hysteriske» når vi vise kjensler, litt for mykje blir altfor mykje, og vise vi for lite, ja så er det gale det og.

Mannfolk kan og vere «hysteriske»- mest relatert til fotball, eller bil..

Foreldre som har autistiske born- dei vert jamnleg sett på som «hysteriske».

Grunnen er enkel.

Ressursterke foreldre vert ofte sett på som «hysteriske» fordi dei nektar å gje seg og står på krava.

Er det noko med poden- ja så er det noko med poden, og vi gir oss ikkje før vi har fått svar!

Og, ikkje for å skryte- jaggu har vi ofte rett og! 

Når ein tenkjer over det, så er det faktisk ikkje så rart.

De skjønar, når ein har born som er så lite sosialt motivert som born med autisme ofte er, og som kommunikativt er så dårlege- sjølv om ein har språk- så merke man så inderleg fort endring.

Fordi vi leitar etter dei!

blogg-26-sept-1

Og her kjem det viktige inn- vi leitar etter det positive, IKKJE det negative.

Kvar einaste dag så ser vi etter framsteg, endringar som ikkje var der før, som kanskje kan gje oss ein peikepinn på at det går framover.

Babyskritt, sneglefart,  WE DONT CARE- berre vi ser noko, noko som kan gje oss litt meir håp.

For vi bere alle med oss eit håp, eit håp om at dei ein gong kan løsne, at det kjem ei åpenbaring forran oss, om ikkje eit under, så svarten heller, eit mini under, det hadde vel ikkje vore for mykje forlangt, hadde det det?

På grunn av foreldres kontinuerlige leiting etter det positive, så oppdagar dei ofte ting som ingen andre gjere.

Og det er desse tinga som gir oss kvaliteten «hysterisk».

La oss sjå på  fyljande linje som eksempel:

«Bornet endrar blikk».

Foreldra ser ei endring i bornet sitt bruk av blikket, det kan vere stivare, «henge fast» lenger, og dei merkar at bornet sitt fell vekk.

Fell vekk på ein heilt annan måte enn det gjorde før, og det gjentar seg gong etter gong.

Altså- vi vert ikkje «hysteriske» med ein gong skjønar de, men om noko repeterast, ja då går alarmklokkene våre.

Det er ikkje sikkert at skulen eller barnehagen ser det, til tross for ein «ein til ein» ressurs, så er ikkje det einsbetydande med at vedkommande på jobb skal klare å få med seg alt, men det betyr heller ikkje at foreldras observasjon er utan betydning.

Foreldra har sett noko- men kva er det?

blogg 27 april 2

Her er ein typisk situasjon der du gjekk frå ressursterk forelder til «hysterisk».

Fordi den andre parten har ikkje sett det de har sett!

Eller kan ikkje identifisere kva de eventuelt har sett.

Og er eit blikk noko å henge seg oppi?

Vel, når ein har litt kjennskap til autisme så veit man at eplipsi er ein føljetilstand som mange born med autisme har.

Kor mykje kostar det å sjekke det opp?

Er det ikkje betre å lukke att skuffer- eliminere vekk, i staden for å mistru kvarandre?

Nei, man skal ikkje springe ned sjukehus på ein kvar liten ting for å sjekke, det er ikkje det eg vil fram til her, det eg vil fram til er at det er utrulig lett å stemple ei mamma eller ein pappa som «hysterisk» i staden for å møte dei på ein ok måte og tenke: «Greitt, dei har sett noko, vi har ikkje det, men det kostar vel ingenting å undersøke litt då».

Det kostar ingenting å ta andre på alvor!

blogg 8 april 1

Det som kostar derimot å bli sett på som «hysterisk».

Ei stor byrde for foreldre, og ein vanskeleg situasjon når det kjem til vidare kommunikasjon.

For INGEN eg gjentar INGEN er meir sårbare enn foreldre som kjempar for bornet sitt ve og vel.

Om det er medisinske vanskar, pedagogiske utfordringar eller utfordrande adferd.

Kva skjer med kommunikasjonen når himlinga med augene kjem, snøftinga tiltar og temperaturen stig?

Og foreldra sit der: «Oss mot makta».

«Oss mot dei som skal hjelpe oss».

Åleine.

blogg 18 feb 2

Eg treng eigentleg ikkje å skrive at tilliten er øydelagt, og lagt i grus.

Kva med ikkje tenke «hysterisk»?

Sjølv om ein kanskje framstår sånn akkurat der og då i kampens hete når foreldra så inderleg ønsker at dei som er forran seg skal forstå si bekymring, forstå deira angst, forstå denne magefølelsen som de har som er genuin- den er genuint tilstede for mamma og pappa!

Kva med å tenkje:

«Dette er ein mamma og pappa som berre vil det beste for bornet sitt, det skal dei få respekt for»

Sjølv om du ikkje er einig, så gir du blanke i himlinga med augene, snøftinga og den tonen som stig og berre vert ekkel.

Og du, det blikket du sende over bordet til kollegaren din, vi ser den og!

Vi er nemlig ikkje «hysterisk».

Berre foreldre som vernar om det kjæraste vi har.

Det har vi lov til.

Respekt for det har vi også fortent.

Og tru meg, ingen er meir glad enn oss om ein ikkje avdekkar noko avvik etter ein undersøking.

Trur du verkeleg vi ønsker noko meir?

 

<3<3 Ragne Beate