«Kunne eg ha gjort meir?»

28. september 2016

Ingen fortalte om den dårlege samvita som skulle ta bolig i ein mammakropp den dagen bornet gjekk frå frisk til «annerleis».

Ingen fortalte heller om skam.

Skam for å ikkje kunne yte som alle andre, skam for å heile vegen måtte be om hjelp, og dårlig samvit for at ein ikkje skal strekke til.

I tillegg så blir det skam av val ein må ta.

Kvifor kjennes det så nedverdigande å måtte ha hjelp?

Avlastning med bismak, utredningar med klump i magen, kjensla av byrde.

Byrde for familien, for samfunnet, skam.

Dårleg samvit er kraftige krefter, den tærar.

Den tærar på det lisje reservelageret du kanskje har klart å arbeide deg opp, det gjere deg nærtagande, oppfarande og at du tar lett til tårene.

Oppgitt og makteslaus i ein kamp mot kjenslene sine, og det her skjer sjølv om du veit at du gjere ditt beste.

Sjølv om du veit at bornet ditt får meget og meir til.

«Kunne eg ha gjort meir?»- ein evig tanke som gneg.

 

Utanfor annerleislivet går dagane sin vante gang, og det er sjeldan nokon ser inn vindauget der den dårlege samvitet sit.

Få skjønar problemet med den tilsynelatande flinke bornet som greier seg SÅ bra på skulen, eller som ikkje ser verken sånn eller slik ut, i alle fall ikkje at han ber på ei diagnose som gjere at han tar seg saman.

Tar seg saman for heile verda, pustar innover, stengjer ute, stressar verre, for så å ta det ut når ein kjem heim.

For heime er det trygt, heime er verda oversikteleg og raus, heime veit bornet at det blir forstått.

At reaksjonen kjem av ein grunn, at det ikkje er noko han sjølv har gjort gale.. Han er bare sliten av å vere «normal».

 

Foreldra på si side er sliten av å prøve å forklare kvifor det vert slik, dei orkar tilsutt ikkje forsvare seg lenger.

Situasjonen går over i skam.

Og i dårleg samvit.

 

Omverda dømmer.

«Kan ikkje vere så gale»

«Overdrivingar»

«Dei må jo berre ta grep!»

Familien på si side, sit resignert tilbake, ute av stand til å forsvare seg, ein kan ikkje forsvare noko som andre ikkje trur på.

Samstundes kjem tvilen:

«Kunne eg ha gjort meir?»

Natta sig over til dag, søvnen kom ikkje denne gongen heller, avlastning trengs, men kvar?

BPA- er det løysing?

Barnebolig?

Kanskje kan familien steppe inn?

Kva godtar kommuna?

KVA GODTAR KOMMUNA?

 

Nokre gonger får ein ikkje ein gong eit val.

Mens andre dømmer:

«Galskap å ha born i institusjon»

«Burde klare  å ha heime»

«Treng DEI avlastning? Eg har no heller ikkje sove denne veka- og eg jobbar i  tillegg»

 

Livet.

 

Dette er også ein del av livet til foreldre med born med spesielle behov.

Ingen fortalde om dårlig samvit og skam då diagnosa kom.

 

Eg vil gjerne fortelje at du ikkje treng å ha det!

 

Må berre minne megsjølv på det fyrst..

 

blogg 4 juni 7

 

<3<3 Ragne Beate