Hei lærar! Veit du kor verdifull du kan være?

30. september 2016

Skulevegrings konferansen har sunke inn, alt info er prossesert, og eg sit igjen med kjensla av at «Ja- ein kan kome seg tilbake, men er skulen villig til å gjere det som trengs?»

 

Og veit læraren kor mykje han eller ho eigentleg betyr?

 

Kraftig inspirert av forelesningane til 4 fantastisk flinke damer, kjem teksten:

«Hei lærar- veit du kor verdifull du kan være?»

 

******************

 

Hei lærar!

Du ja, med 25 elevar i klassa og fullt opp.

Kunnskapssmåla som skal fyljast, IOP som skal skrivast, foreldremøte på foreldremøte, og ikkje minst det psykososiale miljøet som må passast på.

Vi kjenner jo alle PALS ikkje sant?

Modellen skal fyljast.

Klassa er ikkje den enklaste, fleire born med diagnosar, også ei bekymring for eine eleven som kanskje ikkje har det så bra heime?

Og så har vi jo desse to som ikkje snakkar norsk endå, som og krev mykje energi.

I tillegg har vi bornet som ikkje kjem på skulen.

Elev nr 25.

Han har ikkje vore i klasserommet på fleire veker, og situasjonen er fortvilande.

Foreldra prøve så god dei kan det veit du, men siste tida har de ikkje snakka ilag på telefonen heller.

Så du ringer.

Du ringer berre for å høyre kor det går, om det er noko framgong, om det er noko du kan hjelpe med.

blogg 25 mai 1

Veit du kor mykje det varmar?

Kor mykje det betyr for mamma og pappa, men og elev nr 25, som ikkje maktar akkurat no.

Veit du lærar, du er eit bindeledd mellom det skumle og det trygge, ei bru som må byggjast i felleskap, men med deg som bru åpnar.

Lærar , du er  verdifull!

Om du berre maktar å sjå bornet som sit heime som noko spennande, som noko du verkeleg ynskjer å hjelpe- det er då magien kan skje.

Med deg på laget må du ha leiaren din, og hjelp frå dei som kan konteksten.

Konteksten skulevegring.

Planar, konkrete mål, rett tilnærming.

Men det startar med haldninga di- haldninga til kontaktlæraren.

Visjonen om at alle elevar er like mykje verdt- uansett.

At det tek tid? Utan tvil!

At ein vert skuffa på vegen? Garantert!

Men når ein lukkast, når ein opplev den meistinga av å få bornet på skulen, kor fantastisk er ikkje det?

Ei kvar melding betyr noko, eit kvart engasjement er gull verdt, ein telefon for mykje er betre enn ein telefon for lite.

blogg 24 feb 4

Din travle kvardag, tru meg,  foreldre veit!

Foreldre veit meget godt at det ikkje berre er dei som har born som slit, at du som lærar ikkje berre har deira situasjon å hanskast med.

Men vi treng deg.

Vi treng forståinga di, vi treng empatien din, vi treng og fortvilinga og frustrasjonen din, for då vise du faktisk at du bryr deg!

Og vi treng vilje til å tenkje utanfor boksen- og din kreativitet!

Kjære lærar- du er ein nøkkel!

Og du har ein av verdas viktigaste jobbar, utan tvil <3

Med skulens hjelp, ja til og med berre deg åleine, kan vi ilag skape rom for store endringar.

Du må berre vere villig til å kome oss i møte.

Blogg 6 des 1

I din travle kvardag er 24 elevar fokuset og den 25 som ikkje er der, eit «ikkje problem».

Den eleven treng å  få kome tilbake.

Der kan du som lærar sitte med jokeren.

 

Er du klar?

 

<3<3 Ragne Beate