«I helga kom du til meg med ei teikning.
Du har teikna mykje siste mnd, eigentleg teiknar du mykje heile tida, men no har det nesten tatt litt av.
Frå alle vinklar teiknar du båtar, du lagar teikneseriar om deg og bror din som er på eit eller anna tokt.
Du har stolt laga teikna av din eigen «SS Laurits» der du skal mønstre på når du vert gammal nok, og ha med deg din trufaste kaptein Georg.
Teikninga du kom med denne gongen var bilete av ei skipsbru.
Du fortalde meg at det var brua di, på «SS Laurits» men eg kjende den igjen.
Her hadde eg vore ein gong, eg kjende att detaljane, korleis stolane på brua sto i forhold til dei andre tekniske apparata som også er på ei båtbru.
Så slår det meg:
«Herlighet, guten har teikna brua til båten til pappa, i mitt hovud nesten heilt identisk med korleis det såg ut der, og det er over ein månad sidan vi var ombord på besøk!»
Eg vart lamslått, korleis er det mogeleg?»
Inni deg, kva bur der, kva kapasitet finnast det i ditt unge sinn?
Når du kan gjenskape ei båtbru, berre ved å vere der ei lita stund ei dag, og det over ein mnd etter at vi var der.
Få ned alle detaljane, setje ting på rett plass, kva seier ikkje det om deg som person?
Bornet utan filter.
Klarar du å sortere ut andre inntrykk som kjem? Eller kjem alt inn like sterkt som brua til båten til pappa?
Kjem alt du ser inn slik? Så detaljert, så skarpt- så overveldande?
Kanskje er det difor du teiknar så mykje, fordi du på den måten får ting ut, ned på papiret, nesten som vi andre som tek bilete for å hugse at vi har vore med på noko?
Eg berre undrar lisje ven, eg er så facinert av evna dine, så blåst av føtene av den kapasiteten du innehar, og samstundes så sårt å oppleve at det er så få som skjønar den.
Samstundes kjenne eg veldig på at eg og må verne deg, la deg få lov til å teikne ut inntrykka dine, så det ikkje blir for mykje kaos.
Eigentleg er du heldig, som klarar å teikne- når annan kommunikasjon vert for krevjande for deg.
Mamma er takknemleg for det.»
Eg skriv denne teksten for å setje ting litt i perspektiv.
Vi snakkar ofte over hovuda på born med funksjonshemming, vi gløymer kapasitetane deira når dei ikkje kommuniserer med oss på den måten som vi er vande med at born gjere.
Adferd vert ofte kjefta ned i staden for å ta seg to minutt og tenkje seg om, «kan det vere noko anna som er grunnen til at det her skjer?»
Samstundes som at «ingen filter» ikkje vert nok tatt til etteretning , eller at sanseforstyrringar er reelt.
Vi undervurdere dei, og vi trur ikkje, vi trur ikkje det kan vere så gale.
Men dei tar inn, får ting med seg, og misforstår fordi vår verd ikkje er lik deira, og dei tar det inn utan filter!
Det kan vere så gale.
Også difor treng born med autisme pausar i travle kvardagar, treng skjerming, treng hørselvern, treng å få utrykke seg på sine måtar.
Nokre med teikning, andre med ei pause med ein film på youtube, eller kanskje spele eit spel, og for nokre kan det vere godt å sitje og høyre på musikken sin, med headsettet på hovudet, sjølv om det kanskje ikkje passar omverda akkurat då.
På den måten å få rykke litt tilbake til start, hente seg litt innatt, bearbeide inntrykk.
Dei treng det,dei MÅ ha det.
Vi treng det kanskje ikkje, vi rundt.
Men, vi har heller ikkje autisme,.
Vi har eit velutvikla selektivt system som gjere at vi kjøyre filtera på når vi må isolere ut noko og konsentrere oss.
Stort sett god manøvrering i eit liv med lyd, lys, lukt, krav, forventingar, normer og mas, og ei forståing av verda slik den er.
Klare du å setje deg inn i eit liv der ein leve utan filter?
Eg kan ikkje..
Men det eg kan er å erkjenne at det er sånn, og både tru og respektere utfordringa.
Det fortener både mine og andre born.
<3<3 Ragne Beate