Autismeforeldres nådegåve: Vi ser deg <3

9. oktober 2016

Dagens media og samfunnets krav skylle over oss med dårleg samvit dagleg.

Vi skulle gjere sånn, vi burde i alle fall definitivt ha gjort slik, og er du ikkje ein del av «det» så er du ikkje skikkelege foreldre.

Bahh!

Det er vel ikkje lenge før ein får handboka utlevertpå førdeavdelinga:

«1000 ting man ikkje må gjere som foreldre».

Vi er for mykje på telefon, for lite tilstades osv osv osv.

Foreldre har rett og slett ikkje tid lenger-ifølge media.

Så, i lys av å vere autisme og ADHD mamma, så har eg tenkt å skrive ein tekst om kvifor vi skal vise samfunnet sitt påførte dårlege samvit fingeren!

blogg 28 juni 1

 

«Kjære mamma og pappa 🙂»

Denne teksten er til deg som ikkje har tid til å sjå så mykje på smart telefonen din, fordi i det du gjere det så er kanskje doen blitt omgjort til ein sjø, bleia er havna på plassar den ikkje skulle gjere eller bornet ditt er borte vekk.

Sistnevnte er ofte svært aktuell, og medføre ein del pulsauke, heftig auke i blodtrykk og ikkje minst at hjartet hoppar over nokre slag.

Somoftast finn ein att «Speedy gonzales» rimeleg kjapt, men gjere ein det ikkje, så lære man i alle fall leksa si bigtime!

Ein er berre nøydd til å vere på- alltid.

blogg 27 april

Både nettbrett og smart telefon må vike når du får bornet ditt heim frå skulen, fordi, sjølv om det kanskje har språk, så er det ikkje sjølvsagt at det kan forklare kva som har skjedd.

Og, her kjem det eit ganske så artig poeng, kanskje vi skulle ha langsert det til media ein gong:

Vi treng å vite kva som har skjedd på skulen eller barnehagen, det er livsviktig!

Difor brukar vi og tida vår til det, kvar dag..

Du er som forelder avhengig av telefon frå skulen, kontaktbok, og ikkje minst ei total vurdering av korleis dagen forløp FØR bornet ditt kom seg av garde, for å fine ut korleis ettermiddagen og kvelden din kan bli.

Ein må lokke og lure, legge til rette vente… vente og vente…

blogg 23 juni 1

Vente til bornet har nok ro til å fortelje, vente til dei klarar å finne orda denne dagen, kanskje treng ein og bildestøtte for  kunne gjere seg forstått.

All denne tida må ein ta, fordi ein treng å vite om noko har skjedd.

Og nei, ikkje nødvendigvis negativt- dei får vi jo somoftast vite om uansett.

Men dei positive tinga, som at ein har leika med A, eller har hatt B med seg på grupperom, eller at ein laga pølsesuppe i mat og helse og berre spiste pølse fordi det var noko grønt i suppa.

For foreldre med autisme er det så viktig å vite, fordi det legg på ny vegen for kommunikasjon og relasjon med sitt eige born.

Den kommunikasjonen som andre tek for gitt, kanskje i kompani med eit sosialt medium.

Tolkinga og rettleeiinga med bornet, faktumet at du må heile vegen vere i forkant, styrke dei gode sidene og prøve å dempe dei svake eller vanskelege.

Tid du bruke på automatikken.

Har du nokon gong sitte med kaffikoppen din attåt kjøkkenbordet og tenkt:

«No legg eg til rette og rettleiar bornet mitt til å evne å ete frukosten sin slik at han ikkje vert underernært og sjuk»- satt på spissen ,eg veit det, men for å illustrere tidsbruk ein ikkje tenke over.

Og qluet her er evne. Bornet evnar ikkje difor må vi hjelpe.

Evnar ikkje- det er ikkje mykje fokus på det i samfunnet- når det vert satt endå fleire krav!

Kvelden kjem og bornet har gått til ro.

Du sitt i sofaen som ei vridd vaskefille og ser på at du skulle og burde ha gjort, men som du ikkje fekk gjort fordi du hadde ein dag der bornet trengte alt.

Treningsturen gjekk fløyten, same med husvasken, og venninne/ kompis kvelden du eigentleg hadde tenkt, den orkar du berre ikkje.

For kven veit når du skal vakne i natt, eller heller kor mange gonger du skal vere vaken i natt?

Og kva er eigentleg klokka når bornet ditt smilande kjem krypande i senga di og høgt erklærer: EG ER VAKEN!

blogg 9 mai 1

Så kjære mamma og pappa.

De kan få ha dårlig samvit for mykje, det er både menneskeleg og normalt, men ein ting må de berre hugse på:

Er det nokon som gir borna sine av si tid, så er det dykk!

Vis samfunnet sitt påførte dårlege samvit og krav fingeren, og sei:

«Bornet mitt? All tid, all ressurs, 24/7 ,året rundt»-og gjere det med stolthet !

 

<3<3 Ragne Beate