Berre ein gullfisk?

12. oktober 2016

Eg blir stadig forbausa over kor lite som skal til for å glede eit born som ser livet på ein heilt annan måte enn alle andre.

Det skal vel akkurat like lite til som å øydelgge ein kvardag om ikkje alt går etter planen 😉

Vel.. i går fekk Laurits endeleg kjøpe seg gullfisk.

Han har av ein eller annan merkeleg grunn ynska seg gullfiskar i mange mnd, eg anar ikkje kvifor, vi har ikkje snakka om gullfiskar, ei har vi hatt det på mange mange år, men han har vore så fast bestemt på at han måtte få seg ein gullfisk.

Den skulle og bu i eit vrak, slik som Nemo.

Eg har prøvd å tone ned heile opplegget, ikkje lagt noko større vekt på det i det daglege, for eg tenkte no som så at 5 ender, 2 kattar, 9 kyllingar, 3 hanar, ei høne og hunden Spike måtte  vere nok.

Men, i går måtte eg gje meg.

Familien Larsen skulle på felleskjøpet og bunkre for til dei resisterande dyra nevnt over, og her hadde Laurits bestemt seg, gullfisken skulle i hus!

Hadde eg vissta kva som skulle skje seinare så hadde han fått den for lenge sida <3

Noko stort akvarium var ikkje tale om, eg tenkte no ein liten gullfisk bolle ville gjere nytta si, men det var ikkje særleg mange fiskar som ville ha overlevd i eit slik liten bolle fekk eg opplyst, så då fant vi eit 10 liters akvarium med pumpe på tilbod (puh).

Men vraket- det hadde dei.De skulle sett stjernene i augene på guten då han kom med vraket sitt i handa.

Heilt forsiktig løfte han det opp til meg, og seie « Mamma- få den?»

blogg-12-okt-1

Eg hadde faktisk ikkje hjerte til å seie nei, og det kunne faktisk vore verre, de skulle sett den modellen av «Titanic» som var der, den var svindyr, og heldigvis ALTFOR stor til vårt lisje 10 liters prosjekt! (dobbelt puh).

4 fiskar ala 25 kr stk fekk vi og med oss heim på ferda.

Hadde ikkje øyrene vore tilstades så hadde smilet til guten gått rundt <3

Vel heime satte vi i stand bollen og hadde offisiell synking av vraket ned på botnen med alle man alle tilstades.

Som tildligare nevnt så tullar man ikkje med begrepet «synke» i heimen vår.

Laurits er lukkeleg, han er så lukkeleg at han veit ikkje kva han skal gjere av seg.

Tenk- på grunn av fire fisk på 6cm og eit vrak.

Han snakkar med fiskane, fortel dei lange historiar på kav austlandsk, han har sikkert snakka meir med fiskane på desse timane enn oss tilsaman denne ferien.

blogg-12-okt-2

Han teiknar til fiskane og han nyte det.

Nyte berre å sjå.

Tenk kor mykje vi kan lære av han alle saman, om å nyte dei små augeblikka, nyte dei små gledene som livet gir.

Som eigentleg berre er ein gullfisk!

Eg skal innrømme at eg var litt smart i val av fisk, dei er identiske og kan lett erstattast med ein ny om noko skulle tilstøte dei.

Kanskje  dei vert torpedert av ein pirat?

Eg har i alle fall plan A-B-C og D klar om det skulle kome eit dødsfall.

Lykke i ein firkanta boks<3

blogg-12-okt-4

 

Different but not less <3

<3<3 Ragne Beate