Sjå til meg som liten er..

13. oktober 2016

Det er så lett å sitte i Oslo

Som politiker på eit kontor

Og kaste steinar på kvarande

Om avgjørelsar på deira bord

 

Det er så lett å kalle andre for dumme

Eller hyklar passar kanskje godt?

Om avgjersle på vegne av dei andre

Som trakk eit liv med eit heilt anna lodd

 

Ja, eg snakkar om dei aller minste

Dei som aldri ropar høgt

Mange av dei er og utan taleevne

Dei treng hjelp av andre for å bli hørt

 

Eg snakkar om menneske med ressursar

Dei de ikkje vil sjå!

Dei som kan yte ein heil masse

Men tilrettelegginga den må dei og få.

 

De kuttar i støtte til kommunar

Eit bein som snart er saga av

Ein ryggrad som snart broten

Er det snart meir å sage av?

 

Korleis i all verda skal kommunane klare

Å ta vare på desse små

Som ikkje kan rope eller tale

Når det knapt finnast pengar sånn det er no?

 

Det er mange måtar å spare

Å få ein god økonomi

Men her kjære politikar

Her er du i ferd med å gli!

 

Ved å vedta eit slikt kutt i budsjettet

Legg du og til endå ei bør

Til utslitte og vragsovne foreldre

Med foreldrehjarte som blør!

 

Med ei framtid som bringe fram redsel

I et av verdas rikaste land!

Som ikkje har råd til å ta vare på dei svakaste

Veit du kva, DET er regelrett ei SKAM!

 

Kven som er hyklar eller klovn bryr meg ikkje

Ei heller kven som seier kva

Det som bryr meg det er menneskeverdet

Og at dei minste må få det dei skal ha

 

Av trygghet, av omsorg og kjærleik

Og hjelp til å kome seg i jobb

Ein trygg bustad å bu og

Og utfordringar tilpassa den enkeltes kropp

 

«Sjå til meg som liten er» kjære politikar

Eg valgte ikkje det livet eg fekk

Det gjorde heller ikkje mamma eller pappa

Men vi kan ikkje velje det vekk!

 

Ikkje ta frå meg mogeleghet til å blomstre

Til å vere nyttig akkurat slik eg er bygd

La oss ta vare på dei små her i livet

Dei store, ja dei har jaggu meg sterk nok rygg!

 

blogg 27 mai 2

<3<3 Ragne Beate