«Tilstades, men ingen åpnar når ein bankar på»

17. oktober 2016

 

«Korleis er autisme?»- det har eg fått spørsmål om mange gonger, og eg anar ikkje kva eg skal svare.

For eg er ikkje autist, eg kan ikkje svare for korleis den verda opplevast for mine sine eller for alle dei andre menneska rundt om i verda som har dette annerledes synet på livet.

Som vi nevrotypiske kallar ei diagnose.

Ei autismespekterforstyrring.

blogg 27 mai 1

Ein del av meg har lyst til å begynne på leksa om det sosiale, sanseforstyrring eller at dei ikkje snakkar slik som alle andre.

Men det hjelp ikkje, det er berre ord, eg trur ikkje den menige mann i gata klare å sette seg inn i det her om eg forklarar det sånn.

Det er litt for spesielt og unikt slik eg ser det, og andre som ikkje skjønar vil vel heller kalle det sært.

Men, her hin dagen så fekk eg igjen spørsmålet om autisme og korleis det funkar.

Eg kunne ikkje svare skikkeleg den gongen heller, men eg har grunna lenge på det, og eg trur no eg ville svart sånn :

blogg 2 april 3

«Det er akkurat som om ein står utanfor døra og bankar, innanfor veit du at det er eit fantastisk menneske med så masse ressurser.

Mennesket der inne bak døra er kjempesmart, har evner om sine særinteresser som kan blåse deg av stolen, og har det nydeligaste smilet du nokon gong kan tenke deg.

Når mennesket let deg få lov til å sjå smilet.

For her kjeme den store forskjellen mellom ditt born utan autisme og mitt born med.

Dei skjønar ikkje vitsen med å opne opp, og dei evne ikkje å gjere det åleine.

Vi må hjelpe dei inn i vår verd.

Ynskjer dei vener?

Ja, det gjere dei!

Ynskjer dei opplevingar?

Ja, det gjere dei!

Ynskjer dei å vere ein del av våre liv?

Ja, det opplev i alle fall eg at mine gutar vil.

Men vi må hjelpe dei til å klare å opne døra.

blogg 7 mars 2

Når det bankar på døra deira så vil dei kanskje ikkje opne fordi dei ikkje veit kven som står på andre sida, dei veit heller ikkje korleis dei skal te seg om dei opnar, og difor vel dei ofte å la være.

For det er lettare det.

Du spurte meg kva autisme funkar?

Autisme funkar på den måten at for å få opp døra og kome seg inn til det fantastiske mennesket der inne, så må ein ha forberedd godt.

Vekommande må vite at du kjem, vite at du er til å stole på, og kva tid du kjem.

Når du kjem må du ha ein plan, og den planen må og vedkommande innanfor døra vite.

Du må gjennomføre planen til punkt og prikke, og du må i tillegg ha plan A-B-C  og D i backup.

Samstundes må du vere villig til å kjenne litt på dine fordommar, gå litt i konflikt kanskje med det du er oppdratt til sjølv, og vere villig tilå strekkje deg lenger enn du normalt ville ha gjort.

Reaksjonane som kjem kan vere heftige, men dei kan og gå over om ein berre orkar å prøve litt til, lokke litt til, lure litt til, trøste litt til..

For å nå målet.

Du må finne dette mennesket innanfor døra så facinerande at du går all in for å få det til å opne døra.

Mennesket innan for døra vil ikkje alltid opne den, men det er ikkje så veldig unik med det, for slik er vel vi alle.

Det er ikkje alltid vi vil opne opp og face livet er det vel?

Nokre gonger vil ein berre vere innanfor husets fire veggar og er god og komfortabel med det.

Og det må vi hugse å respektere.

Det finnast tider der ein har lov til å ikkje opne døra, har lov til å fordjupe seg i det som interesserar seg, om det er krig og elende eller fjord 1 sine ferjer og ferjeruter.

Men det kan ikkje vere malen- heller ei vurdering

blogg 8 april 1

Autisme funkar for oss som ikkje har det på den måten at ein aldri kan gje opp, uansett kor mykje man blir avvist.

For avvist blir du, og du vil bli det mange gonger.

Men målet er at døra skal opp, om enn berre litt på gløtt!

Eit kvart framskritt er ein siger, og eit kvart nederlag er berre et utsetting av sigeren som kjem der framme ein plass <3

For den kjem <3

Om du berre ikkje gir opp!

Slik ser eg autisme og kva det er <3

Vil du vere med å prøve?»

 

<3<3 Ragne Beate