Kva er forsvarleg avlastning?

19. oktober 2016

Teksten eg skrive i dag handlar ikkje om avlastning i seg sjølv. Eg snakkar ikkje om manglande vedtak eller det å i det heile få avlastning.

Eg vil skrive ein tekst om kva forsvarleg avlastning virkeleg er:

 

«Å få avlastning innebere at nokon andre skal ta vare på dine skattar mens du gjere noko anna, mens du ikkje er tilstades.

Det betyr altså at ein må gje opp ein kontroll, og ein må kunne stole på og ha tillit til at den som tek over ansvaret er kompetent til jobben og innforstått med kva den innebere.

For mange høyres det her griselett ut, alle har jo ein eller annan gong barnevakt til sine born, og det kan no vel ikkje vere så vanskeleg å ta seg av ein unge eit par timar i veka eller ei helg.

Det er her eg må protestere, det er her eg må sette ned foten, det er her eg må seie :

Veit du kva, avlastning er ikkje barnepass eller oppbevaring for at foreldre skal få «fri».

blogg 30 jan 1

Avlastning er eit enormt ansvar for den eller dei som skal uttøve den, og ei tillitserklæring mellom mamma og pappa og den eller dei som utføre oppgåva.

For viss ikkje, så er det nemleg ikkje avlastning..

Avlastninga skal vere forsvarleg, er ord som vi foreldre møter på vår veg.

«Tenesten skal vere forsvarleg».

Men kva er forsvarleg avlastning?

Er det at fare for liv og helse er ivaretatt? Eller dekker begrepet vern, omsorg, tilstedeværelse, og ikkje minst kvalitet.

For, det er ei misoppfatning i at avlastning er noko vi foreldre berre tek i mot for å få oss ei helg eller to fri- altså hallo!!!

Vi krev kvalitet på den avlastninga som blir gitt, og det er søren meg ikkje storforlangande, det er borna våre vi snakkar om!

Vi foreldre prøve så godt vi kan at borna våre skal få så gode opplevingar som overhode mogeleg, fordi dei vert frarøva så myke på grunn av diagnosa si.

blogg 30 jan 2

 

To eksempel som fyljer:

Lisje Per på 8 år er på fotball cup ilag med mamma og pappa.

Foreldra ler seg i hel inni seg over klyngefotballen der alle borna spring som sauder etter ein ball og skal prøve å få den i mål.

Per er sist på ballen, han scorar! Gleda han føle og stoltheten har vise er så stor at den tek heile rommet, og mamma og pappa  hiv henda sine i veret og jublar!!

Meistring!

Lise er 10 år gammal og skal spele sitt fyrste piano stykke for kulturskulen. Ho har øvd kjempelenge, og mamma har hjelpt ho med siste terpinga.

Ingen veit kven som er mest nervøs, om det er pianolæraren, mamma eller Lise.

Men når stykket er vel gjennomført  omtrent utan feil sit både mamma og pianolæraren med ei tåre i auget- dei veit kva jobb som ligg bak.

Lise sjølv er letta og stolt.

Mine born får verken oppleve det Per gjorde eller det Lise klarte ,ikkje fordi dei ikkje vil, men fordi to-tre dumme diagnosar set ein stoppar for det.

Eg får heller ikkje gleda av å vere med å oppleve det same som dei aller fleste foreldre får, på cup, på kulturskulen eller i turnsalen.

Difor vil eg som mamma finne meistring for mine sine andre plassar, opplevingar som gir noko, som fjellturar, tur til svømmehall eller fisketurar.

Også på avlastning.

Avlastning må og skal ikkje vere oppbevaring, det er på den arenaen born med spesielle behov har si fritid, si oppleving utan mamma og pappa, og det er der dei får mogeleghet til å komme heim og fortelje.

Med bilde, med ord eller med gester- at dei har hatt ei oppleving, at dei har hatt det kjekt.

Det er avlastning for mamma og pappa!

blogg 18 nov 2

Korleis man oppnår ei slik avlastning der meistring og oppleving står i fokus og vert gjennomført er individuelt.

For nokre passar ein arena fint, for andre er det annan avlastning som må til for å få gjennomført på ein god måte.

Ingen er like, sånn er det berre.

Blogg 18 feb

Så, kva er forsvarleg avlastning? Eg meiner og står for at :

«Ei forsvarleg avlastning er  gjennomført når mamma og pappa kan legge seg og sove den natta bornet er borte og er heilt trygg»

Ikkje før.

blogg 24 feb

 

 

<3<3 Ragne Beate