Kven takkar deg når du ligge nede?

22. oktober 2016

«Ragne, du må hugse å ta vare på degsjølv- ingen takke deg den dagen når du ligg nede altså!»

Eg anar ikkje kor mange gonger eg har hørt den linja der.

På møter, frå vener eller frå familie.

Alltid framsatt velmeinande, og ofte med medføling- meir eller mindre genuin.

«Jada» svarar eg, «eg passar på.»

Sanninga er at du er utslitt og utmatta.

Ein ting har alle rett i, det er ingen som kjem og takkar deg for innsatsen du legg ned over år, for familien din, for foreninga di, eller for ditt yrkesaktive liv som du med nød og neppe kanskje har klart å sjonglere på sida av det livet du leve heime.

Det er ingen som takkar deg for alle tårene du ha felt, all frustrasjonen du har gått igjennom og alle nederlaga du har jobba deg igjennom år etter år etter år.

Men, det er heller ingen som har spurt deg:

« Kva ein kan gjere for du ikkje skal knele, for at du ikkje skal ramle og bli liggande nede.

Er det ikkje rart?

Alle ber deg om å halde deg på føtene, men ingen spør deg kva du treng for å halde deg oppe.

blogg 11 april 2

Hadde ein gjort det så hadde man fått så mange individuelle svar.

Nokre hadde kanskje trengt 2 timar fri så dei fekk lov til å ta seg ein treningstur åleine, eller kanskje dei berre trengte ei venninne som ringte og spurte om du ville vere med på kafe.

Venninna som tåle 15 nei, men som holdt ut og forsette å spørje til den dagen då vedkommande makta å kome seg ut av huset.

For andre kan det å få hjelp til å vaske huset vere nok til å kome seg over kneika, eller at bornet som slit sånn med buss kan få taxi, utan at ein må krangle seg gul og blå på det.

Og, nokre treng omfattande avlastning og anna hjelp heime.

Alt er like normalt.

Fordi vi er forskjellige som menneske, forskjellige på måtar vi taklar utfordringar på, og forskjellige i måte å møte med andre.

Å føle seg åleine er verst, det nærar ingen gode kjensler eller gir nokon giv til å kome seg vidare.

Og å føle seg åleine er noko vi foreldre med barn med spesielle behov er ekspertar på- fordi det vi held på med, på kvar vår holme, er så sært, så lite gjenkjenneleg for samfunnet ein har rundt, at åleinefølelsen ligg der å syge energi litt oftare enn ein ynskjer å innrømme sjølv.

Å halde eit menneske oppe treng ikkje koste allverden med pengar- det treng ikkje å bety enkeltvedtak, avklaringar eller møtevirksomhet.

Det treng heller ikkje å bety at ein må ha kompetanse, utdanning eller gud forby ein følelse av «plikt».

Det handlar om å bry seg.

blogg 28 april 2

Det er ingen som står over deg og applauderar når du ligg der, som takkar deg for all innsatsen du har lagt ned igjennom alle år for dine sine.

Akkurat det trur eg vi alle veit.

Det vi kanskje ikkje er flinke nok til vi som lev oppi det er å ta det til etterretning, og ta faresignala vi får nok på alvor.

Så, i staden for å gje eit velmeinande råd:

Applauder den jobben vi gjere bra, trekk fram det positive, set fingeren på det du er redd for kan skje, også når vi vilt protestear og nektar å innsjå fakta, og spør:

«Kva må til for at du ikkje skal gå i kne?»

 

Rett og slett.

 

Det enklaste er ofte det beste <3

blogg 25 juni 1

<3<3 Ragne Beate

 

 

  • Linda Nordli

    Hei. Dette var veldig bra skrevet. Jeg har en venninne som har pleid å komme langveisfra på besøk ett par ganger i året. Når jeg var på jobb vasket hun alt hun kom over pga at jeg var så sliten bestandig. Det var fantastisk å komme hjem til nyvasket hus, vaskede klær, rent i til og med vitrine skapet. ytterdøra var til og med vasket på yttersiden hehe.

    sånn er broren min også . Istedenfor å bare kommentere hvor sliten jeg var, så hev de seg rundt. Det er den hjelpen jeg husker best og som jeg alltid vil ta med meg

    Hilsen Linda Nordli

  • Sidsel Anita Ekblad Itland

    Du setter som vanlig ord på følelser og tanker jeg ikke visste at jeg hadde – og setter meg på sporet av praktisk medmenneskelighet når jeg blir handlingslamma og tafatt i møte med andre som sliter på andre måter enn meg.