Å skjøne dei små tinga før dei store

25. oktober 2016

Eg trur vi kan einast om ein ting: Vi vil stort sett alltid mangle den ekstra ressursen.

Det er utrulig lett å seie: «Vi treng sånn, vi må ha slik, skulen her bør utan tvil sette fokus på sånn»

Så følgje vi opp med:

«Vi bør ha kompetanseheving på dette, men også det her, og vi burde utan tvil ha vore innom desse problemstillingane og, dessverre har vi ikkje fleire kursdagar å ta av, så vi får heller prøve å kome innom det ved eit anna høve».

Og så strandar det.

Det strandar ikkje på uvilje, eller evne til å ta til seg lærdom.

Ei heller på manglande motivasjon.

Det strandar på mangel på tid, på massevis med utfordringar i skulen som ikkje nødvendigvis har med autisme å gjere, men heller eit hav av utfordringar ilag med autisme som og treng si tid.

Alle skal ha- alle skal få- i alle fall litt.

Vi vil alltid på ein eller annan måte mangle ein ressurs.

blogg-22-sept-1

Så, kva kan ein gjere sjølv for å betre kvardagen til elevar, når ein mangle ein ressurs?

Korleis kan ein best muleg bøte på manglande tid og ei hand for lite?

Ein kan starte med å skjøne dei små tinga før dei store.

Som overgongar.

Vi foreldre vi forberede oss alltid til overgongar, om dei er store eller små.

Dei store overgangane skulle man vel tru var mest tidkrevande- men det er berre fordi dei synest.

Store overgongar synest fordi dei involvere så mange fleire enn berre heimen.

Ein stor overgong, som for eksempel skuleskifte, involverer PPT, ny skule, ny rektor, ny lærar, samstundes som noverande lærar skal uttale seg, det er ofte ein assistent inni bildet , og ikkje minst bornet sjølv.

Ny sakkundig vurdering, ny IOP, ny innkjøring- vi snakkar vridde magar i angst, haudeverk og bekymring om korleis dette skal gå, og dessverre ofte stor motvilje frå bornet side om å faktisk gjere dette bytet.

Gjenomføre denne overgongen.

Men-om alt går bra, så gløyme alle dei andre at vi jobba så inderleg før det skjedde.

Alle andre enn mamma og pappa- for vi driv med dette til dagen.

Ein overgong er eit byte, uansett byte. Og ein god huskeregel når ein jobbar med mennesker med autismespekterforstyrring.

Vi  foreldre kjempar med overgongar omtrent i alt vi gjere, og frå augene våre blir vridd opp ein gong før fuglane fise, til vi finn senga ein gong langt der framme.

Faktisk er det noko av det som tar mest tid- fordi borna våre ikkje takle desse skifta.

Og poenget mitt her er at det er ikkje snakk om dei STORE greiene- det kan vere nok at ein må avslutte frukost for å gå til gangen.

Det er faktisk eit byte.

Og , eg oppleve som mamma at det er summen av desse uforutsigbare byta iløpet av ein dag som gjere at borna blir

  1. Stressa
  2. Slitne
  3. Frustrerte
  4. …i verste fall uregjerlige.

Summen av byter alle vi andre gjere heilt automatisk og utan å tenke.

Dei er ikkje nedfelt i ei sakkyndig vurdering, ei heller ført i ein IOP, den er ikkje eingong omsnakka på eit møte.

Det er den naturlige delen av våre «vanlige» sitt liv mot den unaturlige og krevande opplevelsen for bornet med autisme, som kan føre til ei verd som blir lagt i grus.

ain-mr-10

Kan man skjøne det? Vil man skjøne det? Er man villig til å tenke slik?

«At alle byte er ein overgong

Alle byte kreve litt energi, og at summen av byter tilslutt har spist opp energien, også reserven.

Og,at det også er ein av grunnane til at born med autisme treng skjerming, pauser, tid til å hente seg innatt.

Og at kombinasjonen med alle desse bytene, dårleg sosial kompetanse og sanseforstyrringar kan være fatal.

Eg forstår at å skjøne sanseforstyrringar kan vere vanskeleg for dei som ikkje oppleve det til dagen.

Eg har og stor forståelse for at det kan vere kjempevanskelig å skjøne at born ikkje klarar å leike ilag med andre born eller at dei ikkje har evne til å halde fokus.

Difor seier eg- tenk i det små.

Tenk at ein kvart byte er ein liten stein, og legg man nok slike små steinar oppå kvarande så vil det til slutt rase.

Difor er der viktig om ein klarar å unngå at det kjem for mange steinar oppå kvarandre iløpet av ein dag.

Det kan vi alle hjelpe til med, med eller utan kurs og kompetanse, med eller utan den ekstra ressursen.

Eller- som eg heller vil seie, mens vi ventar på den ekstra ressursen- for den treng vi alle !

 

blogg 22 mars 3

Different but not less <3

<3<3 Ragne Beate