Kor mykje ville du ha tålt?

29. oktober 2016

« Du er din eigen lykkes smed, det er opp til deg sjølv korleis du vil leve livet ditt»

Har du hørt den før eller?

Det er du sjølv som er leiar av skuta, leiar i ditt eige liv, det er du skal gjere prioriteringane som skapar gode verdiar, haldningar og gjere deg til ein god samfunnsborgar.

Berre du.

Men, tenk deg at du vert fråtatt denne gåva.

Gåva av å styre ditt eige liv.

Fordi du har ei utfordring som krevje at du trenge bistand.

Frå no av skal du sjå for deg at nokon andre skal styre det.

Denne «andre» , den skal fortelje deg kvar du skal bu, kven som skal vere i saman med deg og hjelpe deg med dei utfordringane du har, og kva du skal gjere på i livet ditt.

Livet er innstilt etter eit skjema som skal samsvare ilag med veldig mange andre som er i din situasjon.

Du blir altså satt i ein kø.

Byter som kjem undervegs, det må du berre tåle, sjølv om du har ei utfordring som tilseie at byter er kjempevanskelege for deg.

Kanskje like du heller ikkje den eine assistenten som er der ilag med deg mange timar om dagen.

De har berre ikkje rett kjemi, parfyma vedkommande brukar gir deg kvalmebyge, og ho tar i deg på feil måte.

Det er ingenting du hatar meir her i verda enn å bli stryke på kinnet, og det gjere ho konstant!

Alle snakkar og over deg, gir beskjedar seg i mellom akkurat som om du ikkje er der.

Du er der jo, med språk- treng berre litt tid til å klare å konstruere rette setningar i hovudet.

Når du er klar, er dei andre allereie over i operasjon 4.

Du ville veldig gjerne uttale deg om det som skjedde i operasjon 1.

blogg 23 juni 1

I papira dine står det fine ord som « brukarmedvirkning» , «samtykke», «brukar i fokus».

Finnast det tid til det?

Finnast det fokus til det?

Så du blir sint.

Då snakkast det om «utagering», og det diskuterast om korleis ein skal unngå å bruke tvang meir enn høgst nødvendig.

«Brukar er sint».

Kvifor er «brukar» sint?, spør eg..

Kor mykje hadde du tålt om du skulle prøvd dette livet?

Livet som ikkje alle, men dessverre mange mennesker med utviklinghemming opplev.

Eit liv der råderetten- som står så sterkt i kommunane- forsvinn til intet når du blir brukar i eit system.

Med ansatte som gjere så godt dei kan- med klokka i mot seg heile vegen.

blogg-28-okt-1

(Lånt fra fotosearch.no )

«Jammen sånn hakje vi det»- er det nok mange som tenker.

Så flott!

Det hjelpe ikkje dei som har det vanskeleg.

Vi må tørre å ta tak der og!

Det hjelpe ikkje søsken at mange no prøve å motseie Elin Ørjasæter sin påstand om hennar eiga oppleving.

Det hjelpe ikkje familiar i krise at nokre familiar profiterar på eit sett med ordningar, når det ikkje funke for den aktuelle familien.

Og det hjelpe ikkje dei svake i samfunnet at vi fokusere på at ein fekk det til kanonbra i ein bustad- når det er 10 andre som blør!

Kanskje er no tida inne i å «konkurrere» i kven som er flinkast i å komme med konstruktive løysningar på korleis vi kan betre dei funksjonshemmede sin råderett.

Til eit verdig liv med tilrettelagt jobb, godt sosialt nettverk, og meiningsfulle opplevingar som gir positiv energi.

Vi kan og «konkurrere» i å vere best i å sjå dei positive sidene til desse som kjem med litt ekstra bagasje, sjå styrkene deira i staden for svakhet.

Også tenke eg at vi alle kan bli best i konkurransen : « Lytt til dei som veit kvar skoen trykker- dei har spisskompetansen på eige liv».

Kor mykje hadde du tålt før du hylte i frustrasjon over eit uverdig liv?

Ein dag kanskje?

For mange er dette livet!

La oss hyle ut om det!

blogg 7 jan 3

<3<3 Ragne Beate