Man må finne sin eigen «normal»

31. oktober 2016

I natt vakna vi, eg seier natt og eg seier vi for det er slik det er.

Vaknar ein vaknar to og den tredje vaknar høgst motvillig.

Eg orka ikkje sjå så nøye på klokka, eg berre registrerte at det var 04 eit eller anna, kva som sto bakom var uvesentleg – det var natt for mor og morgon for gutar.

Det tok ikkje lang tid før «Blucher» var i ferd med å synke, facinasjonen for store hendingar i verdskrigane sit djupt i gutane mine, og dei kan så mykje.

Orda trillar uttav dei, årstall, personar, kor mange torpedoar, kven sto på brua og kven var på Oskarsborg.

Dei fordele oppgåver, samarbeidar seg i mellom for at denne historia, eit lite stykke norsk historie ,skal bli gjennomført heilt riktig.

Eit lite stykke historie- eit lite stykke «normal» for oss.

blogg-31-okt-1

Eg  er med i historia, eg er «Blucher»,  sikkert ikkje så rart, eg er ikkje brukande til anna midt på natta.

Eventuelt kunne eg vore statisk eller slakt.

Der eg ligge og synke  for megsjølv så tek eg meg i å lure på kva vanlege snart 9 år gamle gutar styrar med.

Eg reknar med dei framleis søv når klokka er 04 eit eller anna, og at dei ikkje syns at historia om «Blucher» er så interessant,  men det som slår meg er at eg har ikkje litt peiling eingong på kva dei «vanlege» styrar med.

Eg anar ikkje kva som er in eller ikkje, om fotball er bra, eller om det berre er tv spel eller data dei held på med, og eventuelt kva dei spele.

Hakje peiling!

Det er ikkje min «normal» lenger..

For å overleve eit annerleis liv, så må man rett og slett bare skape sin eigen «normal»- der man på ein eller annan måte klare å finne ein god leve veg oppi alt anna som er definert som «normalt» i samfunnet, men som vi ikkje maktar å ta del i uansett.

blogg 15 desember 1

Eg for min del orkar ikkje henge meg oppi debatten om Halloween er ein norsk er amerikansk tradisjon, eller om ein skal gje gulerøtter eller sjokolade om det kjem born på døra.

Eller om ein har rett til å smelle att døra om det kjem nokon der, sida man har standpunktet at man IKKJE skal feire Halloween.

Vi feire ikkje Halloween uansett- det funkar ikkje for oss.

Eg må og berre heve meg over at det blir sett ein mal om at man ikkje har ein god borneoppdraging om vi ikkje sit saman attåt middagsbordet og deler eit måltid saman.

For all del, eg skjønar jo greia med at ein skal samlast, heime då eg var liten var det ingen som skofta unna middagen, så det var det einaste måltidet mamma og pappa klarte å samle oss iløpet av ein dag- 5 søsken som vi er.

Men her heime hos oss er det ting som gjere at det å samlast rundt eit middagsbord føles ubehagelig.

At det kan vere vanskeleg å ete saman med andre.

Ein virkeleghet som for oss kallast «normal».

Ikkje dårleg mamma eller pappa, ikkje slapp med grenser eller det at ein ikkje bryr seg.

Men ein del av eit annerleis liv der hensyna må takast på helt andre premissar enn det alle andre kallar for «normalt».

Vi må ta samtalen som andre tek rundt middagsbordet heile dagen, det er vår heim sin «normal».

For, det er ikkje gitt at mine born maktar å gje av segssjøl. Maktar å fortelje eller dele.

Så vi må legge til rette heile vegen for at kommunikasjonslinjene er åpne , ja faktisk 24/7.

For å forebygge misforståingar, avverge frustrasjon, og ikkje minst at ein ikkje skal føle seg mindre verdt eller rar.

blogg 6 des 4

Vårt «normale» liv bruker så uhorvelig mykje tid på planlegging, strukturering og illustrering.

Og vi gjere det heilt åleine, med visshet om at samfunnet rundt oss er ikkje smidige nok til å skjøne vår verd, har ikkje tid til å vente, og rasar heller forbi oss i speedfart.

Med alle sine formaningar om kva som er forventa av deg som forelder, kvinne, mamma, og borgar i ein nasjon.

Min sin «normal» krev ein tilstedeverelse som er 100 %  heile tida, for borna mine.

Det er ingen snarveg å ta.

«Blucher» har sunket, og hunden gir lyd frå seg.. han har også lytta til heile seansen, og no krev naturen sitt.. klokka har no bikka 0600..

Vi står opp.. og vi treng tida.. så vi har sjangs til å bli klar til taxien kjem klokka 0800.

Rigiditet tatt med i reknestykket.

Slik er vårt liv, og for oss er det «normalt».

Eg lide ingen nød, det gjere heller ikkje gutane, vi må berre gjere det på vår måte for å kome oss igjennom dagane på gode måtar.

Med vårt fokus, vår kjærlighet og ikkje minst vår framdrift.

 

Rett og slett.

blogg 27 september

 

<3 <3 Ragne  Beate