Det skjer noko i november.

1. november 2016

Kjære venen min.

Eg ser at du ser sliten, eg ser at du er så inni hampen sliten.

Det er noko med augene dine, det er dette draget over augene som berre kjem når du er sliten.

Det er ikkje synleg for alle andre, men det er synleg for meg.

Mamma ser.

Og ho veit og kvifor du er sliten.

blogg-22-sept-1

Det skjer nemleg noko med samfunnet i desse dagar, det er nesten som lufta får ein anna smak.

Alle går liksom opp ein skala, opp eit hakk,  og ordet «forventing» materialiserar seg.

Ungdomskulen og vidaregåande er begynt å gjere seg klare til tentamen, og alt skal og vere gjennomgått før jul.

Ein stressar ikkje endå, men man skundar seg plutseleg fortare, ein liksom speede opp litt, slik at man er mest mogeleg ajour.

Det er viktig å vere ajour- og ikkje minst så skal man gjere sitt beste, berre det beste er godt nok ikkje sant?

Kva er eigentleg å gjere sitt beste?

Juleballet skal og vere, og alle skal bidra, det er klassa sin tur, ingen skal lure seg unna, det er omtrent berre ein dobbelsidig lungebetennelse med brokk som er gyldig fråvær.

Og ingen vil vel skilje seg ut, vil man vel?

Prøve litt til kanskje, berre litt til, går vel bra det?

Sjølv om ein kanskje er litt redd?

blogg 1 april 1

På barneskulen er det ikkje karakterpress eller juleball.

Men glede, barnsleg uro over noko som kjem, noko å lengte etter.

Butikkane bugnar over med julenissar og julegotteri, og ein snakkar om juleverkstaden som skal komme.

Vil den forresten vere slik som i fjor?

Kan ein få laga den nissen som ein lagde i fjor, som var kjempefin og som ein vart så glad i.

Eller, får vi vere på sløyden denne gongen? Det fekk vi ikkje i fjor, det var skikkeleg vanskeleg, men kanskje i år kanskje?

Kan vi kan vi?

Og kven skal opne julekalendaren fyste dagen i desember? Det er ein månad igjen, men alikevel, kven skal opne den?

KVEN SKAL OPNE DEN?

Også barneskulane auke eit hakk.. kosar seg.

Vi skal kose oss no fram mot jul, gjere litt andre ting enn vanleg, nyte denne tida fram i mot klimakset- julekvelden.

KOOOOOOOOOS!

Du var så frykteleg sliten her hin dagen, fordi du lurte sånn på om julenissen hadde funne adresseendringslappen som vi sendte då vi flytta.

Og ikkje minst om du også i år ville havne på nissens snille liste.

For ein ting er heilt sikkert,at grei hadde du ikkje vore heile året, og du kunne og fortelje mamma di rimeleg så detaljert om alle eskepadane du har hatt.

blogg 22 mars 1

Mamma stoppa deg- for born er ikkje berre snille- born skal vere born.

Også du, med den fotografiske hukommelsen, med filter som ikkje fungerar og som har tatt inn ein overload av forberedingar, du slit deg ut.

Lenge før tida..

Du skal ikkje på nokon liste, du er god nok som du er!

For mange er også denne tida av året høgdepunkt, der juleforberedelsane starta allereie i juli 😉

Men også desse vert slitne, i venting på noko der framme.

Vi kan ikkje skjerme alt, vi klarar heller ikkje tilpasse alt, og vi kan ikkje forvente eit samfunn som legg opp sine forberedelsar og tradisjonar rundt utfordringane som vi slit med.

Men vi kan ha det i mente at det er ein grunn for at borna er ekstra slitne akkurat i denne tida, at det kan vere ein grunn for at frustrasjonen sit litt lausare nett no.

Og,det kan vere ein ide å roe ned når ein kan, så ein får lade til det man ikkje kan velje vekk.

Det skjer noko rart i november, det er nesten som lufta får ein annan smak, ei forventning om noko der framme…

La oss ta ein dag om gongen <3

 

<3<3 Ragne Beate