Autismens bivirkning

3. november 2016

Det skjedde noko den gongen, då autisme banka på døra vår her heime.

Då den etter eit bank trengte seg inn, tok bustad, krevde oppmerksomhet 24/7.

Alltid tilstades, tok til og med frå oss nattesøvnen.

Først via borna som aldri søv skikkeleg, og om dei klinke til ei natt for å sove så kan du vere heilt sikker på at mamma ikkje søv.

Ho ligg då nemleg og uroar seg over alle verdsproblema som dukkar opp i hovudet når det er stille og ingen krev noko.

Også ligg ho å ventar på at ein av dykk skal vakne- de gjere jo alltid det.

Om ein vil eller ikkje, og tru meg , det er noko man verkeleg ikkje vil, så blir livet omslutta av autisme.

Det er aldri fred å få.

blogg-28-okt-1

Går man seg ein tur, så ringer telefonen, det er eit møte, det er noko som har skjedd, det er eit eller anna ein skulle hatt svar på.

Autismen blir med på tur.

«Slå av telefonen?» – tenker kanskje du.

Dessverre ,den luksusen har ikkje autismeforeldre.

Vi må vere tilgjengelege, rett og slett fordi den utfordringa borna våre har treng ei koordinering, og ein informasjonsflyt heile vegen slik at ein til ein kvar tid kan prøve å vere i forkant.

Etterkant funkar heller dårleg.

Den konstante dårlege samvitet over alt mogeleg er også ei ganske så kraftig bivirkning av autismen, som gneg seg mellom marg og bein og hoppar på nervetrådar .

Ein når liksom aldri fram til målet.

Autisme er heile vegen å pushe fram, pushe fram, juble over små delmål, men man må heile vegen hige etter noko nytt.

Hige etter noko meir der framme, vi kan klare det, vi veit der er evner, vi må berre får dei fram!

Trene, lokke, lure, premiere, vidare vidare vidare.

For om ein ikkje gjere det, så stoppar ein opp.

Autismen har nemlig ein brems som gjere det.

Den bremsar bornet ditt i sin livsutfalding, autisme riv i frå mennesket  mogelegheten til generalisering og den gjere at du og kan oppleve at bornet ditt gløymer det han har lært.

Eller mistar det.

blogg 25 mai 2

Samstundes så må man passe på at presset ikkje blir for stort- for då missar man i alle fall både ferdigheter og livskvalitet.

For ilag med autismen så lurar angst, depresjon og tvang i kulissane, ikkje som bivirkning, men som tilleggsvanskar.

Dei ligg å lure der bak, og stikk tentaklane sine frem når det vert for mykje, når det vert for uoversikteleg, når ein ikkje lenger har full kontroll.

Balansen- herleghet!

Korleis finn man balansen?

Klare å utvikle evna du veit ligg i bornet ditt, dette smarte, artige og heilt fantastisk facinerande mennesket som står forran deg, med så mange mogelegheter- men alikevel så snevert reportoar.

Bornet som treng så utruleg mykje trygghet for å fungere.

Som treng å vite at den vaksne, den er til å stole på, MÅ kunne stole på den vaksne, at den gjere det den seier.

For bornet har ikkje anna anker- DU opplev plutselig at du er blitt eit anker som aldri kan gje slepp.

Ei anna bivirkning av autismen som seier at ditt born berre blir stor i kroppen, men ikkje i hovudet.

Og «navlestrengen» som dine veners born riv så rått og brutalt av i 14 års alderen og seie «Morna mamma- no skal eg ut å sjå verda sjølv eg ,du skal få vere med ei lita stund til, men etter det klare eg meg sjølv»- den slitnar ikkje hos deg.

Den heller styrkar seg.

Samstundes som du sjølv slit deg sakte men sikkert ut, utan at du på nokon slags måte har tenkt å innrømme det.

blogg 27 april

Men, alt det her kan ein takle, det er utruleg kor fort eit menneske kan tilpasse seg om ein berre må.

Det er dog ei bivirkning av autismen som er vanskeleg å bere, og vanskeleg å leve med, nemleg at ingen andre enn dei som har opplevd det skjønar den.

Den verste bivirkninga er uvitenhet.

Det er difor det blir kampar, misforståingar og frustrasjon, og ein følelse av å miste grepet.

Forståinga som skulle ha vore der, men som ikkje er der.

Det finnast ingen kur for autisme, den dagen den banka på døra vår så var den komen for å bli.

Men ein kan alle vere med på å dempe bivirkningane.

Ein tommel opp, eit godt ord, barnevakt ein gong når det ikkje var avtalt, men berre som ei overrasking.

Fortel gjerne at du ikkje skjønar, at du ikkje kan sette deg inn i korleis det er dette livet med autisme, men at du vil prøve å forstå.

Ved å prøve er du allereie 100% vidarekomt!

Tenk det- 100% progresjon <3

Foreldre veit kor vanskeleg det er å skjøne livet vårt.. men det er 100 gongar verre når mottakar av bodskapen ikkje vil skjøne- ikkje prøvar eingong.

Livet vart ikkje som planlagt, det blir vel sjeldan det, men ein ting skal i alle fall vere sikkert.

Ingen plass skal det stå at ein gav opp!

Du kan og hjelpe nokon på vegen 🙂

blogg-22-sept-2

 

<3<3 Ragne Beate