Sander er kongen!

10. november 2016

Ein av dei kjekkaste tinga med å skrive blogg er at eg i ny og ne få lov til å skrive kjekke historiar om superheltar som meistrar- sjølv om dei har autisme.

Historia er gjengjett med tillating frå familien.

Vi snakkar mykje om alt borna våre slit med, så i dag skal eg fortelje om  ein verkeleg konge- nemleg Sander:)

Sander er 10 år, har infantil autisme og ADHD og går til vanleg på Tveiterås skule i Bergen, som er ein tilrettelagt skule.

Særinteressa til Sander er Elvis, og, Sander er kanongod til å spele bass!

Fjord-Line arrangerer Elvis cruise i november, og der har Sander fått lov til å være med å spele ilag med «Kjell-Elvis» som sporty nok sa ja  med ein gong då mamma Elisabeth sendte han ein mail.

For en opplevelse!

sander-1

3 sanger på tur til Hirtshals og 3 sanger på veg tilbake til Bergen fekk Sander spele ilag med sin store helt «Kjell- Elvis», og guten spele som han ikkje skulle ha gjort anna.

Det skal også nevnast at Sander er ein habil musikar i bandet til Autismeforeningen i Hordaland kalla «Ferske Kneipbrød», der alle medlemmane har autisme.

Å gjere det Sander klarte desse to dagane på Fjord Line, det koste, det koste alvorlig mykje energi og krefter.

Men han gjennomførte og han gjennomførte med stil <3

Eg blir så glad av slik meistring!

At til tross for si utfordring så har Sander fått lov å vise kva han kan <3

All honnør til artisten «Kjell- Elvis» som tok med Sander i showet og gav han sjangsen til å vise seg fram. Det har gitt  guten ei oppleving han kjem til å leve på i lang tid, og ein tankegong og mentalitet som vi andre kan lære noko uttav.

Å gje nokon ein sjangse sjølv om man er litt annerleis.

FANTASTISK!

Elvis er kalla «The King»- det  finnast ein til, og han bur i Bergen!

Tommel opp for Sander!

sander-2

 

<3<3 Ragne Beate

 

  • Gunn

    Åhhh…. Så herlig. Dette viser at det meste er oppnåelig med den rette tilrettelegging og en stå-på-vilje som Sander og familien hans tydeligvis har. Er så kjekt å få høyre sånne gla’historier. All honnør til «Kjell-Elvis» også. En flott artist