Forskjellen

15. november 2016

«Eg kan eigentelg ikkje skjøne kva problemet er- det er no berre å få bornet ut av huset»- høyrt den?

Still krav.

Stå på ditt.

«Skal no faktisk vere stor nok til å kome seg avgarde no sånn som alle andre born, det er no ikkje akkurat sånn at bornet er handikappa heller»- ja faktisk!

Det er verkeleg ikkje så stor forskjell på ditt born og vårt, vårt barn må jo og passast på, så eg må heilt ærleg seie at eg ikkje skjønar «problemet « ditt».

blogg-7-okt-2

Eg skjønar faktisk at du ikkje skjønar mitt såkalla «problem», som forøvrig ikkje  er eit problem, men bornet mitt og det kjæraste eg har.

Så eg skal prøve å forklare deg forskjellen, forskjellen på meg og deg, på mitt og ditt liv.

Lat oss seie at du og bornet skal på eit arrangement av noko slag , ei avslutning.

Kva forbereingar gjere du til det?

Slik eg tenke det er at du gir bornet ditt beskjed om at denne kvelden skal de på avslutning, du ordne kanskje med kle, sidan du meine ein kan sjå litt skikkeleg ut når ein fyrst skal på noko.

Så sjekke du at har tatt ut pengar til loddsalget, sidan du aldri har pengar i lommeboka lenger, og du ikkje er sikker på om arrangementet tar kort eller brukar vipps.

Om bornet ditt eigentleg ikkje gidd det her opplegget så gir du klar beskjed om at det her er noko de skal delta på, og du kan risikere at du går med ein meir eller mindre småsur og mutt born/ungdom ut av huset, men du går.

Du går og bornet ditt går.

Når du er på arrangementet så drikk du kaffi, sosialisere deg med dei andre, og ser på underholdninga.

Det skal vel sant seiast at det er ikkje sikkert at du eigentleg har tid til å være der, eller har sånn kjempelyst, men det gjekk no greitt gjorde det ikkje det?

blogg 25 mai 3

Når eit slikt arrangement kjem oppi mine nevar, så kjem klumpen i magen med ein gong.

Det gjere den forøvrig kvar einaste gong det dukkar opp eit eller anna som ikkje er etter skjema-etter vår normal.

Det fyrste eg må vurdere når eg finn ut om arrangementet er om det er verdt det eller ikkje.

Ja, det høyres trist ut, men det er slik det er.

Eg må ta vurderinga om jobben som må leggast ned i forkant er verdt det eller ikkje.

Med i den vurderinga må eg ta med ytre og indre stress, søvn eller heller mangel på søvn siste vekene, dagsforma siste tida, og om det er noko anna som vi skal vere med på som er meir viktig, og ikkje minst:

«Vil bornet mitt få noko ut av det her, vil det føle meistring, eller er sjangsen for nederlag for stor».

Om vi går for utfordringa , så veks klumpen i magen til mamma eit ekstra hakk, for nu byrjar forberedninga.

Ei veke i forvegen, kanskje to?

I hovudsak går det fyste tida på påminning om at noko skal skje og ikkje minst at det er noko ein klare heilt fint.

At det kan følast litt skummelt, men at det kjem heilt sikkert til å gå kanonbra!

Du fortel sånn nogenlunde om kven som kjem dit, du har sjøvsagt ordna deg med inside info om korleis arrangementet skal vere, og heilt sikkert fått eit eller anna merkeleg blikk i den innhentingsprosessen og, så du har forbereda nok.

Men er det nok?

Klumpen i magen vil ikkje sleppe, og hovudverken er begynt å gjere sitt inntog, skudrane er høge kjenne du.

Dagen kjem og du går på nåler..

blogg 27 april 2

Du håpe kleda du har lagt fram ikkje har nokon hol- då er dagen øydelagt.

Du håper at søskena ikkje vel å gire opp eit hakk slik at det blir ei eller anna misforståing slik at bornet blir sur, og dermed havnar på rommet sitt og ikkje i bilen.

Du håpe det ikkje skjer noko i bilen,som gjere at stresset blir så høgt at bornet nektar å gå UT av bilen.

Og, du håpar ingen seier noko til bornet som det ikkje må seie på vegen inn, som «Gler du deg ikkje? « eller « Eg glede meg SÅNN til å sjå deg på scena» eller  « Har du fått deg ny genser?»- då er vi iallefall dead meat!

Undervegs i hele prosessen har det kverna , det har ringt i øyrene dine: «ER DET VERDT DET??»

Men kven vil vel ikkje at bornet sitt skal få oppleve noko? Vere så «normal» som ein kan klare, når autismeutfordringa er så nær.

Om ein kjem seg avgårde kan eg love dykk at mamma sikkert glømte å skifte skjorte, den ligg framleis på stua der ho la den fram.

Pengar har ho heilt sikkert også gløymt å ta ut sidan fokuset har vore ein annan plass- vi får verkeleg håpe at dei har vipps!

Og mens dei andre sit å drikk kaffi og småpratar over heimelaga sjokoladekaker så sit du med eit øyre i praten, ytterst på stolen og med full fokus på bornet ditt.

Klar til å gripe inn om noko skulle skje, om du ser så mykje som eit ørlite teikn til at no er det nok i ferd med å bikke- med klar fluktrute til bilen og heim om det skulle bli for mykje.

Men veit du- vi kom iallefall!

Det er forskjellen på meg og deg.

Difor er autisme eit handikap, sjølv om det ikkje syner.

Og nei, det er ikkje snakk om å ta seg saman eller å setje krav.

Slik er livet- med autisme.

Og superhelten?

Det er bornet som klarte det alle andre tar for gitt!

Med mamma og pappa som jublande supportarar i bakgrunnen- for dei veit kor mykje det har kosta!

Det visste kanskje ikkje du?

blogg 27 mai 2

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

  • Gunn-Alice

    Med ønske om at de små og store skal klare nok en julehøytid❤ med alle forandringer som for mange ikke krever detektiv arbeid og høyforsikret beredskap uker I forveien ? Lykke til kjære deg og dine klem fra meg og mine