Du er best- men ikkje i alt altså.

18. november 2016

Det er viktig å vere god, det er faktisk kjempeviktig å føle at man meistre, at man får til ting, og at man klare det man sett føre seg.

«I Noreg er det typisk norsk å vere  god» seiast det.

Men ikkje for ein kvar pris.

For ein er ikkje alltid best, og det er heller ikkje ok å trakke på andre på vegen når ein trur at ein er best.

Ei av utfordringane til å vere mamma til born med autisme er at dei, på grunn av eit enormt behov for å halde kontroll i eige liv, trur dei veit og kan best sjølve.

Det er jo eigentleg ikkje så rart når man tenke over det, skal ein ha kontroll sjølv så er vel essensen at ein og veit best?

Isolert sett er jo ikkje det her eit problem, ein klare glatt å føye eit born med autisme ved at det får vilja si.

Desse små tinga som å gå med sko når det regnar eller alltid spise skiva si delt i 8 bitar med mm presisisjon.

Men, gidd samfunnet å gjere desse innrentingane?

Vil samfunnet godta at bornet i et og alt krev sin rett på å vere best, kunne mest, alltid ha rett?

blogg 24 mai

Svaret er nei.

Ingen godtek slikt.

Vaksne ser på bornet som uoppdragent, arrogant og usmakeleg, mens andre born skubbar frå seg bornet og vel andre å leike med.

Andre born som er meir føyelege, samarbeidsvillige og som ser dei sosiale skjulte kodeksane som både born og vaksne har.

Det handlar nemleg om korleis man snakkar til kvarandre, og born er ikkje gamle før dei skjønar, før dei ikkje godtek alt.

Born med autisme dett ergo ned mellom to stolar tidleg.

Det eine er jo at dei ikkje klarar å skape ein sosial relasjon slik dei eigentleg ynskjer, det andre er at dei i tillegg vert utfordra på sin eigen trygghet og kontroll på eige liv- der deira «rett og best» er heilt feil i forhold til samfunnets oppfatning.

Også lure vi på kvifor menneske med autisme blir frustrerte og sinte?

Det er ikkje kjekt å vere mammapolitiet som må korrigere, det er aldeles ikkje kjekt i det heile tatt!

Men eg ser at det må gjerast og at det er ein utrulig viktig del av det å oppdra mine gutar.

At det å vere best og alltid ha rett må giast ein glidande overgong (kremt.. altså… eg leite framleis etter den)til at det å gjere så godt ein kan er godt nok, og at ein ikkje alltid treng å ha rett for å vere trygg.

Og ikkje minst, at det å ha kunnskap kan visast på så mange måtar enn å ha ei bastant haldning som trykker andre ned.

Særinteresser kan vere så positivt, om ein berre klare å hjelpe bornet sitt til å vise det på ein god måte <3

blogg 6 des 5

Som tvillingmamma har eg jo ein fordel med at eg alltid har ein turtakingskamerat i heimen til å jobbe med akkurat det her.

Å ta hensyn.

Det vert tidvis litt mekanisk, der ros havnar på feil plass, og ofte ende det og med eit over middels høgt lydnivå.

Men, det kjem seg, sakte men sikkert så kjem det seg, små lysglimt i mørket.

For meg er dette viktig, veldig viktig!

Mine gutar er fantastiske, dei er superflinke på sine ting, men har og sine utfordringar.

Desse utfordringane må dei og gjerast bevisst så vi kan jobbe vidare med dei.

Vondt ja, men slik er det berre, autisme, ADHD og angst –det forvinn ikkje.

Det skal og leggast til at eg feile mykje.. det er ikkje enkelt å stå på sitt heller når argumenta frå bornet ditt slaktar dine så totalt, men eg prøve iallefall- eg prøve verkeleg å vere konsekvent.

Søsken skal ha lov til å vekse opp i ein heim der dei har eit ord med ilaget, der dei blir hørt, og ein skal og få lov til å vere vaksen i sin eigen heim utan å gå på tå hev for eit born som notorisk må ha rett.

Dei «vanlege» borna lære det her rimeleg kjapt, det gjere ikkje born som mine.

«Eg kan lære det eg blir vist, lært eller fortalt»- sa Ros Blackburn

Ein må lære at ein ikkje er best i alt <3

blogg 30 nov 1

God helg!

 

<3<3 Ragne Beate