«Bornet ditt er det same- berre ikkje heilt»

22. november 2016

Når eit born får ei diagnose, så gjere det noko med omverda rundt.

Dei startar automatisk å snakke om at det her ikkje er noko krise, at det er mennesket som er viktig, ikkje diagnosa, og ikkje minst at bornet er det same no som for ti minuttar sidan då den gjekk frå nevrotypiker til eit bokstavborn.

I tillegg vert ein trøysta med at «bornet er vel ikkje sååå hardt ramma» eller «mange leve gode liv med sånn og slik» eller «Åja, de har fått den nye folkesjukdommen de og ja, det er no snart ikkje eit menneske i det her landet som ikkje har ein eller annan form for adferds diagnose».

Like kjekt kvar gong tenker eg, NOT!

Det som slår meg er at dette «bornet er den same» er ei trøyst som ofte kjem frå menneske som ikkje har born med diagnose sjølv.

Eller velmeinande fagfolk som meiner at ingenting har forandra seg.

Men sanninga er at alt er forandra seg.

blogg 27 mai 1

Det er ikkje nødvendigvis forandra seg til det negative, det kan i mange tilfelle vere veldig positivt å få vite kvar skoen trykker, men noko har forandra seg!

Og om ein vil eller ikkje så har også bornet forandra seg, fordi no omverda ser på bornet som:

  • Bornet med diagnose
  • Bornet som treng ressurs
  • Bornet som kostar pengar
  • Bornet som ikkje er som alle andre

For mange kan det opplevast som at folk trur at ein berre putlar seg innom ein DPS eller eit BUP kontor, og preike nokre minutt med nokre menneske om at det er eit eller anna som ikkje heilt stemme med bornet sitt, også stikk fagfolka fingeren opp i lufta og tenke litt og seier:

«Jess da, her tenke vi det nok passe med ein ADHD- god tur heim»

Mange går i systema i årevis, testast fram og tilbake  i alle baugar og kantar, og ein finn noko, men ikkje nok!

Ikkje passar ein her, ei heller der..

Bornet er jo det same her og, berre at her har ein ikkje komen i «kategori» boksen, forutan om at det heilt sikkert på ein eller annan måte blir stimatisert av samfunnet og tileigna egenskaper dei ikkje kan noko for.

Som sjenert eller frekk, utagerande eller tilbaketrukken.

Satt inn i boksen som samfunnet så indeleg vil ha alle saman i!

ain-mr-7

Bornet blir og fråtatt rettigheter når det får ein diagnose, framleis «-same bornet- berre ikkje heilt», som det å kunne få lov til å få ei forsikring som kan sikre dei for andre sjukdommar i livet, eller ei militærteneste som mange er sjeleglade for å sleppe, men som for andre kan vere den utltimate draumen.

Ein missar og ut på arbeidsmarknaden fordi tilrettelagde arbeidsplassar er vanskeleg å få, og på den ordinære marknaden er kampen allereie så heftig at ein dett ned i mellom før ein har prøvd- dessverre.

Samstundes som ein heile vegen må blottlegge seg for samfunn og stat for å få nok ressursar i oppveksten til å  i det heile tatt få sjangse til å få nok papir til å kunne søke ein  jobb.

Er eg negativ no?

Sur, tverr og vanskeleg?

Det er ikkje mitt poeng i det heile.

Mine born er ikkje ei diagnose, dei er friske flotte gutar født med ei heilt anna innsikt i livet enn det alle andre har.

Men å seie at dei er dei same før og etter diagnosa vil vere feil.

For å seie det må samfunnet klare å møte dei på same måte som dei ville gjort FØR diagnosa vart satt.

Før dei fekk label og satt i bås.

Og det må vi leve med, både borna og foreldra, at ein måtte ta steget og finne ut av kva som var kva.. kva som måtte bli «rart» til «diagnose rart»

ain-mr-8

Og, for å vere dønn ærleg.

Eg  har sjølv gått frå å «bare» vere mamma til tigermamma- løve mamma- vanskeleg mamma- sårbar mamma og tidvis svært fortvila mamma.

Det fyljer og med i denne endringa.

«Bornet ditt vil alltid vere det same- berre ikkje heilt»

blogg 8 april 1

<3<3 Ragne Beate