Om vi bare kunne ha engasjert oss for det som virkelig betyr noko!

24. november 2016

Tenk om vi kunne fått like mykje engasjement og fokus i dette landet på korleis vi skal ta vare på dei som treng det mest, som i denne veka når vi har eit fenomen, eit uhyrlig irriterande fenomen som heiter «Black Friday».

Du salte det altså!

Eg har altså i dag fått 23,eg gjentar 23 mailar med reklame for denne fredagen, som eg tydeligvis kan få dekka eit kvart behov eg måtte ha.

Eg kan bli slankare, både med og utan protein pulver, eg kan få meg ny sterio, mens eg samstudens kjøpe meg ei bukse, og blir klipt på håret!

Alt til berre 30% off!

Eller var det 50%?

Bør vel sette vekkerklokka på for det åpna klokka 0700 altså!

blogg 13 mai 1

Grunnen til at eg veit at eg har fått 23 mailar med reklame i dag, er at eg sit å ventar på resultatet av 2 arbeidskrav frå studiet eg tar om psykisk helsearbeid, og har kasta meg over telefonen kvar ein einaste gong eg har høyrt eit pling.

Men til inga nytte..

Der var det svart gitt!

Svart av «Black Friday».

Tenk om kvar ein mail som i dag hadde komt hadde hatt informasjon om det mennesker faktisk treng å vite i samfunnet.

Ein mail med fokus på verdighet, på korleis møte andre med respekt.

Kanskje ein mail der bodskapen er at du er ikkje åleine i verda om å ha psykiske problem, men det finnast hjelp for akkurat deg- du er ikkje åleine.

Ein mail som frontar tilrettelagte arbeidsplassar for menneske med spesielle behov, som fortel om kor utruleg mykje desse menneska som har litt anna bagasje enn oss «black Friday» folka kan gje i arbeidslivet, om dei berre får litt tilrettelegging.

Kanskje kunne det og ha komt ein annan skikkeleg ærleg mail og,om korleis det oppleves i livet med å  ha born med diagnose.

Om kampen, om smerta, om dei indre demonane som kjempar kampar mot dårleg samvit, økonomi, og kjensla om å aldri  føle at ein kjem i mål..

Mailen som kunne vore kalla:

«Kampen for tilværelsen»- med hjartet på rette staden!

Blogg 12 april 2

Ein mail eg kunne ha tenkt med å få er «Artige ord frå autisme verda»- den trur eg kunne verkeleg ha slått ann!

Hadde i alle fall knust 30% mailen i popularitet!

Og fy søren kor mykje ein kunne ha lært! Via latter og mystikk!

Ordspill frå mennesker med autisme som ser livet rett fram, svart kvitt, ein spade er og blir ein spade og ikkje ei greip <3

Ein refleksjon- ei lite gløtt inn i ei verd dei aller fleste ikkje får del i, men som mange heng på dørgåtta og lure på om dei kan få bli invitert inn- om enn bare for ei stakkars stund!

blogg div 13

Eg ville og ha ynskja å få mailen: «Sjå meg som søsken er» – korleis kan samfunnet hjelpe.

Til slutt kunne 70% ha komt.

Eller- for det hadde vore mailen med 100% .

«Vi er alle verdt noko!»

Mailen der verdien av eit menneske ikkje blir målt i tenester og kroner, i behovsprøving, og kverulering om kven som skal ta kva.

Denne mailen erkjenne familiane sin kamp for det kjæraste dei har, gir mamma og pappa den klappen på skuldra dei treng, som dei fortener så inderleg!

Mailen applauderer dyktige og dedikerte fagfolk, som i kvar sin profesjon gjere sitt ytterste for å gjere kvardagen til dei som ser livet frå eit anna vindauge best mogeleg.

Den applauderer og hyller og den ufaglærte, som ikkje har fagteminologi å lene seg tilbake på, men som kompenserer med personelg egnethet og glød!

KLART VI KAN!

100%

Opp og fram- vi er alle verdt noko!!

Det hadde vert noko det!

Her snakkar vi viktighet!

blogg 29 mars 3

 

Verda er ikkje slik.. eg sit her no med 24 mailar, siste mail kunne eg på ny kjøpe proteinpulver til kraftig reduserte prisar..

Eg tok meg i å lure på om det kanskje var noko hønene kunne ete, sida det va billigare enn Felleskjøpet sitt hønsefor nett no, men eg slo det i frå meg.

For å avslutte min eder og galle på skikkeleg vis så vil eg gje de noko vetig, so vi seie på vestlandet.

Autismeforeningen i Norge er ute med ny brosjyre, link finn de her:

 

http://autismeforeningen.no/2016/11/22/autismespekteret-en-kort-innforing/

 

Den er verdt eit klikk!

<3<3 Ragne Beate