Eit heilt venteliv

25. november 2016

Med ein gong man opplev at ein har born som dett ut av A4 boksen så vert man introdusert for eit  nytt begrep, det heiter « å vente».

At livet på mange måtar blir satt på vent, det er ei sanning, sida det er mykje som må bearbeidast, men når ein er i gong igjen, og byrjar å ta tak i alt det som må takast tak i så opplev man at det er ikkje den enklaste sak i verda.

For det fyrste er du ikkje den einaste som treng hjelp, for det andre er det heller ikkje sikkert at saksbehandlaren din er tilstades når du har noko du må få formidla, og for det tredje så må det alle aller meste sakshandsamast.

TING TAR TID!

Man havnar i eit vakum når ein må gå slik å vente, ein får liksom ikkje gjort så mykje anna, sjølv om man vil legge det vekk.

Det er akkurat som man drive å forhandle fram ein viktig avtale.

Denne avtalen skal vere bærande for alt du skal gjere framover. Den er viktig for vidare drift, den gir rom for vekst og trivsel, og den vil gjere at du held deg flytande mykje lenger.

Du har all personleg vinning i denne avtala for deg og din familie, og du har jobba knallhardt for å få den på bordet!

Dagesvis med forberedingar ligg til grunn for det som blir lagt på bordet, og du har kanskje tatt avgjersler som sit langt inne for å kome dit du er i prosessen.

Val du kjenne du ikkje vil ta, men det er det beste for alle.

For i dine avtalar må du sjølv ta tverrfaglige val.

For bornet ditt, for seg sjølv, for dei andre i familien og for framtida.

Du legg så fram saka di, avtala di, behovet ditt.

Også vente du..

blogg-28-okt-1

Du venter i dagar, det kan og gå veker,og ja, mange gonger kan det og gå mnd.

Når svaret kjem tilbake til deg er det sjeldan den er i same form som den var då du sendte den frå deg.

Den har endra ordlyd, fått nedjustert behov, og har vendingar som.. «vi vurderer behovet som..»

«De har 2 veker på å uttale dykk på ny..»

Ein bretter opp ermane og jobbar vidare.

Bestiller nye grunngjevningar og uttalelsar får spesialisthelsetenesta… og ventar..

Ringer og ber om utsatt tid- då ein framleis ventar.

Skriv vidare på uttale nr 2 mens man omtrent riv av seg håret i fortviling.

«Korleis kan man få forklart det her endå betre? Eg gjorde jo alt eg kunne sist! Alt»

-Men det var ikkje godt nok..

Ein får tilsutt sendt inn..

Også ventar man..

blogg 27 april

Dagane går, vekene også, ja til og med mnd..

Ventar på at andre skal ta avgjersler på vegne av eit liv, eit familieliv.

Ventar på at ein skal vere vurdert krevande NOK, utfordrande NOK, behovstrengande NOK til å få den hjelpa man har bedt om.

Saman men deg er det mange mange andre.

Som og ventar.

På å få sitt liv vurdert.

 

Velkommen til eit venteliv!

blogg 7 jan 3

<3<3 Ragne Beate