Dei sterke reaksjonane.

29. november 2016

Det er så mange reaksjonar som kjem som eg ikkje skjøner.

Ikkje skjøner eg kvifor dei kom, kva dei kom av, eller kvifor dei måtte blir så inderleg sterke.

Inderleg er eit ord som eg kjenne føl både autismen og ADHD utfordringa.

Reaksjonane er inderlege.

blogg-29-des-1

Vi er flinke til å fokusere på sinne, og det er for så vidt ikkje så rart, for sinne og utagering er så synleg.

Det tek fokuset frå alt anna, det gjere at ein elev kan øydelegge klassemiljøet til ei heil klasse, eller dominere ein familie.

Sinne det øydelegg fysisk, det tærar psykisk, og det er grobotn for kaffikopp praten til naboane over gjerdet.

Den umogelege ongen.

Eller dei totalt udugelige foreldra som let bornet sitt hyle, høgare enn ein rockekonsert på Telenor Arena, som berre sit og ser på at ongen kave rundt, peive med armane og vræle.

Det blotte auget ser hysteri og frustrasjon, mens det trena auge ser to foreldre som har vore med på desse rundene nokre gonger før, som har tatt vekk hindringar som gjere at bornet ikkje kan skade seg på sin veg, som veit at om ein grip inn no med fysisk halding eller feil ord, så vil situasjonen eskalere slik Armageddon ville vere ein fis til sammenligning.

Det utrena auget ser ansvarsfråskriving, dei trena  foreldra sit klar til å ta i mot når bornet er ferdig.

Mottakeleg for prat, kos, skjerming og ro..

Og ikkje minst så lære dei av det.

Alle desse sterke reaksjonane vert dissikert av foreldra i etterkant. Plukka frå kvarandre bit for bit- kva skjedde? Kvifor skjedde det? Kva kan vi gjere annerleis neste gong så det ikkje skjer igjen?

blogg-26-sept-1

Sterke reaksjonar er ikkje berre sinne og frustrasjon.

Eg opplev at desse forsterka reaksjonane dukkar opp i dei fleste settingar.

Det har noko med opplevinga av det samfunnet vi er i trur eg, eller ein kan vel heller seie manglande forståing.

Redsel er ein kjensle som kjem med sterke reaksjonar.

Kan ein verkeleg bli så redd av ein edderkopp?

Eller er ikkje bornet no vel dramatisk?

Eg skal innrømme at eg i byrjinga trudde at ein del av dei reaksjonane vi fekk var skodespel, og at mine glatt kunne gått rett inn på den Nationale scene i Oslo.

Men eg har lært- og dei reaksjonane som kjem er reelle.

Ja, ein kan bli så redd for edderkoppar.

Ein kan bli så redd for edderkoppar at ein ikkje går inn i rommet på mange dagar.

Ein kan og bli så redd for vinden av ein nekte å gå ut av døra i veker av gongen.

Ringinga til skuleklokka på skulen kan være så skummel og plagsom at det lagar ein «angst»- eg set «angst» i klemme fordi dette ikkje er angst som i diagnosen angst,  men ein reaksjon, eit tankemønster som gjere at alt kretsar rundt denne klokka- om ein ikkje får hjelp med dei vaksne til å takle det.

Og ja, man kan bli så kvalm i magen at man trur man skal dø!

blogg 23 juni 1

Sterke reaksjonar krev sterke vaksne.

Det krev vaksne som skjønar, som er villig til å sjå forbi sin eigen «uoppdrage drittunge» forestilling, og ta inn over seg at slik reagerar dette bornet.

Ærleg, indeleg, sårt og brutalt.

Og at hjelpa ein må gje er stressreduksjon, skjerming, trygging, kjærleik og ikkje minst oppbygging av dårleg sjølvbilete.

For dess eldre desse borna som reagerer så inderleg blir, dess svakare vert sjølvbiletet.

Og oppi all elende skulle eg til å seie, så kan vi glede oss over ein ting.

Ingen kan bli så glade som våre born når dei er glade!

Ingen er så artige, så kjærlege og herlege som våre born når dei er trygge!

Ingen gir så mykje av segsjøl som born på spekteret når dei får vise kva dei kan innan for sine særfelt!

blogg 27 mai 1

 

Og det finnast ikkje ei kraftigare kraft enn den kjærleiken som foreldre kjenne for borna sine, i dei sterke gledene, dei kraftige utbrudda, den av og til uoverkommelege sorga.

I «nevrogata» er ingen reaksjonar små ;).

 

No skal underteikna utfordre sine eigne reaksjonar med eksamenslesing , 3 eksamenar innan Fagskolen for Psykisk helsehjelp skal takast neste 5 vekene, og verken natt eller dag strekk til med tid, så her er det berre å lese mens det er stilt!

Ha ein fin dag mine vener!

blogg 24 mai

 

<3<3 Ragne Beate