Er mandarina gul eller oransj?

2. desember 2016

Dagane mine dei bare fyke, burde og skulle ende opp i svada, og du veit du er lei helsefag boka di når du frivillig rydde og vaske kottet ditt før 9 på morningen!

blogg-2-des-1

Men men- ein kjem vel alltids i mål 🙂

Siste blogg innlegg skreiv eg om sterke reaksjonar , om reaksjonar som ofte går frå «Himmel til helvete» på et nanosekund.

Eg har lyst å dra den litt vidare, dette med reaksjonar.

Det er ikkje til å legge skjul på at det er ein reell fare for at menneske med autisme kan få tilleggsvanskar som angst, depresjon og tvang.

Vi har fått kjenne det på kroppen, eg skal skrive om det ein gong, men det blir ikkje i dette innlegget, eg har nemlig ikkje heilt klart føre meg endå korleis eg kan formidle bodskapen og utfordringa utan å utlevere nokon.

ain-mr-10

Men, eg har lyst å prøve å illustrere kvifor det ofte går i stå for born med autisme, noko som og går på sjølvkjensla deira om ikkje vi foreldre og dei som jobbar rundt, og er i samfunnet rundt, ikkje er obs.

Her handlar det heller ikkje om å føye bornet for husfreden si skuld, men det handlar om å skjøne reaksjonane.

Med utgangspunkt i korleis eg oppleve autismen i vår heim, så er det å ta feil utruleg vanskeleg.

«Å ta feil»- blir eit nederlag som kan være uoverkommeleg.

Og veit de, mange snakkar om utagering, om raseri og alt so føre med, og kor vanskeleg det er, og det er det!

Det er kjempevanskeleg!

Men,eg syns for min del at det tidvis kan vere vel så vanskeleg med eit born som dagleg møter nederlag, fordi han tilstadig mistolkar situasjonar og endar som tapande part.

«Eg tok feil-igjen»- med tårer i augene og ristande underleppe.

«Mandarina er ikkje gul mamma, den er oransj»

blogg-2-mai

Å ta feil er noko vi alle gjere, eg tek feil mange gonger for dag.

Eg tar feil om kva gutane vil ha til middag- noko som vert påpeika i store ordlag.

Eg tek «feil» om leggetida- noko som og vert påpeika i store ordlag.

Eg bommar støtt og stadig på når den kalde krigen både starta og slutta ( eg slile endå med forståinga av kva den kalde krigen eigentleg var)

Og eg bomme tilstadighet på lottotala.

Men eg leve godt med det!

Eg leve med å være «verdens verste mor», eg takle fint å ikkje vinne i lotto, og når det gjelde den kalde krigen så er eg ikkje så svært bekymra der heller, for eg høyre om den på innpust og utpust omtrent døgnet rundt, så eit eller anna vil nok sette seg der og.

Eg taklar nederlag, eg taklar surmulig, og at eg må svelge «nokon kamelar». (Ikkje god ordbruk i heimen)

Det gjere ikkje gutane mine.

For dei er livet svart kvitt.

«Appelsin er gul» , «Himmelen er blå» «Sitron er surt».

Mekanisk innlært lærdom- sidan dei ikkje tok til seg lærdom sjølve.

Men, også lite fleksible i forhold til eit samfunn som er flytande og krev fleksibilitet heile tida.

Mine gutar kjempar heile vegen på å halde på det som er «rett»- det som dei har lært, og som dei er trygge på.

For eksempel at ei appelsin er gul, sjølv om den og kan vere oransj- det veit jo vi.

Og fortvilinga deira blir så stor når dei opplev at det dei har lært ikkje samsvarar med det dei andre seier.

Dei klarar berre ikkje å sjå at ei appelsin kan ha to fargar, men framleis vere ei appelsin!

Det føles som eit nederlag.

blogg-2-des-3

Og dei får mange nederlag.

For eg kan som mor og omsorgsperson ikkje føye meg etter deira nykker og behov for å ha rett heile vegen, for husfreden si skuld- kan eg vel?

Nei- eg kan ikkje det, men eg kan heller ikkje irettesette dei heile vegen for ei oppfatning dei har ,som for dei er reell.

Dette er vanskeleg- eller eigentleg er det ikkje vanskeleg i det heile tatt- men det er svært tidkrevande.

Ei må skjøne at born med autisme tek alt konkret- ein spade for ein spade- svart eller kvitt.

Så må ein forklare, utan å tape den autoriteten man må ha for å klare å veilede eller å vere foresatt, om at ein kan sjå verda frå fleire sider.

Og dette er viktig!

Ein må ta prøve å fange det opp, før nok nederlag føre til frustrasjonsadferd.

Og forklare, forklare, forklare.

Eg håpe de skjønar kor eg vil hen, det er ikkje heilt enkelt å sette ord på noko eg tidvis skjønar lite av sjølv.

Kvifor dei reagere så kraftig på det vi nevrotypiske tar for gitt.

Men ein ting veit eg.

Eg ynskjer ikkje at mine born skal gå igjennom livet å føle seg mindre verdt, eller kun føle nederlag fordi dei har ei misoppfatning om at der vi andre ser to fargar- ser dei ein og tenkjer « Eg har feil».

Ei heller ynskjer eg å oppfostre born som vert føya gjennom livet med «eg har rett»- «ja klart du har!»

Begge deler er like gale.

Forebygging, sosiale historiar, relevante gode forklaringar, og gode verktøy for å handtere nederlag er utruleg viktig for born som mine.

På alle arenaer- og tid ein kvar tid.

 

Så, kva seier du- er mandarina oransj eller gul? 😉

blogg-2-des-2

 

GOD HELG!

 

<3<3 Ragne Beate