Det skal ikkje mykje til for å glede, men ein må vere villig til å gjere det <3

8. desember 2016

Midt i eksamens stria så får eg tid til eit blogg innlegg, ei historie om glede, meistring og om 3 fantastiske menneske som tar av si eiga fritid for å glede ein gut på snart 9 år, med ein heil bråte med utfordringar på eine sida, og når han kjem i sitt rette element så er dei som blåst vekk <3

Å glede nokon,å gjere noko for nokon andre, det treng ikkje krevje ein heil masse organisasjon, ei heller vekesvis med planlegging.

For oss kom det ei melding til mamma Ragne:

« Hei! Vil Georg vere med ein førjulstur med Simrad Buholmen? Når passe det eventuelt?»

FANTASISK!

Meldinga kom frå Jannicke, leiaren i Måløy sjøredningskorps, og tidligare assistent for gutane mine i barnehagen.

Jannicke er ein heilt unik person, det finnast svært få av hennar kaliber her i verda, jenta som syns det er så kjekt når guten min kose seg at ho tar av eiga fritid, får vaktlaget i Sjøredningskorpset til å stille av si tid, og fiksar ein øvelse,for at Georg skulle få ei oppleving før jul <3

blogg-8-des-1

Det betyr så mykje!

Og ,for ei mamma som må be om alt, søke om alt, ordne med alt, springe på møter om alt, så er det berre så hindides deilig å få ei melding:

«Har de lyst å vere med ein tur?»

Eg skulle ynskje de alle kunne fått lov til å vere med som fluge på veggen på turen vi hadde ut Vågsfjorden, rett og slett fordi de hadde blitt så glade.

Faktisk så trur eg at de nok hadde blitt rørt og.

For det er noko heilt spesielt med born med utfordringar som meistrar.

Når dei er sinte så er dei sinte, men når dei er glade, slik som Georg var denne turen, ja så lyse det av augene.

Det er ein slik glød at ein ikkje trur noko vondt kan skje her i verda.

Latteren kjem heilt i frå lisjetåa, og engasjementet? Nei det renn berre over <3

Eg sat på setet mitt i båten og berre naut augeblikket.

blogg-8-des-3

Ein time med glede, meistring og engasjement, langt borte frå tøffe veker med lite soving og mykje stress.

Georg i sitt rette element, som kaptein på «eiga skute».

Den kapteinen eg vil han skal få lov til å bli, med råderett over eige liv, god nok hjelp til å vere så sjølvstendig som mogeleg og med den verdigheten som han vart behandla med på båten i dag av mannskapet.

For dei behandla Georg med respekt, og han gav dei og den respekten dei fortente.

Han fekk vere «kaptein»- men med respekt for den virkelege båtføraren.

Mamma Ragne hadde klump i halsen fleire gonger, når mannskapet rosa Georg med små drypp «så flink du er», «dette her kan du Georg» «Alt du kan altså».

Og kor guten blomstra!

Tenk kor lite som skal til for at eit menneske å føle seg verdsatt- ein treng ikkje ein individuell plan for det!

Det er snakk om å bry seg, å gidde å rose, å vere littegrann engasjert, berre litt er nok <3

blogg-8-des-5

Tusen takk til Jannicke, til  Håkon Andre og Ørjan for turen, tusen takk for en opplevelse som guten min kjeme til å leve lenge på, og for et engasjement som glede mammahjartet noko heilt enormt!

La oss lære av desse 3, at ein treng ikkje bygge Rom for å glede nokon, det ein treng er å gidde å gjere det, gidde å bruke tida si på det, og vise at ein faktisk likar det ein gjere- av glede ikkje av plikt!

 

Tusen hjertelig takk !

 

<3<3 Ragne Beate