Å ta sine eigne valg

12. desember 2016

Det er vanskeleg å ta valg.

Kjempevanskeleg!

Fordi alle har lyst å seie si meining om dei valga ein må ta, fordi det kanskje ikkje er slik som dei ville ha gjort det, eller tenkt det, eller kanskje hadde gjort det eingong før.

Det er og vanskeleg å ta valg som er lengre fram i tid, fordi ein ikkje veit.

Noko som kan vere rett her og no, er kanskje feil lenger framme, eller den andre vegen.

Om ein pressar for mykje no, så kan ein få problemer lenger framme.

Den balansegongen den kan slite ein ut!

Eg kjenne veldig på akkurat det her i periodar som er meir krevande enn andre, og desember er ein slik månad.

Desember skil seg ut, fordi det er den månaden når autismen vaknar skikkeleg, den vise veldig.

Autismen vise fordi borna er meir urolege- akkurat slik som alle andre «vanlege born» er.

Berre at mine ikkje taklar det like bra.

Den vise seg og på ei spenning og forventing.

For mine born gler seg akkurat like mykje til jul som alle andre born som ikkje har autisme og ADHD- tida er berre litt uoverkommeleg no fram til den endeleg er over den 24 desember.

Autismen vise og veldig fordi det er no vi ser alt vi går glipp av, eller slepp å vere med på, alt ettersom korleis ein vel å sjå det.

For, når eg ser ut av mitt «autismemamma vindauge» så ser eg mange familiar med vanlege born som slite veldig med å klare å sy i hop programmet sitt før jul.

Då samtlege skal ha ein eller annan avslutning, julebord, venninneklubb, eller julegrantenning.

Pluss baking, julevask og julegåve kjøp.

Der slit ikkje eg meg ut i det heile.

For vi er heime.

Vi har ingen juleavsluting å stresse til, for vi har ikkje noko å avslutte.

Vi har heller ingen julebord, då mamma ikkje «jobbar» (kremt) og pappa sin jobb ikkje har julebord.

Den meste av tida bruke vi heime på å sysselsette to turbotroll som gler seg så avsindig til jul at det nesten ikkje er til å halde ut!

Gleda er så stor at den startar midt på natta, og den er så voldsom at den og treng mykje trøst, den treng konkrete planar, og den treng å bli tatt på alvor.

Om det er trist?

Både ja og nei.

Den eine sida av meg vil jo så gjerne ha det normalt, slik som alle andre.

Noko anna ville vere løgn.

Den andre sida av meg syns det er heilt greit å ha det sånn vi har det, fordi det er det eg kan, det er det vi har gjort i så mange år, det er det som er blitt vanen, det er det vi har valgt.

Kan hende våre valg er feil, kanskje burde vi ha utforska, utvida horisontar og strukke grenser.

 

Men i år, som i fjor har vi nok med å klare skape gode dagar, uten kjefting og fortviling, men med ein nogen lunde form for ro.

Og skape glede som er overkommeleg.

Eg gler meg hinsides til julaften klokka 1700.

Då er jula over 😉

Men fram til det har eg 12 dager å velge rett på.

 

Eg velge å velge det som er rett for oss- ikkje alle andre 🙂

<3<3 Ragne Beate