To år med «På randen med Ragne»

13. desember 2016

«Ganske nøyaktig no, for 2 år sida, fekk eg ein konvolutt opp i nevane mine, ei gåve frå 17 mennesker, fleire av dei har eg endå ikkje møtt personleg.

Ei gåve etter ein fullført Exphil eksamen, på eit då pågåande juss studie.

Ei blogg eller eit spa opphald, eg fekk velje.

Eg valgde blogg.

Første posting på bloggen kom ikkje før nokre mnd seinare, men prosessen starta denne dagen- for 2 år sida.

Det er rart å tenke tilbake, frå den spede begynnelse og fram til der bloggen er i dag, der eg er i dag.

Så mykje sterkare på mange måtar, men alikevel så sårbar, så lett å såre, så på hugget heile tida, dette med å alltid vere der.

For gutane.

Så mange bragde vi har klar, så mange milepæler vi har kome oss igjennom , familien Larsen-AS Larsen.. men alikevel så langt langt unna det som samfunnet definere som normalt.

Normalen vi aldri når, men som vi berre må forsette å jobbe knallhardt for- ikkje for å bli normale, men å klare å tilpasse oss eit samfunn der vi ikkje heilt passar inn.

Eg ser tilbake må mange nederlag, eg trur det er menneskeleg å reflektere rundt det.

Ikkje å grave seg ned, men det er dessverre ein del av det livet vi leve, å møte nederlag.

Det har heller ikkje alltid falt i god jord alt eg har skrive eller den eg har vore, det er også ein del av «pakka» når ein stikk fram nasa si, frå ei maskin med linjehastighet 5 i ei minimalistisk bygd bortgjømt på vestlandet.

Men, eg angar ikkje, det har vore verdt det:)

Som menneske så like eg megsjølv mykje betre no enn den eg var før, fordi eg har fått oppleve at det har ein verdi og jobbe for større mål.

Men som kvinne har eg endå ein lang veg å gå før eg er likestilt, før eg er der eg kanskje skal være som 36 åring.

I arbeid, med inntekt og eit eige sosialt liv.

Men, det eg kan seie, til tross for eit havarert juss studie, er at eg er nærmare det målet no enn eg nokon gong har vore.

Nytt studie, som passa meg betre, ny eksamen i morgon, og med mål om å nå arbeidslivet i 2017.

Om berre nokre prosentar.

Alt er ein siger, ALT er ein siger!

Det handlar om å ha trua:)

Eg ser at med alder på gutane, kjem nye utfordringar, og nei, livet vert ikkje lettare, men det vert annerleis i handteringa.

Det har nok med å gjere at ein lære, ein reflektere og ein veks.

Både born og vaksne.

Og ein klare etter kvart som borna vert større og finne ei felles plattform for det målet ein skal nå- om eit sjølvstendig liv.

Eg har som Ragne framleis ein tøff veg å gå for å gje slepp, for å stole på systemet, og klare å sleppe taket.

Men, slik er eg, Ragne som mor treng den tida det tar for å kome dit.

Eg veit vi når fram tilslutt, meir eller mindre heile 🙂

«På randen med Ragne» vil forsette så lenge eg har noko å formidle, så lenge eg kjenne at det er ok.

Takk for at du har lese <3″

 

Different but not less <3

 

<3<3 Ragne Beate