Psykisk helse- samfunnets paradoks

14. desember 2016

«Eg trur du må ha budd saman med nokon som er deprimert, for å skjøne kor svart det kan være.

Du må kanskje og ha opplevd ditt eige angstanfall for å skjøne kor redd ein blir når det står på.

Og, du må muligens oppleve den lammande kjensla det er når bornet ditt får angst, og når denne angsten går inn og tar over bornet ditt, familielivet ditt, heimen din, og alt rundt.

Alt fokus vert lagt rundt å halde bornet ditt oppe.

Ja, ein må nok kjenne på det for å forstå.»

Men:

Vi snakkar om psykisk helse, om kor viktig det er å forebygge det, skulane har aktive mobbe kampanjar, helsesøstrene set fokus på kosthold og ernæring, slik at ein kan forebygge både fedme og fange opp eventuelle spiseforstyrringar tidligare enn før.

6 klassingane får undervisning i kva overgrep er, kva som er ok og ikkje, og at kroppen er deira eige.

Men alikevel så er det sosial aksept for å trykke ned andre menneske gong på gong på gong- for vår eine forlystelse!

Å mobbe feite menneske på nett, det er jo berre artig!

Feite, tjukke, eigen feil at dei er slik, det er jo berre å ta seg saman, ikkje sant?

Strup att etarholet!

Og legg for gud skuld ikkje eit bilete av deg sjølv ein eller annan plass i eit sosialt medie- det kan få fatale konsekvensar.

Er du funksjonshemma i ein eller annan form så er det ok å ape etter deg på gata, «berre for moro skuld», eller kanskje spytte?

Blikk som himlar, kviskring rundt novene, peiking.

«Dei er jo rare»- ein ler jo av rare ting!

Tenk kor mange funksjonshemmede har vore utsatt for hatkriminalitet!

Og her er nok mørketala store, for det kan vel tenkast at det ofte dei med den synlege funksjonshemminga det gjeld.

Ein treng nemleg ikkje verken sitte i rullestol eller dra på ein fot for å ha ei funksjonsutfordring.

Funksjon som « Å fungere så godt som ein kan i samfunnet»

Den «late» husmora som aldri kjem seg i jobb- prata om over kaffikoppen hos naboen- der sanninga er at ho har så mykje sosialangst at det å gå for å hente posten ein dag i veka kan vere likestilt med å klatre Kilimanjaro.

Eller jenta som droppa ut av skulen, sjølv om ho var god, flink, oppegåande.

«Foreldra føl ikkje opp» hyler hylekoret- « Jenta har Asperger og fått angst» kviskrar foreldra stille..

Eller for den del systematisk mistru og trykke ned idrettstjerner som har gått på ein smell- med daglege avis artiklar.

Og dei er ikkje gode nok før dei vinn igjen- og då trykkjer vi dei til brystet , briskar oss og brøle:

«DET ER TYPISK NORSK Å VERE GOD!»

Korleis skal vi nokon gong klare å ta vare på dei svakaste i samfunnet vårt, når vi dag etter dag, og faktisk uten å tenke på det er med på å trykke dei som treng å bli løfta ned?

Kan vi ha det moro utan å bidra til stigmatisering av store grupper?

For vi skal ikkje slutte å le, men det er ein vesentleg forskjell å le med nokon enn av nokon.

Psykiske utfordringar rammar vilkårleg, det kan likeså godt ramme ein ressursterk foretningsmann som ei åleinemor med dårleg økonomi.

Og det kan og ramme gode og trygge familiekonstelasjonar.

Det ein treng når ein usynleg sjukdom eller liding rammar er å finne god informasjon, få støtte og hjelp i frå hjelpeapparatet og ikkje minst oppfyljng.

Og, ein aksept frå samfunnet rundt.

Ikkje utstøting, håning eller baksnakking.

Ikkje: … « vi trur at- det er nok sikkert- altså hallo, du veit jo den familien der..»

 

Neste gong kan det være din tur- til å føle på avmakta- oppleve endringa- og begynne mølla for å få hjelp til det kjæraste du har, eller kanskje deg sjølv.

Korleis ynskje du å bli behandla?

 

<3<3 Ragne Beate