Juleglede, julefred og julero
Desse orda høyre vi mykje no
Vi skal lengte, vi skal stresse og litt til
Fram til dagen der ein og må ha vore snill
Det er så lett å glede seg seier tv
«Kva finnast i pakken din gut?»
Ein mobil til fleire tusen kroner?
Eller kanskje ein lurepakke med kaffigrut?
Du skal og glede andre seie skriften
«Ta vare på dei som treng det mest no»
Vere snill, og skikkeleg heile dagen
Er det på den måten alle får «julero»?
Det er så rart å oppleve og erfare
At glede kan vere så tøft
At å vente er som ein sirkel-utan ende
At jula kan bli så røff
At det å glede seg kan skape eit kaos
Og ein kjensle av å ikkje strekke til
Når ventetid tar overhand i kroppar
Som ikkje taklar kjensla slik som dei vil.
Mi glede har forandra seg mykje
Den er endra, vridd og snudd
Frå det eg opplevde i min barndom
Det som for meg var julesalutt
Mi glede er skjør og sårbar
Den går og på tå hev
Ikkje tørre å glede seg for mykje
Skuffelsen frå før sit ved
Men eg set og pris på andre sider
Som eg kanskje ikkje hadde sett etter før
Små teikn til meistring og framsteg
Om enn litt mindre slamring i ei dør;)
Så når gleda sitt klimaks
Det er 48 timar til no
Då papirstormen inntar heimen
Og papiret blir revet i to
Det er hektisk, det er kaotisk og det er hærlig!
Det er GLEDE i himmelrik form!
Det er borna ,pakkar og treet
Og to foreldre som skuar i rom.
Så er det akkurat som om støvet legg seg
Ei verd før-og ei no
«Mamma- no er jula over»
Hjartesukket kjem frå begge to.
Det er då mamma kjenne roen
Den som alle snakkar om
Her hos oss kallast den kvardag
Det er den som er best i vårt rom 🙂
Eg ynskje alle lykke til i innspurten, og håpe julaforbereielsane har vore så god som den kan bli for alle <3
48 timer- og teller <3
<3<3 Ragne Beate