Tenk kva de kan gå glipp av- de som ser annerleis som noko skummelt.

27. desember 2016

 

Det er intense dagar med ferie, der skal eg ærleg innrømme.

Dagane startar tidleg, vi har vore fråtatt utetid  av vind og uver, men vi vart heldigvis forskåna for den verste vinden frå «urd».

(Legg alikevel med eit bilete litt forbi  garden vår-det var store krefter i sving.)

Ein går oppå ein annan, og ein merke annerledesheita mykje sterkare enn når vi har kvardag og har noko å gå til.

Kvardagen med forutigbarhet og struktur.

Det er heller ikkje lett å verken få eller gå på besøk, rett og slett fordi borna våre er slitne, dei er slitne av å ha fri.

Kan du forestille deg det?

At dei dagane du så inderleg lengtar etter, avbrekket frå kvardag og pes, er pesten for born som mine?

Nei, det er vanskeleg å forstå.

Difor merkar familiar som oss seg ut, og ikkje alle taklar å vere ilag med oss når vi er i eit slikt «modus».

Det vert kommentarar, det kjem blikk og ein kjenne på annerleishet.

Eg trur mange kjenne seg att i ein slik beskriving.

Men, eg har sitte å tenkt litt desse dagane, på kva dei som ikkje taklar annerleishet går glipp av.

Viss ein maktar å sjå vekk i frå litt rigide behov, litt  masse aktivitet og eit og anna raseriutbrudd over noko som vart feil.

Om det enn berre var at sokken kom på foten på feil plass.

Du veit, når ein er litt stressa i utgangspunktet, så kan det at sokken kjem på på feil måte vere likestilt med dommedag det altså- berre sånn at det er sagt.

Det høyres ivertfall ganske så dramatisk ut der og då.

Chill- det er berre ein sokk!

Om ein lyttar, kva kan ein lære?

Eg har lært det meste om Rjukan og kampen om tungtvannet siste dagane.

Mykje meir enn det filmen gav meg, fordi mine gutar klare å grave i materien av det dei finn, og hugsar alt så dei kan gjenfortelle.

Og fordelen med fotografisk hukommelse?

Jo- ein får alt, til og med punktum, komma og linjeskift!

Utruleg facinerande!

Ein får og eit unikt innblikk å ei verd ein ikkje tilvanleg er ein del av om ein orkar å setje seg ned saman med desse borna og vere ilag med dei på sine premissar.

Ikkje alle likar bli tatt på, andre vil helst sitte 2 meter frå deg, og nokre har intimsvære på 2 mm opp i anletet ditt.

Men til felles har dei at dei ynskjer å vere ilag med deg, ilag med oss, i eit felleskap, dei treng bare at vi gidd å vere med på det.

I eit slikt samspel kan magiske ting skje.

Små ting, som ord ein ikkje visste bornet hadde,eller refleksjonar rundt hendingar som du ikkje ante bornet i det heile hadde kapasietet til å få med seg.

For det ligg så mykje i desse borna som vil fram- berre dei får hjelp til å få det fram .

Berre dei ikkje stresse.

Stress drep det meste på sin veg- hos dei fleste.

Å ha gode relasjonar er viktig, og det er kanskje endå meir viktig når det er dagar som jul, påske eller ferie, fordi familiane då treng endå meir forståing.

Ein kan nemleg ikkje rømme inn i kvardagen på desse dagane-ein må takle ferien.

I staden for å sjå utfordringar- tenk kva du kan lære av eit menneske som ser livet frå ei anna side.

Eg trur du kan få deg ei stor overasking.

Men- det er du som må ta steget og ta imot.

Lykke til!

<3<3 Ragne Beate