Hadde verda skjøna  autisme betre om stress hadde hatt eit anna navn?

29. desember 2016

Eg har siste åra sagt at ordet «stress» er verdens mest misbrukte ord, men det har nok med å gjere at eg ikkje ser på stress som det andre ser på som stress.

Stress er nemleg noko eg er redd for.

Ikkje redd for som i at eg ikkje takle det, for det gjere eg, men borna mine taklar det ikkje.

Eg har sett kva stress kan gjere, at det kan forvandle eit menneske frå å vere ei lilje til eit monster.

Det at stress har ligge å gnagd i mørket, litt etter litt slitt av ein og ein tråd i tauet som held bornet oppe.

Stresset har vore synleg nokre gonger, der bornet har vist tydelege tegn på ubehag, som å halde seg for øyrene, eller skjerme seg på andre måtar.

Men som oftest er stresset  små drypp i eit glas som tilsutt renn over.

Og når det har rent over så er eg ikkje lenger redd, men heller djupt fortvila og full i medfølelse for dette lisje mennesket forran meg som strikken rauk på igjen.

Som overhode ikkje kan noko ting for at verda har ramla i hop!

Som ikkje er mottakeleg for verken korreksjon eller kjeft.

For ein kan ikkje kjefte for noko som har skjedd så langt over tid, kan ein?

Det absurde i slike situasjonar som med born med autisme er at det er sjeldan situasjonen der og då som gjorde at dei knuset eit glas i veggen i harnisk- men heller summen av små drypp med stress, som tilsaman gjere ei lilje om til eit monster.

Ein klarar heller ikkje «å berre ta seg saman» når slikt skjer, sjølv om vi vaksne så inderleg gjerne både vil og eigentleg krev at bornet skal gjere det.

For desse episodane er så lammande for familien, gir nederlagsfølelse for foreldra sine oppdraging metodar, og faktisk så er det hinsides frustrerande fordi vi aldri veit kva som skjedde.

Vi trudde vi var innafor, vi trudde vi hadde lagt godt nok til rette, vi trudde at no hadde vi funne ein veg som fungerar.

Også small lunta av alikevel.

Stress.

Som i media blir teinka som eit bilete av ei kvinne som ligg over eit bord og er tydeleg fortvila.

Som ikkje klarar å balansere jobb, barn , trening, slanking og sjølvrealisering samtidig, for å sette det litt på spissen.

Kvinna som ikkje når opp og fram, og ofte med ein faktaboks av kva stress gjere med kroppen, og at ein kan bli både deprimert, utmatta og dausjuk av stress.

Ja, eg las ein gong faktisk at stress var meir dødeleg enn røyking!

Så, mine vener,kvifor er det då så vanskeleg å skjøne stresset til born med autisme, når vi skal skjøne i hel stresset til kvinna, stresset som får 4 sider plass i vekebladet?

Kvifor er det så vanskeleg å skjøne at dei må skjermast, giast pauser, få tilrettelagt så dei skjønar, treng hjelp til at tauet som held dei oppe ikkje sakte men sikkert vert saga av og slit.

Nederlagsfølelse, utmatting, tomhet, eg strekk ikkje til!

I kompani med at ein heller ikkje skjøner dei sosiale kodeksane, OG difor er meir disponert for angst, tvang eller depresjon.

Hadde vi skjøna denne typen stress om det hadde eit anna namn?

Det kan godt hende det allereie har det, men eg har i alle fall ikkje hørt det endå..

Eit namn på folkemunne som kunne ha forklart kvifor eit slikt stress er sosialt dødeleg for born innanfor spekteret.

Meltdown gir nemleg ikkje eit bilete på stress- det gir eit bilete på kva stress kan gjere, og noko ei kvar mor eller far overhode ikkje strebe etter å oppleve.

For har ein først opplevd ein skikkleg meltdown- ja, då gløyme du den ikkje!

Eg kan identifisere med med kvinna i vekebladet, som ligg over kjøkkenbordet.

Som ikkje maktar å trene det ho vil, som febrilskt i fleire år har prøvd å sjølvrealisere seg, berre for å dessverre møt eit nederlag.

Dama som har vore igjennom utallige slankekurar, både låg og høg karbo, anna pulver og ei og anna gulrot, berre for å sitte på slutten av året, 5 kilo tyngre og eigentleg like lukkeleg som eg var då eg var 5 kilo mindre.

Kvinna som lure på om ho nokon gong her i livet kjem til å oppleve å vakne utkvilt og morgon frisk,(som bladet forøvrig meine er det ein skal strebe etter for å minske stress)og om natta nokon gong igjen får 8 timar samanhengande søvn.

Eg kan og relatere meg til dei tunge tankane om å aldri heilt klare å strekke til.

I følgje bladet er eg stressa.

Men, mitt stress og borna mine sitt er heilt forskjellig!

Det blir dessverre tolka likt der ute..

Fordi stress er blitt eit av verdas mest misbrukte ord.

 

Eg veit ikkje kva anna mine born sitt stress kan heite, men eg skulle verkeleg hatt eit anna ord.

Som også gjerne kunne ha komt med ein manual.

Til samfunnet.

Eg har min eigen- det er berre ikkje alle som trur det som står i han!

 

<3<3 Ragne Beate

 

  • Cecilie

    Takk Ragne❤ Jeg har så vondt av alle barna, ikke bare med autisme, men også med ADHD og tourettes som blir misforstått av samfunnet, og også ofte av foreldrene. Foreldre som ikke har funnet sin manual eller sine briller. Du gjør et viktig bidrag med ordene dine.
    Klem, Cecilie (MestringsGlede og Mammahjelpen)