Vi møte ikkje 2017 med blanke ark, men fargestiftane dei tek vi med oss <3

31. desember 2016

2017 bankar på døra, og AS Larsen legg bak seg eit travel og interessant år på mange måtar men også eit år fylt med mykje ettertanke.

2016 var året då vi valde å ta steget og flytte på garden vår.

Huset vårt i Furutoppen var nytt, med alt vi trengte, garden var skakk, skjeiv, uisolert , vindfull og har så mykje arbeid at Per Even meine at han muligens går i grava med hammaren i handa om vi gjekk for prosjektet.

Men det var eit eller anna som trakk, som lirka og lura på oss, og plusteleg sto vi der med skjøtet i handa, og ringen var slutta.

Det ville vere blank løgn å seie at flyttinga gikk smertefritt, og det vil vere like mykje løgn å seie at vi fleire gonger har lurt på kva i all verda vi held på med.

Men angra har vi ikkje!

Offhore spøkelset har og holdt seg vekke, så Per Even har fått behalde jobben sin, men vi merke godt endringane i markedet og usikkerheten som kjem med den.

Vi må berre velje å vere takknemlege for at vi er der vi er no.

Spike Snoopy kom som en berikelse inn i liva våre på verdens autismedag 2 april.

Han er ein Lakeland terrier, med sjarm til å dø for, som har fått en utrulig stor plass i hjerta våre.

Spike går fra å vere «skjettaspril» om uhellet skulle være ute, til «pus» når ein skal kose, så mulig han er litt forvirra, men vi digga han!

Det viste seg at Spike er født med kun en testikkel- noko som har irritert mormor Inger til det glade vanvidd då dyret er et premiedyr i utstillingssammenheng, mens vi andre tar det med knusande ro- ein skavank her og der, det må ein nesten ha hos AS Larsen 😉

Eg har hatt utruleg stor glede av Spike, vi har hatt mange flotte turar ilag, og at hund er terapi, det er det ingen tvil om 🙂

2016 var også året då vi igjen måtte stille med hua i handa og be om hjelp i BUP systemet, då vi ikkje lenger kunne bortforklare Jakob sine utfordringar på skulen.

Her vanka det ein bokstav og to her og, men vi er klare for å brette opp ermane og jobbe godt for at vi skal få ting på stell.

Ei diagnose kjem sjeldan åleine, her dukka opp 3 nye hos familien Larsen i år.

Det er difor eg seier at vi kjem ikkje til å vandre inn i 2017 med blanke ark, for våre ark er allereie kladda på.

Arka våre er blitt gitt namn, teikna vegar å gå, gitt både forhåpningar og utfordringar, og stempla.

Bokstavfamilien.

Eg skal ta med meg desse arka inn i 2017 ilag med fargestiftar, for det er kun vi sjølve som kan farge livet vårt, ingen andre.

Desse fargestiftane skal eg bruke til å farge livet vårt med håp og kjærlighet, forsette å bestebe ærlighet og åpenhet, og ha ei klokketru på at det er det riktige i det lange løp.

Eg skal og la livet få lov til å bli farga med fortviling og sinne, fordi desse følelsane er viktige, dei er viktige for å klare å sortere ut det vonde, og bearbeide dei.

Mørke skyar som vil klarne opp igjen til strålande sol- om ein berre fargar lerret rett.

Eg vil bruke fargane til å forsette å skrive, prøve å komme meg i lønna arbeid etter endt studie, om enn berre litt, nokre prosentar, men eg vil heile vegen, som eg alltid har gjort, sette borna mine først.

Og eine fargen i vårt lerret skal vere at det er godt nok.

Så lenge ein gjere så godt ein kan- så er det godt nok!

Om ein ikkje når målet dette året, så kjem det sjangsar seinare, det eg ikkje skal få lov til er å slutte å prøve.

Og, eg skal aldri gløyme verdien av eit positivt ord og ein klem <3

Eg vil sende de alle ei heilt ny og ubrukt eske med fargar, ei dose med håp, mykje forståing og åpenhet, ei stor favn med kjærlighet, og ei klype med fortviling og hat, slik at de også er klare til å farge eigne lerret i 2017 🙂

La oss farge 2017 DRITBRA som gutane mine seier!

 

Riktig godt nyttår frå «På Randen med Ragne» , og håpe vi sees i 2017 🙂

 

<3<3 Ragne Beate