Ville det vore betre med ei verd utan diagnosar?

6. januar 2017

Til tross for kor vanskeleg det har vore å få born med diagnose, alle tårene vi har felt, all latteren vi har svelgt unna og latt trille inn i kroken i albogen, og all frustrasjon som har fulgt med livet på vegen i «nevro gata» så er eg utruleg takknemleg for at vi fekk eit namn på vår annerleishet.

At vi fekk mogelegheten så tidleg som vi gjore å få hjelp til borna våre, og at vi og fekk mogeleheten til å omstille oss sjølve.

Det har nemleg vore ein like så stor prosess det, som å skjøne borna våre.

Vi har svelgt uhorveleg mange kamelar og ofra mykje av vårt «voksenliv» som andre tek for gitt, fordi våre born sine behov  krev det.

Det har ikkje alltid falt i like god jord- ingen likar å bli satt tilsides, men vi lærte jysla fort at å gidde å krangle over kven som måtte vike, det var like produktivt som å gå ut på tunet å telle småstein.

Våre diagnosar vart autisme og ADHD.

Dei er ikkje komen rekande på ei fjøl, dei er ei heller satt ved at ein utredar stikk fingeren opp i lufta og tenkjer seg om i 2 sekund og seier:

« Eg tenkjer vi set…… AUTISME på deg guten min… neste!»

ADHD er ikkje satt fordi eg er ei elendig mor, eller at gutane er så urolege at ein berre må sette den diagnosa, fordi den er populær og enkel og setje.

Fordi alle born med maur i ræva eller som ikkje klare å huske frå 12 til middag skal ha ei diagnose..

Nei, eg veit kva som skulle til for å setje navnet- ICD-10 , eg veit kor mykje prosessen har kosta, kor lang tid det tok, alle skjema som eg og pappaen satt å skreiv på, diskuterte, reiv oss i håret av fortviling.

Eg var nemlig der.

Hadde eg kunna fjerna dei, tatt vekk utfordringa så hadde eg gjort det.

PRONTO!

Men sidan  den mogelegheten ikkje er tilstades så vel eg heller aternativ 2: HARDT ARBEID MOT EIT MÅL!

 

Eg skulle ønske at i staden for å diskutere om diagnosar er reelle eller ikkje, at ein kunne sette fokus på føljande:

  • Kvifor forsvinn dagtilbod og lavterskel tilbod innan psykiatrien, når behovet er skrikande?

 

  • Kvifor er det yderst få tilbod til barn og unge med funksjonshemming når der fløymer over av tilbod til «vanlege» born

 

  • Når skal ein få fokus på tilrettelagte arbeidsplassar til desse som treng det lisje ekstra, men som UTMERKET godt kan gjere ein kjempeinnsats, berre ein får litt hjelp!

 

  • Kva med å sette mangfoldet på agendaen, på lik linje med innsatsen mot mobbing? Der det å være annerleis ikkje lenger er annerleis, fordi ein ser på menneske og ikkje på merkelappen som kjem ved. Mennesket som kan yte og vere deltakande, sjølv om foten må slepast etter eller at ein må ha på hørselvern for å kunne være med.
  • Kva med å gje familiane med store omsorgsbehov den hjelpa dei treng på eit tidleg stadium, og la den vedvare så lenge den trengs? Ei hjelp som kan vere så livreddande at ein berge både psyke, ekteskap og gir rom for vidare utvikling for bornet som er på eit heil anna stadie enn det er utan hjelp.Fordi utkvilte foreldre tenke betre, er meir positive, søv betre og har heilt andre ressursar enn dei som er utslitt.

 

  • Og , kva med å lære av foreldra som sit med skoen på. Lytte til erfaringar, ta det til seg og bruke det, i staden for å kjempe i mot med at «slik har vi gjort det her, og det har jo fungert, du må jo forstå at vi har jobba med slike born før»

 

  • «Slike born» ja, eg må ha med eit punkt om det og, for eg HATAR å høyre om «slike born». Såkalla «slike born» er faktisk det kjæraste eg har, og eg likar ikkje å bli satt i bås. Vi likar ikkje å bli satt i bås, verken som familie eller å høyre at borna våre blir det. Vi er ikkje «slike», vi er menneske!Ja, svarten heller, med masse masse behov, men vi er fremdeles menneske!

Eg er ikkje plaga med autisme eller ADHD, eg er plaga med fordommar som seier noke om oss, om «slike born».

Sanninga er at eg leve godt i vår annerleis kvardag, det gjere borna mine og, sjølv om vi vert fortvila, slitne, og dritlei innimellom.

Kanskje sånn som alle andre som ikkje har «slike barn»?

Eg trur ikkje verda hadde litt ein betre stad utan diagnosar, nei tvert om!

 

Samfunnet må endrast, ikkje borna som ser ein spade for ein spade.

 

«Slike barn» treng nemleg samfunnet- mangfaldet treng det!

 

GOD HELG!

 

<3<3 Ragne Beate