Kva er ei pause?

10. januar 2017

Ja, mine vener- kva er ei pause?

Eg har sitta å spekulert litt på det i dag, for vi er jo så forskjellige vi menneske, og det er slik at mange treng mange pauser og nokre treng få.

Og somoftast så går menneska som treng lite pauser og menneska som foretrekk mange pauser dårleg i lag.

Nokre mennesker treng røykepauser, det som i notida er dei pausene som nok blir sett mest ned på.

Det er desse menneska som snik seg ut frå kontoret eller jobben sin og hutrar og frys på eit eller anna hjørne ein eller annan plass, der sonene for røyking vert lenger og lenger vekk frå døra ein går ut.

Andre elskar kaffipausar, og treng plenty av dei koppane.

Då eg jobba på båt hadde vi 10 kaffi og 3 kaffi, og ein tulla ALDRI med desse pausene, dei var like heilage som 17 mai og julafta ilag.

Så har vi lunsjpause, her er det vel vesentleg om den er betalt av arbeidsgivar eller ikkje, også har  vi «time out» pausar.

Og her kjem vi til det eg vil skrive litt om, for desse pausane er det ikkje alle som skjønar.

Det er nemleg når tilsynelatande godt fungerande born vert tatt vekk i frå ein aktivitet eller oppleving fordi dei treng å hente seg innatt.

Og det skjer FØR det smell!

Her er qluet- FØR det smell!

Om det smelle så treng man ikkje vere rakett forskar for å skjøne at bornet det gjekk i stå for trengte seg ei pause.

Vi foreldre vert etter kvart ekspertar å sjå når borna våre treng slike pausar.

Det kan vere seg endringar i språkbruk, eller manglande sådann, det kan vere at flappinga i hendene aukar, eller at det aktuellle bornet har gått så mange gonger rundt sin eigen akse at du sjølv hadde lagt krok ein eller plass å spydd som ein gris.

ELLER: Det kan vere adferd som er heilt feil i konteksten der bornet er forbausande roleg, eller merkeleg stille, og ein tenker at her er det berre ein ting å gjere: Trekke inn årande mens leiken er god.

Flinke pedagogar og assistentar lære seg og for desse grepa, fordi dei får prøvd seg på korleis det er når det faktisk smell, og tek lærdom av dei!

Andre som er rundt kan riste på hovudet og tenkje at desse foreldra må jo vere porselensfolk aldeles, som ikkje gir borna sine meir utfordring enn dei gjere.

Dei skulle berre ha visst kva eksamen dei har vore igjennom eigentleg!

Dei skulle og ha visst kva som kan kome i etterkant om ein har strukke strikken for langt!

Men- ein ting dei ikkje tenke på er at foreldra eller pedagogen som står der har sitte å vurdert lenge kor langt ein kan strekke strikken!

Fordi pause ikkje er målet- målet er å klare mest mulig FØR pausa utan at ein går for langt.

Hadde pause vore målet så hadde ein ikkje gidda å kome i fyrste omgang, for det er utruleg mykje lettare å berre gå til pause- i staden for å yte litt før ein går!

Autistiske born er like forskjellige som oss andre, nokre treng mange pauser, andre treng mindre.

Nokre treng å snike seg vekk, mens andre godt kan proklamere at : «No stikk eg folkens- tilbake om litt!»

Felles for begge er at dei treng si pause.

Mange syns røykarar er idiotar som snik seg ut for å røyke, eller at dama på kontoret drikk vel mange koppar med kaffi!

Det er deira val, og det er vårt val om vi skal irritere oss over det og legge oss bort i det.

Borna med autisme har ikkje noko val når dei treng si pause, dei må ha den for å komme seg igjennom dagen, og dei treng dei vaksne for å hjelpe å regulere behovet.

Men, det er ditt val om vil forstå at det berre er slik det fungerar.

Du kan hjelpe, ved å prøve å forstå.

For, born med autisme skulkar ikkje- dei treng berre pausa si!

<3<3 Ragne Beate