Der var noko alikevel..

13. januar 2017

Denne teksten er skriven i samråd med vår son, då eg aldri hadde skrive noko i det heile om han hadde sagt nei.

Det er mange som kunne ha lært mykje av han<3

 

«Det er så rart å tenke på, sånn etterpå, kor mykje som har vore der heile vegen.

Alle nettene du ikkje sov, alle timane vi brukte forran tv med Elias fordi det var det einaste du ville, klokka 4 om natta når verda sov.

Men du var alltid blid <3

Alltid like god <3

Og vi elska deg <3

 

Du fekk småbrødre med utfordringar, du fekk ikkje ein ein gong, du fekk to på ein gong.

Og ein eller annan plass på denne vegen så forsvann du litt, ikkje mykje , for du har heile vegen vore der, men du forsvann litt.

Ja, du var aktiv sa barnehagen-men ikkje SÅ aktiv.

Ja, du var  avhengig av rutiner, mamma di lo då, det var jo ikkje så rart, det var jo heimen din og.

Du hadde nokre fakter- men veit du, det hadde mor di og når ho var lita, du likna nok mest på ho!

 

Men du var alltid blid <3

Alltid like god <3

Og vi elska deg <3

 

Så fekk du ein fantastisk lærar, eit menneske som verkeleg såg deg, som tok den under sine venger , og som gav deg det du trengte.

Ein tommel opp, eit smil, eit lite blunk med auget.

Det gjekk ikkje smertefritt, mamma hadde mange telefonar, men ho lo litt av dei og- det var så lite i forhold til dei andre, men ho tok dei  alikevel seriøst- for det var jo om deg <3

 

Du var like blid<3

Alltid like god<3

Og vi elska deg <3

 

Så kom det til eit punkt at vi ikkje lenger kunne bortforklare det som var utfordrande, ikkje lenger kunne henge utfordringa på «søsken knaggen», noko mamma forøvrig heller ikkje meinte var rett- for du vart sett.

Du blir sett- vi ser deg- men såg vi nok?

 

Du var like blid<3

Alltid like god<3

Og vi elska deg <3

 

Så difor vart hausten 2016 ei berg og dalbane som mamma ikkje klarte å styre, det vart mykje papir, mange møter, og tøffe tak.

For deg og.

Det var mykje å ta inn.

«Er eg og annerleis?»

Men oppi det heile var du

 

Like blid<3

Like god <3

Og vi elska deg  <3

 

Til slutt fekk vi namnet på utfordringa- Tourettes syndrom og ADHD, mamma var lamma med det fyrste, du tok det med stoisk ro.

For deg var det ingen «big deal»- du e jo deg sjølv uansett liksom.

Eg spurte deg om vi skulle holde det hemmelig, om du ikkje ville nokon skulle vete.

Du svarte : « Mamma, kva skal vi holde hemmelig, eg er jo bare sånn»

 

Like blid<3

Like god<3

Herlighet kor vi elske deg <3

 

I dag var vi innom BUP for samtale, og forklaring, og psykiateren forklarte det heile så utrulig godt!

Det er snakk om uro, det er snakk om konsentrasjon, og det er snakk om følelser som er utanpå.

Ikkje meir eller mindre, det er det det er snakk om!

Og hjelpa finnast, ved hjelp av ein tablett- og god tilrettelegging rundt.

Ingen krise- berre ei erkjenning av at slik er det.

Når vi sit der og snakkar så seier du : «mamma, du er ein som aldri gir opp du!»

 

Aldri har du vore meir blid<3

Aldri har du vore meir god<3

Aldri har eg elska deg meir!!<3

 

Og du har heilt rett- mamma gir ikkje opp!

 

«Det vart som det vart- når det ikkje vart som det sku» slik føle eg det i dag.

Men rik?

Eg er rikast i heile verda!

For eg har ein gut som  ikkje er redd for å vere seg, ikkje redd for å vere annerleis, og det er eg stolt av!

Det er kanskje feil å avslutte med at for meg så rippa det opp ei skrubbsår i sorga mi, men det gjorde det.

Eg skal forbinde det og surre det godt!

For verdas undergang er ikkje komen denne gongen heller!

Berre eit nytt namn på utfordringar vi har vist av heile vegen.

For sonen vår er:

Alltid like blid <3

Alltid like god<3

Og vi elska han over alt på denne jord! <3<3

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  • Ingrid

    Herlighet Ragne, eg må berre ta av meg hatten for deg. Du er jo tøffare enn toget, men ikkje gløym deg sjølv opp i alt. Kjenner meg sjølv litt igjen i at vi skal takle motgang og ha tommel opp for at dette klarer vi og positivisme er nok kjempeviktig, men å ha tid til kvile og kanskje gje litt blaffen i å vere perfekt trur eg er ein viktig lærdom. Håper du er flink til å tenke på deg sjølv og ta imot event. gode hjelparar. Heier på deg ? ?

  • wenche Selland

    Fantastisk Ragne. Dine barn er heldig som har et slikt hjem, som legger så godt til rette. Jeg vet at det koster… Ha en fin helg og lykke til videre. <3

  • Helga Iren

    Fantastisk, kort og godt <3 fantastisk gut, og like fantastisk mamma <3 han er nokså lik ja

  • kristine

    herlighet.. tårene trilla. Så innmari fint du skriver om utfordringene dokkes <3 sterkt