Veit de, i dag ringte vekkerklokka <3

17. januar 2017

I dag tidleg klokka 0600 så vakna eg av vekkerklokka, ikkje dei to levande, men den irriterande, følelseskalde lyden til en Samsung 6 et eller anna.

Og eg kjente ei voldsom glede og takknemlighet!

For i dag har vi alle forutsetningar for å få ein fin dag.

Med born som har sove, nesten heile natta, og som slapp å vakne så uhorveleg tidleg.

I dag skal eg få lov til å vekke, og ingenting er betre enn det!

Eg har til og med bevilga meg ein kaffi i stillheten før eg vekte, og eg kan ikkje hugse sist eg satt åleine på kjøkkenet ein morgon med varm kaffi i koppen, og eit tastatur forran meg.

Kunne sikkert prioritert heilt annerleis, men svarten heller- til og med eg må jo vere litt vågal og crazy innimellom ikkje sant?

Morgonar som i dag gir meg håp om betre tider, sjølv om eg er meir født realist enn optimist.

Men det kan tyde på at vi har gjort nokre grep som er i ferd med å sende oss i rett retning.

Ei retning av å igjen ta makta tilbake over natta, og den uhyre viktige søvnen.

Søvnen til gutane, som legg grunnlaget ilag med tilrettelegginga i kvardagen, for kva dei kan lære i dag, oppleve i dag, kjenne av meistring, men like viktig kva dei kan klare å lære av handtering av det som kanskje blir vanskeleg.

For like viktig som meistring er det å snu negative opplevingar til meistring, nettopp fordi ein klare å takle det.

Og, utan søvn har ein på mange måtar allereide blitt satt i fengsel, og det er utruleg fort at ein i prosessen med å klare å meistre noko faktisk berre rykke tilbake til start.

Eg veit ikkje om dagen i dag blir fin, men eg  har ilallefall tenkt å gjere mitt beste for at den skal bli det.

For gutane, men og for meg sjølv 🙂

No stikk eg å vekk gutane eg:)

 

Ha ein flott dag alle saman 🙂

 

<3<3 Ragne Beate